Digitaliseringsrådets erfaringsrapportar og erfaringsseminar

I erfaringsrapportane våre kan du sjå kva for erfaringer vi har gjort av prosessane med rådgjeving. Vi presenterer rapporten på årlege erfaringsseminar. Her finn du rapportar og opptak frå seminara.

Digitaliseringsrådet toppillustrasjon kampanje 2021

2021

«Jakt på fornyelse!» er Digitaliseringsrådet si oppfordring til leiarar i den digitale erfaringsrapporten for 2021.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 20. oktober 2021:

Brukeren settes i sentrum når det samarbeides på tvers
Øyvind Hovland

2020

Erfaringsrapporten frå 2020 handlar om at for at vi skal lukkast med å skape gode, heilskaplege og samanhengande tenester, så må vi tenke som brukaren, ikkje på brukaren.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret i 2020:

2019

Erfaringsrapporten frå 2019 handlar om kva som skal til for å lykkast med å få med seg dei ei endring får følgjer for. Digitaliseringsrådet utfordrar leiarar til å fortelje den gode historia.

Bildet viser en lunch-stripe om historiefortelling for å få med mellomledere
Lunch © Børge Lund, distr. strandcomics.no

Her finn du opptak frå erfaringsseminaret i 2019:

2018

Erfaringsrapporten frå 2018 syner at det er stor variasjon blant aktørane på vegen mot ei meir smidig framtid.

Her finn du opptak frå erfaringsseminaret 17. oktober 2018:

2017

I erfaringsrapporten frå 2017 bruker Digitaliseringsrådet omgrepet «gordiske knutar» for å symbolisere dei tre områda som mange verksemder slit med: samarbeid på tvers, gevinstrealisering og fornying.

2016

Digitaliseringsrådet blei oppretta i 2016. I den første erfaringsrapporten summerer rådet opp korleis oppstarten har vore og kva for anbefalinger som gjekk igjen i rådet sin dialog med verksemdene.