Hopp til hovudinnhald

Rapport Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2025

Kommunal sektor er ei viktig drivkraft for digital transformasjon

Cirka 571 000 personar jobba i kommunal og fylkeskommunal forvaltning i Noreg i 2024. Det er 63 prosent av alle dei tilsette i offentleg forvaltning. Ein av fem i arbeidslivet er tilsett her. Kommunal sektor forvaltar ein stor del av dei tenestene som du, eg og bedrifter møter i kvardagen.

Bildet viser ei gruppe menneske som kvar og ein blåser bobler. Nokre av dei går saman til glødane lyspærer.
Lokale initiativ kan ofte ha stort potensial, men mangel på ressursar, innverknad, nasjonal forankring eller samarbeid med andre gjer det krevjande for kommunane å vidareutvikle og dele løysingane. Måten kommunesektoren har organisert seg på skal gjera det enklare for kommunane å dele løysingar.
Ill: lieb

Det er i kommunane behovet for tenester og arbeidskraft vil auke mest framover. Derfor er samordning mellom kommunar og mellom statleg og kommunal sektor viktig. Det er ein føresetnad for at digital transformasjon skal gi reell verdi for samfunnet vårt.

Samarbeid med og innanfor kommunal sektor har vore eit gjennomgåande tema i Digitaliseringsrådet sidan starten. Fleire statlege aktørar har blitt bedt om å invitere inn og samarbeide meir med KS.

I 2022 blei samarbeidet framheva i digitaliseringsrundskrivet òg. Vi opplever likevel at kommunane blir kopla på for seint i statlege prosessar, og 357 sjølvstendige kommunar tar for mange ulike val innanfor digitalisering. Det svekker moglegheitene for effektivisering og for å skape heilskaplege tenester frå starten av.

Kommunesektoren tar grep for betre samordning

Kjetil Århus, medlem Digitaliseringsrådet
Kjetil Århus, medlem Digitaliseringsrådet og direktør for digitalisering og innovasjon Bergen kommune

Dei siste ti åra har kommunal sektor gjennomført strukturelle grep på digitaliseringsområdet. Gjennom KS er det etablert ein samstyringsstruktur som koordinerer og samordnar innsatsen, sikrar ei samla stemme og legg til rette for betre dialog med staten. Regionale digitaliseringsnettverk har gjort det enklare å dele erfaringar og bygge kompetanse lokalt, mens DigiFin gir sektoren moglegheit til å finansiere utvikling av fellesløysingar. I tillegg har fleire samarbeidsavtalar komme på plass mellom KS og staten. Dei legg meir vekt på likestilt samarbeid enn styring ovanfrå.

Den førre digitaliseringsstrategien, Én digital offentlig sektor (2019–2025), blei på mange måtar eit vendepunkt. Det var ein felles strategi for statleg og kommunal sektor, og oppfordringa om å ta med kommunane var mykje tydelegare. Det blei ei stor endring!

KS har i mange år vore den samla stemma til kommunal sektor i digitaliseringa, og rolla blei forsterka i februar 2020, då Landstinget til KS vedtok eit utvida mandat for organisasjonen si rolle i digitaliseringa av kommunal sektor. Vedtaket styrkte ansvaret til KS for å samordne og gjennomføre digitaliseringsarbeidet på tvers av kommunar og fylkeskommunar. Det innebar at KS skulle vareta og vidareutvikle samordnings- og samstyringsstrukturen for digitalisering og smart bruk av teknologi, i samarbeid med regionale digitaliseringsnettverk.

Kommunal sektor har gjennom samstyringsstrukturen og DigiFin etablert ordningar som prioriterer, finansierer og skalerer opp digitale løysingar på tvers av kommune- og fylkesgrenser.

Resultatet er mellom anna KS Digital, felles innføringsløp og ein veksande portefølje av innbyggartenester og komponentar som er utvikla éin gong og tatt i bruk av mange (f.eks. Digihelse, Digisos, DigiBarnevern, DigiOrden og Fiks folkeregister).

Vi har behandla fire saker frå ulike delar av kommunal sektor den siste tida. Vi ser dette som eit teikn på at kommunal sektor set premissar og aktivt formar retninga for digitaliseringsarbeidet.

Utviklinga dei siste åra gir kommunal sektor eit betre utgangspunkt for å ta i bruk digitale løysingar som heng saman på tvers av forvaltningsnivå. Utviklinga gir òg større tyngde, betre koordinering og sterkare innverknad på det som skjer nasjonalt.

