Hopp til hovudinnhald

Høgdepunkt i Digitaliseringsrådet

I løpet av eit år skjer det mykje spennande i Digitaliseringsrådet. Her kan du lese meir om våre høgdepunkt.

2. november 2022: Erfaringsseminar

2. november lanserte vi erfaringsrapporten for 2022 Samarbeid fra ord til handling. Rådsmedlem Jan-Olav Styrvold presenterte høgdepunkta frå rapporten. Kathrine Myhre, direktør i Patentstyret og Mariann Hornnes, direktør i Direktoratet for e-helse heldt innlegg. Dei deltok og i samtale med rådsmedlem May Liss Wasmuth.

10. november 2022: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Tema for møtet var arbeidet med Digital gravferdsmelding. Dette er eit delprosjekt i livshendiga dødsfall og arv. Prosjektet er støtta av medfinansieringsordninga.

8. desember 2022: Rådsmøte

Rådet hadde besøk av to verksemder: Brønnøysundregistrene og Medietilsynet. Brønnøysundregistrene ville ha innspel til arbeidet med livshendinga starte og drive en bedrift. Medietilsynet ville ha gode råd til korleis dei kan få delt data og analysar til målgruppene deira.

15. mars 2023: Rådsleiar på besøk i Klima- og miljødepartementet (KLD)

Digitalisering er eit viktig virkemiddel for å nå klimamålsetjingane. Rådsleier Svein Kristensen og delar av sekretariatet besøkte KLD for å fortelle om rådets tilbod til departementet og verksemdsleiarane i sektoren. Det var ei interessert forsamling og vi fekk ein fin dialog om samarbeid på tvers og korleis rådet kan støtte leiarane i arbeidet deira.

22. mars 2023: Den store konferansedagen

Rådsleiar Svein Kristensen var invitert til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) sitt kundeforum i Stavanger. Over 500 deltakarar fekk høyre Svein snakke om digitaliseringsutfordringar i offentlig sektor.

Samtidig deltok rådsmedlem Ann Merethe Lysø Sommerseth på ei samling i regi av DigiTrøndelag. Ho snakka om korleis data kan bli lønnsame for brukaren.

23. mars 2023: Rådsmøte

Kulturdirektoratet besøkte Digitaliseringsrådet. Dei hadde med seg den eine samarbeidsparten sin - Arkivverket. Dei ville drøfte eit konsept til digital langtidsbevaring av museas samlingar.

25. april 2023: Partnerforum

Rådsmedlem Alv H. Sørland heldt innlegg på Partnerforum si samling Bedre offentlige tjenester med brukeren i sentrum. Alv snakka om korleis brukaren har behov som gjer at fleire offentlege verksemder må samarbeide for å løyse behova.

3. mai 2023: Rådsleiar på Skates fagsamling

Rådsleiar Svein Kristensen deltok på Skate si fagsamling. Han snakka om Digitaliseringsrådet sitt arbeid og erfaringar. Eit tema som vart drøfta var forventningar til den nye digitaliseringsstrategien.

6. juni 2023: Innlegg på samling for fylkeskommunane

Rådsmedlem Ann Merethe Lysø Sommerseth heldt innlegg til representantar frå alle fylkeskommunane. Dei var samla for å dele og diskutere digitaliseringsutfordringar. Ann Merethe snakka om korleis brukarbehov får ein sentral plass i utvikling av digitale tenester.

24. august 2023: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av to prosjekt. Brønnysundregisteret hadde med seg samarbeidspartnarene sine Lotteri- og stiftelsestilsynet og Oslo kommune. Dei ville diskutere arbeidet med tiltaket digital økosystem for deling av data om frivillige verksemder. Kulturdirektoratet kom med heile leiargruppa si for å diskutere arbeidet med å innføre ny systemstøtte (NYSS). Både Kulturdirektoratet og Brønnøysundregistra er tildelt midlar frå medfinansieringsordninga i 2023.

21. september 2023: Rådsmøte

Digitaliseringsrådet hadde besøk av to verksemder. Folkehelseinstituttet ville diskutere deira satsing for å tilby data om blant anna folkehelse til kommunane. Dette er eit samarbeidsprosjekt med kommunesektoren. Nasjonal sikkerhetsmyndighet ville diskutere arbeidet med portal for samla informasjon og anbefalinger om digital sikkerheit.