Alle skal kunne delta i samfunnet på likeverdige vilkår. Målet er ein enklare digital kvardag for alle. Men viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg kan delta, risikerer vi å skape digital utanforskap. Løysinga er ikkje mindre digitalisering, men betre digitalisering.
Ein enklare digital kvardag – for alle
Digdir skal legge til rette for auka digital inkludering gjennom betre samordning og følgje opp regjeringas handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn.