Endring krev endring
Då eg i si tid sa til mor mi på 95 år at samfunnet endrar seg raskare og meir radikalt enn nokon gong, smilte ho overberande og sa meg imot:
"Min generasjon opplevde at man plutselig kunne snakke sammen på avstand gjennom en telefon. Det at du kan gjøre det uten ledning, er da kun en liten justering. Min generasjon opplevde at man kunne fly i luften, en dramatisk fornyelse av samferdselen. Og min generasjon opplevde at kongen snakket til oss nyttårsaften i radio. Det at du i tillegg ser han, er jo også bare en justering."
For meg blei dette ei erkjenning av at omgivnadene endrar seg heile tida. Det betyr ikkje at vi kan lene oss tilbake og berre la det skje. Vi må endre oss tilsvarande, gripe tak i moglegheitene og heile tida førebu oss på det nye som kjem.
Det siste året har spesielt to rammevilkår gjort seg gjeldande, nemleg det globale trusselbildet og generativ KI:
- Det globale trusselbildet endrar seg stadig. Noreg har som ambisjon å auke forsvarsutgiftene til 5 prosent av BNP innan cirka 2035. Basert på forventa inflasjon og endring i BNP inneber det ein auke på rundt 100 milliardar kroner (2025) frå årets budsjett på cirka 172 milliardar kroner. Det vil påverke rammene for dei andre sektorane.
- Utvikling av generativ KI gir nye moglegheiter for digital transformasjon og effektivisering, men det fører med seg nye utfordringar òg.
Desse momenta kjem i tillegg til andre endringar i rammevilkåra vi må forhalde oss til:
- Færre barn og fleire eldre gir strammare budsjettrammer.
- Stagnasjon og etter kvart reduksjon i talet på yrkesaktive vil gjere det utfordrande å rekruttere nok tilsette med rett kompetanse til å dekke det aukande behovet i helse- og omsorgssektoren og behovet i arbeidslivet elles.
- Statens pensjonsfond utland vil få tilført færre pengar frå petroleumssektoren framover. Det gjer at bidraget frå fondet til statsbudsjettet vil auke mindre per år enn det har gjort til no.
Dette er den tiande erfaringsrapporten frå Digitaliseringsrådet. I denne rapporten er endring den raude tråden.
Ein får dei gevinstane ein styrer etter
Teknologioptimismen i både perspektivmeldinga og digitaliseringsstrategien er tydeleg. Digitalisering er ei av løysingane på utfordringane som kjem framover. Samtidig har staten utfordringar med å ta ut alle gevinstane av digitalisering.
Under Digitaliseringskonferansen 2025 peika finansråd Lars-Henrik Myrmel-Johansen på at forslaga til IT-satsingar ofte handlar meir om vidareføring av dagens tenester enn om effektivisering som gir innsparingar. Det er ikkje unaturleg i og med at mange system nærmar seg slutten av levetida, men det betyr òg at mange store investeringar gir avgrensa ny nytte.
I forslaget til statsbudsjettet for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i 2026 er ein òg inne på dette: "Erfaringane så langt viser at produktivitetsgevinstane i hovudsak har blitt nytta til betre tenester, og ikkje færre tilsette eller innsparingar. Framover må produktivitetsauken i større grad takast ut i form av færre tilsette eller redusert behov for nytilsettingar."
Den politiske gevinsten av ei investering blir ofte oppnådd når ein vedtar å gjere investeringa, og ikkje når ho er gjennomført. Realisering eller ikkje-realisering av nytte får ikkje den same offentlege merksemda. Det fører til at verksemda som skal gjennomføre investeringa, ikkje blir følgt tilstrekkeleg opp på det systematiske og langsiktige arbeidet med nytterealisering. Vi opplever at ein har større merksemd på kostnadsstyring enn på nyttestyring. Vi høyrer òg flinke leiarar snakke om at dei i større grad må klare å halde dei digitale løysingane sine ved like utan å be om pengar til å skifte dei ut.
Kvar bør staten leite etter effektivisering?
Finansråden hadde òg ei interessant påpeiking av korleis dei vel tre millionar jobbane i landet fordelte seg. Over to og ein halv million av dei er i privat og kommunal sektor. For statlege verksemder bør det derfor vere heilt avgjerande å leite etter tiltak som effektiviserer dei to sektorane. Jakt på effektivisering av eigne driftsutgifter har ikkje den same verknaden.
