Hopp til hovudinnhald

Dilemmatrening innen informasjonssikkerheit

Dilemmatrening er eit verktøy for kompetanse- og kulturutvikling. For å hjelpe verksemder med å auke kompetansen og utvikle kulturen innan informasjonssikkerheit, har vi utvikla ei dilemmatrening.

Kompetanse- og kulturutvikling er ei viktig brikke i det systematiske arbeidet med informasjonssikkerheit. Dei tilsette i verksemda må ha naudsynt kompetanse, vere bevisste på kvifor informasjonssikkerheit er viktig og ha ferdigheiter til å kunne utføre arbeidet sitt i tråd med denne kompetansen.

Ved å jobbe kontinuerleg med slik kompetanseutvikling, støttar ein opp om ein god sikkerheitskultur i verksemda.

Tre personer sitter rundt et bord

Kva kan dilemmatreninga hjelpe med?

Dilemmatreninga er eit fleksibelt opplæringsverktøy som bidreg til å skape refleksjon blant leiarar og dei tilsette om:

  • kva informasjonssikkerheit er
  • kvifor krav til informasjonssikkerheit gjeld for dei
  • kva informasjonssikkerheit inneber for deira arbeidsoppgåver
  • ulike syn på informasjonssikkerheit

Målet med dilemmatreninga er å gjere verksemda betre rusta til å møte og handtere informasjonssikkerheitstruslar.

Kva består dilemmatreninga av?

Dilemmatreningsverktøyet består av ein duk, dilemma, perspektivkort og hjelp til korleis ein kan ta dette i bruk. Dette kan lastast ned og skrivast ut for fri bruk. Dilemmaa kan tilpassast eiga verksemd, de kan også skrive eigne dilemma.

Har du spørsmål eller ønsker hjelp til å ta dette i bruk, kontakt oss

Kompetansemiljø for informasjonssikkerhet