Frå lokale initiativ til nasjonale løysingar

Som følge av ansvaret dei har for velferdstenester, og nærleiken dei har til innbyggarane, er det ofte kommunane som fangar opp utfordringar og behov i tenestene som både dei og andre leverer. Mange kommunar tar eigne initiativ for å finne løysingar på dei behova innbyggarane og brukarane har. Lokale initiativ kan ofte ha stort potensial, men mangel på ressursar, innverknad, nasjonal forankring eller samarbeid med andre gjer det krevjande for kommunane å vidareutvikle og dele løysingane.

Sakene frå kommunal sektor det siste året har hatt store og ambisiøse perspektiv, med mål om samarbeid utover eiga verksemd og eigen sektor. Det er initiativ som offentleg sektor både treng og ønsker. Men erfaringane våre viser at det er krevjande å drive fram slike satsingar aleine – sjølv når dei spring ut av regionale digitaliseringsnettverk. Fleire av initiativa har etterlyst nettopp at nasjonale aktørar tar eit tydelegare ansvar.

Sakene til DigiViken og Digitale Helgeland illustrerer behovet for nasjonal samordning og felles strukturar for oppskalering. I desse initiativa har dei gjennomført eit grundig innsiktsarbeid med eit tydeleg brukarfokus, og har identifisert behov som krev koordinering på tvers av kommunar og sektorar. I begge tilfella peikar dei på at realisering av løysingane føreset samarbeid med nasjonale aktørar. Dei etterlyser at nokon tar tydeleg eigarskap til heilskapen. Begge sakene manglar ein eigar som kan drive gode lokale initiativ fram til ei løysing i eit felles økosystem – samanhengande tenester.

Digitaliseringsrådet anbefaler at initiativ som ønsker å bli løfta til nasjonalt nivå, koplar seg på den etablerte samstyringsstrukturen for digitalisering i kommunal sektor. Strukturen skal sikre betre samordning mellom kommunane og bidra til at gode idear lokalt og regionalt kan modnast og skalast opp til nasjonale løysingar. Men erfaringane viser at kommunal samstyring aleine ikkje er nok når tiltaka går på tvers av sektorar. Det er begge dei nemnde initiativa eksempel på.

DigiViken-saka illustrerer mangelen på ein eigar som kan drive tiltaket og få fram felles behov og rammer for ei løysing for fullmakter, representasjon og samtykke. Problemstillinga dei tar opp, er godt kjend frå både statleg og kommunal sektor, som begge har arbeidd med dette over tid. Anbefalinga vår var derfor å samarbeide med KS og Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) om å styrke fakta og analysar, slik at behovet kunne underbyggast betre og løftast inn i nasjonale prioriteringar og få finansiering.

Vi treng strukturar som støttar oppskalering, aktiv modning og felles utvikling

Erfaringane våre får oss til å stille eit større spørsmål: Har Noreg dei strukturane som trengst for å sikre at vi samordnar oss godt nok på tvers av forvaltningsnivåa når behov oppstår og initiativ blir sett i gang? Utan det risikerer vi meir fragmenterte løysingar, unødvendig dobbeltarbeid og færre og dårlegare samanhengande tenester. Digitaliseringsrådet ønsker å løfte fram behovet for betre støtte og føreseielegheit i slike initiativ – og ikkje minst at det blir etablert strukturar som gjer det mogleg å skalere opp gode løysingar nasjonalt. I staden for å peike på kven som har ansvaret, bør det offentlege etablere samarbeid på tvers som sikrar at vi får gode løysingar for innbyggarane.

KS og KS Digital er nasjonale aktørar

KS Digitale fellestjenester AS (KS Digital) blei etablert som eige selskap 1. september 2023 og overtok verksemda frå området forsking, innovasjon og digitalisering i KS. Selskapet er heileigd av KS, men representativt kontrollert av kommunar og fylkeskommunar gjennom eigne eigarorgan, slik at sektoren sjølv kan utøve eigarstyring. Det legg til rette for samordning og felles utvikling framover.

Formålet er å støtte kommunal sektor i digitaliseringsarbeidet ved å utvikle og tilby fellestenester og komponentar som gir effektive, samanhengande og brukarvennlege tenester til innbyggarane. KS og KS Digital samarbeider tett om å svare på behova til kommunane, og KS Digital har hovudansvaret for gjennomføring. KS sender årleg eit oppdragsbrev til KS Digital med prioriteringar, forventningar og krav.

