Hopp til hovudinnhald

Endring må drivast fram Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2025

Samfunnet står overfor store utfordringar – og store moglegheiter. I erfaringsrapporten i år ser vi på korleis betre nyttestyring kan bidra til å drive fram nødvendig endring i offentleg sektor, og korleis departementa, verksemdsleiarane og kommunal sektor kan bidra til å drive fram den nødvendige endringa.

12. november 2025
Digitaliseringsrådets 10. rapport

Endring krev endring

Endringar er ikkje noko nytt, men vi må ikkje lene oss tilbake, vi må våge å gripe fatt i dei moglegheitene vi får til å stadig vekk forbetre oss.

Les leiaren frå rådsleiar Joakim Lystad

Vi får dei gevinstane vi styrer etter

Forvaltninga må styrke evna til å levere nytte, omstille seg og omdisponere ressursar. Styrkinga må skje ikkje berre i verksemdene, men på tvers av verksemder og mellom sektorar og forvaltningsnivå.

Les om korleis leiarar kan styre for å få meir nytte av digitalisering

Departementa må drive fram endring

Behovet for tydelegare og felles styring i digitaliseringsarbeidet er stort. Digitaliseringsrådet meiner at insentiva til å ta ansvar utover eigen sektor må bli sterkare om ein skal lykkast, og at departementa har eit stort ansvar for å drive endringar fram.

Les om korleis departementa kan drive fram endring

Verksemdsleiaren har ei nøkkelrolle

Verksemdsleiaren står i spennet mellom krav frå regjeringa og eitt eller fleire departement, forventningar frå eigne tilsette og behova til borgarane og næringslivet. Vi snakkar ofte med verksemdsleiarar om samspelet mellom departement og verksemd.

Les om verksemdsleiaren si rolle i å spele departementet godt

Kommunal sektor er ei viktig drivkraft for digital transformasjon

Ein av fem sysselsette i Noreg jobbar i kommunesektoren. Det er i dei kommunale tenestene mangelen på arbeidskraft treffer hardast. Samarbeid innanfor og med kommunal sektor vil vere avgjerande framover.

Les om korleis kommunal sektor er ei viktig drivkraft

Korleis jobbar vi og kven er medlemmer av rådet

Her kan du lese om korleis vi jobbar i råder. Du finn og ei oversikt over medlemmene i rådet og litt om bakgrunnen vår.

Finn ut korleis vi jobbar og kven vi er

Høgdepunkt i Digitaliseringsrådet

Digitaliseringsrådet får besøk av leiarar på rådsmøter, arrangerer erfaringsseminar og får sjansen til å delta på andre spennande aktiviteter. Vi har laga ei kronologisk tidslinje over kva som har skjedd det siste året.

Les om høgdepunkta i Digitaliseringsrådet

Tiltaka vi har behandla

Sidan oppstarten i 2016 og fram til og med oktober 2025 har Digitaliseringsrådet behandla 133 tiltak og hjelpt over 90 verksemder med råd og rettleiing.

Les om tiltaka vi har behandla