Gode leiarar blir endå viktigare
Toppleiarar står i eit kryssingspunkt mellom krav frå eige departement, føringar frå andre fagdepartement, tverrsektorielle strategiar og handlingsplanar, forventningar frå brukarar, hendingar i samfunnet og forventningar frå eigen organisasjon. Dei har ansvar for alt – utan å kunne vere heilt trygge på noko. Det gjer det ikkje enklare at digital transformasjon er abstrakt og vanskeleg, og at dei no må ta omsyn til globale truslar òg i taktiske og strategiske vegval.
Men det vanskelege er utfordrande og spennande òg. Du må bli ein endå betre versjon av deg sjølv. Alle dei viktige eigenskapane til ein god leiar gjeld framleis, berre endå meir.
Kven tar avgjerda om å akseptere risikoen?
Endring inneber meir risiko enn stillstand gjer. Men stillstand inneber ein gradvis aukande risiko som til slutt blir uhaldbar når omgivnadene og rammevilkåra har forandra seg mykje. Verksemder må derfor ta endringsrisiko. Den risikoen må kommuniserast tydeleg overfor dei tilsette, eigarane og omverda. I Digitaliseringsrådet spør vi ofte verksemdene kven som har tatt eller skal ta avgjerda om å akseptere risikoen for den endringsreisa dei beskriv for oss. Det er ikkje alltid avklart. For store endringsreiser kan ein tenke seg at ein etatsleiar burde seie følgande: "Kjære statsråd, dette prosjektet vil mest sannsynleg betre effektiviteten og tenestekvaliteten vår. Men som alltid er det ein liten risiko for at prosjektet feilar. Vil du ta den risikoen?"
Forsterka styring av verksemder som deltar i samarbeid
I digitaliseringsstrategien til regjeringa er det snakk om fem føresetnader som må vere på plass for at ein skal nå måla. Ein av dei er å forsterke styringa og samordninga i offentleg sektor. I Digitaliseringsrådet kjenner vi oss igjen i denne føresetnaden. Vi trur det bør gjerast ein pilot der pengane og avgjerdsmynda blir samla hos éi av verksemdene som deltar i eit samarbeid. Oppdraget må vere å tenke og gjennomføre heilskap for alle. Dei andre verksemdene som er med i samarbeidet, må delta med kompetansen sin og kanskje få ein slags innvendingsrett viss toppleiaren meiner det blir for gale. Vi er glade for at Digitaliseringsdirektoratet har foreslått noko liknande overfor Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.
Dette er omtalt meir generelt i forslaget til statsbudsjettet for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i 2026 òg: "I digitaliseringsstrategien er forsterka styring og samordning definert som eit strategisk mål. For å nå målet må vi ta i bruk verkemiddel innan organisering, finansiering, regelverk og kompetansebygging."
Global usikkerheit fører til nye dilemma
Uvisse om kva politikk den nye amerikanske administrasjonen ville føre frå januar 2025, skapte nye eller forsterka gamle problemstillingar knytt til programvareplattformer, skyløysingar og konsekvensar av KI-bruk. Uvissa kom på toppen av den endra sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa som følge av krigen i Ukraina og tilfelle av hybrid krigføring. I Digitaliseringsrådet opplever vi at vi har fått heilt nye dilemma i fanget:
- Korleis handterer vi manglande samsvar mellom sikkerheitskrav og sikkerheitskompetanse i verksemdene?
- Korleis finn vi balansen mellom brukarvennlegheit og sikkerheitsrisiko i samanhengande tenester?
- Kan sårbare data leggast i skya eller ikkje? Kven har tilgang til dataa våre? Kva data slettar vi viss krig truar og fienden ikkje må få tak i dei, og kvar oppbevarer vi resten av dataene?
- Korleis vil KI utvikle seg?
Takk til sekretariatet!
Digitaliseringsrådet har vore så heldig å få sekretariatstenester frå Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) i 2025 òg. Sekretariatet lagar forslag til refleksjonspunkt til møta med verksemdene, lagar utkast til gode anbefalingsbrev og utfører all nødvendig administrasjon og praktisk oppfølging. Vi rettar ein stor og varm takk til Digdir og sekretariatet.
Du er velkommen til rådet
Som tidlegare håper vi du har lyst til å bruke Digitaliseringsrådet. Kanskje du les denne rapporten og kjenner deg igjen i det vi skriv om digitalisering og digital transformasjon? Ta kontakt, vi er her for deg.