Bilde av rådsmedlem Brit Inger Kolset
Brit Inger Kolset, rådsmedlem i Digitaliseringsrådet og dagleg leiar, Tjenesteutvikling Kongsbergregionen
Foto: Digdir/Linda Meskestad

KS og KS Digital har vore i Digitaliseringsrådet fleire gonger det siste året, med problemstillingar knytt til tilskotsforvaltning, felles journalløft og tenesteplattforma til KS Digital. Vi erfarer at det er eit behov for sterkare samordning, tydelegare roller og meir aktiv modning av initiativa.

Digitaliseringsrådet meiner at KS Digital har ei viktig rolle å spele i kommunal tenesteutvikling. I anbefalingsbrevet skreiv vi at selskapet, saman med KS, må

  • jobbe meir med sin eigen identitet – kva dei skal vere, og kva dei ikkje skal vere
  • samle og konkretisere arbeidet og gjere spelereglane endå tydelegare og meir forståelege for alle aktørane
  • avklare roller og samspel for å unngå intern konkurranse, og mobilisere leverandørane rundt nasjonale minimumsløysingar

Eit velfungerande KS Digital vil gi samfunnet stor gevinst ved å mogleggjere effektive integrasjonar, redusere dobbeltarbeid og sikre samanhengande tenester for innbyggarane og næringslivet.

Ein OECD-rapport frå 2024 peikar på at offentleg sektor i Noreg må samarbeide meir på tvers av forvaltningsnivåa. Rapporten framhevar særleg behovet for gjenbruk av felleskomponentar. For å realisere den ambisjonen er det viktig at nasjonale fellesløysingar, for eksempel Altinn, Brønnøysundregistera og KS’ Fiks-plattform, får tilstrekkeleg støtte. Dei fungerer som byggeklossar som både statleg og kommunal sektor bør bruke i tenesteutvikling.

Skal vi lykkast med eit felles økosystem, må kommunale og statlege løysingar sjåast i samanheng. Aktørane trekke kvarandre inn i arbeidet dei gjer.

Strukturane må vere framtidsretta

Framover er det særleg fire forhold som kan bli avgjerande for digitaliseringsarbeidet til kommunesektoren: ein stadig strammare økonomi, demografi, skjerpa krav til sikkerheit og beredskap i lys av geopolitikken, og behovet for å ta i bruk kunstig intelligens på ein ansvarleg måte. OECD har understreka at Noreg må styrke koordineringa på tvers av forvaltningsnivåa for å lykkast med digital transformasjon (OECD, 2023). Desse premissane gir eit krevjande, men tydeleg rammeverk. Noreg må ta vare på strukturane som er bygd opp, med eit ønske om å optimalisere, forbetre og tilpasse. Både statleg og kommunal sektor bør analysere og justere samordninga og samstyringa kontinuerleg, slik at strukturane framleis fungerer i eit landskap i rask endring.

Eg opplever at samstyringsstrukturen står godt, men det er samtidig behov for kontinuerlege justeringar. Vi må heile tida vurdere om vi har for mange nivå og møteplassar, og om ressursbruken er berekraftig. Eg trur for eksempel KS Digital kan ta ei større rolle framover, og at nokre av dagens nettverk kan fasast inn i meir etablerte 30 arenaer. Poenget er ikkje å bygge nye lag av byråkrati, men å bevare ein struktur som blir opplevd som forståeleg, effektiv og verdiskapande.

Stat og styring publiserte nyleg ein artikkel av Gjermund Lanestedt, "Digital samhandling i beta: Når visjoner møter virkelighet i offentlig sektor", der han skriv at visjonar om heilskapleg digitalisering ofte kolliderer med fragmenterte styringssystem. Han påpeikar at om strukturane våre for samordning og modning skal fungere i praksis, må styringa ikkje vere statisk, men aktiv, fleksibel og ansvarleg for å orkestrere heilskapleg digital samhandling på tvers av nivå.

Kommunal sektor bør gjere fleire felles anskaffingar av løysingar

Kommunal sektor gjennomfører i dag nokre felles anskaffingar, men omfanget er avgrensa, og potensialet er langt større. Med "felles anskaffingar" meiner vi her at fleire kommunar går saman om å kjøpe felles løysingar eller komponentar gjennom éin felles prosess. For kvar enkelt kommune kan det framleis gi fridom til skjønnsutøving, og det kan gi lågare kostnader, mindre administrasjon og betre løysingar ved at kompetanse, forhandlingskraft og erfaring blir samla.

