Hopp til hovudinnhald

Medlemmene i Digitaliseringsrådet

Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.

For leiarane var det nyttig å reflektere rundt problemstillingar med ei så samansett og kompetent gruppe.

Portrettbilde av Joakim Lystad, leder i Digitaliseringsrådet fra 2024

Rådsleiar, Digitaliseringsdirektoratet Joakim Lystad

Joakim Lystad er leiar av Digitaliseringsrådet. Han har 30 års leiarerfaring. 12 av desse åra som toppleiar i Mattilsynet og Arbeids- og velferdsetaten (NAV). Han er utdanna naturforvaltningskandidat frå nåverande NMBU. På slutten av 80-talet var han med å bygge opp eit norsk dotterselskap av eit amerikansk programvarefirma. Både i Mattilsynet og NAV leia han omfattande digitaliseringsprosjekt og erfarte kva gevinstar og utfordringar dette kan gje for verksemdene. Lystad er oppteken av at verksemdene må meistre dei organisatoriske og personalmessige endringane som ofte er ei forutsetning for vellykka digitalisering.

Spisskompetanse: Leiing, styring, endring, strategi og samarbeid.

Magne Jørgensen, medlem Digitaliseringsrådet

Professor, OsloMet / Universitetet i Oslo Magne Jørgensen

Jørgensen har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Metropolitan Center for Digital Engineering, leiar av EDOS-programmet (Effektiv Digitalisering av Offentlig Sektor), og professor ved OsloMet og Universitetet i Oslo. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter.

Spisskompetanse:

    leiing av digitaliseringsprosjekt nyttestyring/gevinstrealisering, særlig i gjennomføringsfasen kost/nytte og usikkerheitsanalysar smidige forretnings- og utviklingsprosessar
Portrettbilde av Kjetil Århus - medlem i Digitaliseringsrådet siden 2016

Direktør for digitalisering og innovasjon, Bergen kommune Kjetil Århus

Århus har jobbet med IKT og digitalisering i offentlig sektor siden 2007. Fra 2011 har han vært direktør for området i Bergen kommune. Han har vært initiativtaker og pådriver til kommunesektorens digitaliseringsnettverk og er leder for DigiVestland for Vestland kommunene. Han har roller i kommunesektorens sentrale samstyringsstruktur, er medlem i KommIT-rådet og KS sitt digitaliseringsutvalg. Og han har vært medlem i KDD/ Digdir sitt Digitaliseringsråd siden opprettelsen i 2016.

Bildet viser Ann Merethe Lysø Sommerseth, medlem av Digitaliseringsrådet

CEO, ANEO Industry AS Ann Merethe Lysø Sommerseth

Sommerseth har lang erfaring som forretningsleiar innan innovasjon, digitalisering og kommersialisering av teknologi i privat sektor. I 2022 leia ho fram eit datterselskap frå forretningsidè til marknad i TrønderEnergi. Selskapet heiter ANEO Industry AS og leverer løysinger for energieffektivisering og nullutslipp gjennom bærekraftige forretningsmodellar. Ann Merethe er dagleg leiar i det nye selskapet.

Ann Merethe har blant anna ein master i Executive Management og har vært dagleg leiar for eit konsulentselskap i Trondheim, EGGS Design, som leverer tenester innan design og digitalisering. Ho er foredragshaldar og strategisk rådgjevar innan innovasjon og design thinking. Ho har mange år erfaring frå digital banking i Tieto Evry der ho har leia fleire digitale innovasjonar for bank og finanssektoren.

Spisskompetanse:

    ein entreprenør, teknologi-entusiast og "design-thinker" som er spesielt oppteken av at teknologi støttar oppunder brukarbehov ser det store biletet, og har samtidig fokus på at ein brukar rett metodikkar for å lukkast i ein konkurranseutsett marknad
Portrettbilde av May Liss Wasmuth - medlem i Digitaliseringsrådet siden 2020

Prosjektleiar, KSAT (Kongsberg Satellite Services) May Liss Wasmuth

Wasmuth er sivilingeniør i informatikk frå Universitetet i Tromsø, og har ein MBA frå Santa Clara University i California. Ho har jobba med utvikling av sjølvbetente løysningar og digitalisering i bank og finans i 10 år. Ho har vidare jobba med utvikling av verdikjeder og infrastruktur både innanfor telekom og helsesektoren. I dag jobbar ho som prosjektleiar i KSAT (Kongsberg Satellite Services) for å byggje opp eit nettverk av internasjonale bakkestasjonar for satelittkommunikasjon.

