Tiltaka vi har behandla
Sidan oppstarten i 2016 og fram til og med oktober 2025 har Digitaliseringsrådet behandla 133 prosjekt og hjelpt over 90 verksemder med råd og rettleiing.
Det er stor breidde i prosjekta vi får presentert. Nokre verksemder har eit ferdig planlagt digitaliseringsprosjekt og er i gang med gjennomføring når dei kjem til oss. Andre kjem på eit langt tidlegare tidspunkt i prosessen. Nokre ønsker rettleiing på oppdrag dei har fått av departementet sitt. Det er og fleire som ønsker råd i prosessen med å skrive satsingsforslag til statsbudsjettet.
Artsdatabanken kom til Digitaliseringsrådet i oktober 2025. Her frå Artsprosjektet som samlar inn kunnskap om artar.
KS har vært i Digitaliseringsrådet med fleire prosjekt, blant anna Felles Journalløft. Rådet har peika på behovet for at kommunsektoren i større grad samlar seg om felles anskaffingar i staden for å gå ut kvar og ein i marknaden.
Norsk filminstitutt kom til Digitaliseringsrådet i juni 2025.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Oversikt med kostnadsoverslag
Her får du ei oversikt over alle prosjekt som vi har behandla. Du finn informasjon om verksemda, departementsområdet og prosjektstorleiken.
Det er verksemda sitt kostnadsoverslag for å gjennomføra prosjektet som er lagt til grunn. Overslaget er foreløpig og usikkert fordi prosjekta er i ei tidleg fase når dei kjem til oss. Nokre overslag gjeld berre for forprosjektet.
Prosjekt som kostar mindre enn 25 millionar kroner reknar vi som eit lite prosjekt. Dei middels store prosjekta har ein kostnad på mellom 26 og 200 millionar kroner, mens dei store kostar over 200 millionar kroner. Nokre av prosjekta i oversikten er i ein så tidleg fase at dei ikkje har noko kostnadsoverslag.
Kva gir vi råd om, og kva spør verksemdene om?
Vi ber verksemdene om å sende oss konkrete problemstillingar og spørsmål som dei vil diskutere med oss. Dette ber vi om når dei sender oss dokumentasjon på tiltaket sitt. På den måten tilpassar vi behandlinga i rådsmøtet til verksemda sine behov.
Vi vurderer dokumentasjonen verksemdene sender oss i lys av seks faglege tema som vi meiner er sentrale for å lykkast med digitaliseringsprosjekt. Dette er:
- organisering og styring av prosjektet
- behov, mål og løysing
- risiko og risikostyring
- gevinst og gevinstrealisering
- konkurransestrategi og samarbeid med leverandørar
- IT-politiske føringar
Frå starten i 2016 og fram til og med september 2025 har vi fått 434 spørsmål frå verksemdene og gitt 968 konkrete anbefalingar tilbake. Tema som verksemdene tar opp seier noko om kva som er utfordrande. Tema vi gjer råd om gjer eit bilete av kva vi meiner at verksemdene bør jobba meir med.
Figuren under viser korleis spørsmåla frå verksemdene og våre anbefalingar fordeler seg prosentvis på dei seks temaa som er sentrale for å lykkast med ein digitaliseringsprosess.
Det er områda "organisering og styring" og "behov, mål og løysing" som oftast er er diskutert. Vel tre av fire spørsmål og anbefalingar har dreid seg om desse to temaa sidan Digitaliseringsrådet vart oppretta i 2016. Dei siste åra har også dei fleste anbefalingane handla om desse områda.
Den største skilnaden mellom kva leiarane ønsker å diskutere med oss og kva vi faktisk gjer råd på, dreier seg framleis om temaet "behov, mål og løysing". 27 prosent av spørsmåla vi får handlar om dette, mens heile 39 prosent av anbefalingane våre handlar om "behov, mål og løysing".
Kva handlar organisering og styring om?
Organisering og styring handlar om korleis verksemda legg opp til å gjennomføre prosjektet sitt. Korleis har dei delt prosjektet opp i fasar? Korleis styrer dei prosjektet? Når og korleis involverer dei brukarane? Kva er gjennomføringsstrategien?
Dette er nokre viktige anbefalingar vi har gitt det siste året:
- Bygg ein kultur for involvering og tillit
- Sikra at de har tilstrekkeleg juridisk kompetanse
- Ta tydeleg eigarskap til programmet og sørg for strategisk styring
- Ta initiativ til eit tverrsektorielt digitaliseringsforum
Kva handlar behov, mål og løysing om?
Dette temaet handlar om verksemda har eit klart bilete av kven brukaren er, kva som er behovet til brukaren, korleis dei skal involvere brukarane i prosessen, kva som er målet med prosjektet og korleis dei nye løysingane støtter opp under måla.
Dette er nokre viktige anbefalingar vi har gitt det siste året:
- Fortel tydeleg kva de skal gjera og kvifor
- Jobb vidare med det langsiktige målbiletet
- Vurder alternative løysingskonsept
- Ver medvitne i bruken av KI