En baby i mors fang blir undersøkt av helsepersonell
KS har vært i Digitaliseringsrådet med fleire prosjekt, blant anna Felles Journalløft. Rådet har peika på behovet for at kommunsektoren i større grad samlar seg om felles anskaffingar i staden for å gå ut kvar og ein i marknaden.
Foto: Johnèr Bildbyrå

For kommunal sektor samla sett betyr det meir enn berre innsparingar. Det legg til rette for standardiserte løysingar som kan brukast på tvers, og som gir mindre fragmentering. Felles anskaffingar styrker evna til å løfte små og store kommunar samtidig, gjer det lettare å ta i bruk nasjonale fellesløysingar og bidrar til eit meir robust digitalt økosystem og betre samspel med statlege system.

Vi får til felles prosjekt og felles kravspesifikasjonar, men endar likevel ofte med kostbare anskaffingsprosessar. Hundrevis av kommunar går ut i marknaden samtidig, med dei same krava – og resultatet er at det framleis er dyrt på kommunenivå, og at vi framleis ikkje tar ut dei store gevinstane.

Då Digitaliseringsrådet hadde KS Digital på besøk i september 2025 om felles tenesteplattform blei det tydeleg at felles anskaffingar kan vere eit av dei mest verknadsfulle tiltaka for å realisere gevinstar i kommunal sektor. Vi anbefalte KS Digital å ta ei meir aktiv rolle som anskaffar på vegner av fleire kommunar, gjennom anten rammeavtalar eller felles prosessar. Det kan redusere kostnader, gi raskare nytteuttak og legge til rette for meir innovasjon – særleg dersom store fagsystem kan delast opp i mindre komponentar. Erfaringane frå statlege innkjøpsordningar (som Statens innkjøpssenter) viser at slike ordningar kan gi både betre prisar og sterkare forhandlingskraft.

For å ta ei slik rolle bør KS Digital undersøke og avklare kva juridisk handlingsrom selskapet har. Dei må òg trygge kommunane på at løysingane gir økonomisk gevinst og føreseielege kostnader over tid.

Vi har i veldig liten grad prøvd felles innkjøp og heilskaplege rammeavtalar. Om aktørar som KS Digital kunne gått ut i marknaden på vegner av kommunane og laga rammeavtalar som alle kunne nytte, kunne vi ha spart hundrevis av millionar på anskaffingsprosessar, og tatt mykje klokare val òg.

Kommunekommisjonen gjer ei moglegheit for endring av rammene

I mai 2025 blei det sett ned ein ny kommunekommisjon i Noreg. Kommisjonen har som oppdrag å vurdere korleis staten styrer kommunane og fylkeskommunane, med mål om å legge til rette for betre ressursbruk, fleksibel bruk av personell og meir effektiv oppgåveløysing.

Utviklingstrekka understrekar behovet for å drifte Noreg og kommunal sektor meir kostnadseffektivt og få fleire i arbeid. Kommunekommisjonen skal vurdere korleis staten styrer kommunesektoren, og mellom anna sjå på ressursbruk og oppgåvedeling. Kommisjonen skal identifisere tiltak som kan forbetre effektivitet og samordning på tvers av kommunar og mellom stat og kommune, slik at tenester blir levert på ein meir berekraftig måte.

Gjennom digital transformasjon og smartare arbeidsprosessar kan kommunane bidra til at Noreg lettare løyser utfordringane knytt til pensjon, forsvar og helse og omsorg.

Det kommunale sjølvstyret på alle felt, samstyringsstrukturen, KS Digital og KS’ rolle som interesseorganisasjon er nokre av rammevilkåra som kan hjelpe kommunal sektor, men som òg har behov for utvikling og endring.

Bør kvar enkelt kommune ha fridom til å skaffe sine eigne løysingar, eller skal ein seie at den kommunale fridommen må kunne utøvast innanfor fellesløysingar?

Digitaliseringsrådet har anbefalt KS og KS Digital å vere aktive overfor den nyleg etablerte kommunekommisjonen. Dei må seie tydeleg frå kva rammer kommunal sektor meiner bør vere på plass for at ein skal kunne ta ut verdien av og potensialet i det arbeidet som blir gjort med digital transformasjon. Dei har sjansen til å påverke det arbeidet som er starta i kommunal sektor, og dreie det i ei endå meir positiv retning.