Spisskompetanse:

digitalisering og innovasjon

fokus på kundeperspektivet i løysinga

korleis kombinasjonen teknologi og bruk gjer meirverdi

Sven Marius Urke, medlem Digitaliseringsrådet

Direktør, Domstoladministrasjonen (DA) Sven Marius Urke

Urke har vært direktør for Domstoladministrasjonen (DA) sidan 2014. DA er den administrative overbygginga for alle domstolane i landet, med ansvar for mellom anna utvikling og drift av kostnadseffektive, brukarvenlege, sikre og stabile IT-løysingar for domstolane. Før han kom til DA arbeidde han med internasjonal bistand til justissektoren på Balkan, særleg med planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt som ei transformerande kraft i utviklinga av domstolane, domstoladministrasjonen og påtalemakta i Bosnia og Herzegovina.

Spisskompetanse:

    utvikling av digitale tenester med brukaren i sentrum verksemdsutvikling gjennom bruk av teknologi/IT planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt sett frå verksemdsleiar sitt perspektiv
Portrettbilde av Kristine Aasen, medlem i Digitaliseringsrådet fra 2024

Kommunikasjonsdirektør, Brønnøysundregistrene Kristine Aasen

Kristine Aasen har i heile si profesjonelle karriere jobba med digitalisering, innovasjon og ny teknologi. Dette har ho gjort i ulike roller hos IBM, Digitaliseringsdirektoratet og no som kommunikasjonsdirektør ved Brønnøysundregistrene. Ho har utdanninnga si frå BI Norwegian Business. Kristine brenn for ei berekraftig samfunnsutvikling der digitalisering er eit viktig og kraftfullt verktøy.

Ho er svært engasjert i tema knytta til digital innovasjon og har halde ei rekke foredrag om temaet. Kristine har eit glødande engasjement for å løyse komplekse utfordringer i både offentleg og privat sektor.

Portrettbilde av Britt Inger Kolset. Medlem i Digitaliseringsrådet fra 2024

Dagleg leiar, Tjenesteutvikling Kongsbergregionen Britt Inger Kolset

Britt Inger Kolset har jobba med IKT og digitalisering i kommunar i ei årrekke. Frå 2007 som koordinator for Kongsbergregionens digitaliseringssamarbeid og frå 2021 som dagleg leiar for tjenesteutvikling i Kongsbergregionen. Kongsbergregionen består av 8 kommunar som har etablert eit samarbeid for framtidsretta gode tenester for regionens innbyggare.

Ho har brei erfaring frå kommunalt samarbeid om digitalisering og har blant anna vore pådrivar og initiativtakar til utvikling av nokre løysingar som er delt med andre kommunar. Gjennom arbeidet i regionen er ho tett på kommunane og har god innsikt i den kommunale kvardagen.

Portrettbilde av Lucie Aunan - medlem i Digitaliseringsrådet fra 2024

Divisjonsdirektør, Helsedirektoratet Lucie Aunan

Lucie Aunan har snart 30 års erfaring med digital transformasjon av viktige samfunnsprosessar. Ho har jobba 15 år i Skatteetaten med ansvar for forretningsutvikling, innovasjon og som prosjekteigar for fleire av skatt sine største digitaliseringsprosjekt. Tidlegare har ho jobba fleire år med digitalisering og endring av arbeidsprosessar i domstolane. No leier ho divisjon tenesteutviklng i Helsedirektoratet og har ansvar for å tilrettelegge for at informasjon kan følgje pasienten på tvers av aktører og forvaltningsnivå og at helsepersonell for tilgang til nødvendig informasjon når dei treng det.

Aunan har lang erfaring med å balansere politiske krav til gode og forutseielege avgjerdsgrunnlag samtidig som ein jobbar smidig og lærer underveis.

Portrettbilde av Nadine Ramsberg medlem i Digitaliseringsrådet fra 2024

CPO (Chief product officer), 24SevenOffice Nadine Ramsberg

Nadine Ramsberg har jobba med tenestedesign, produktleiing og endringsprosessar i 10 år. Ho har erfaring som konsulent frå blant anna Webstep der ho bidro til etableringa av UX- og tenestedesign som fagområde. Ho har hjelpt både private og offentlege verksemder med endring og utvikling knytta til digital omstilling. Frå 2022 har ho jobba med produktleiing og utvikling av programvare som teneste (SaaS) i norske skaleringsselskap.

Ramsberg har mastergrad i Digital Management. Ho har starta og dreve fagsamlingar for designere i Stavanger og helde foredrag og forelsingar om design og innovasjon. Ho var på vinnarteamet i DOGAs innovasjonskonkurranse "Gnist" i 2021 og blei samme år kåra som ei av Noregs 50 framste kvinner i teknologi.

Sekretariatet

Rådets sekretariat førebur saker for rådet og tar hand om den praktiske oppfølginga. Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for sekretariatet.

  • Elin Oksavik (sekretariatsleder)
  • Hans G. Nilsson
  • Mette Louise Mannsåker
  • Anne Kristine Hanevold
  • Jorunn Eriksson