Hopp til hovudinnhald

Digitaliseringsrådets erfaringsrapportar og erfaringsseminar

I erfaringsrapportane våre kan du sjå kva for erfaringer vi har gjort av prosessane med rådgjeving. Vi presenterer rapporten på årlege erfaringsseminar. Her finn du rapportar og opptak frå seminara.

Illustrasjonen viser eit podium med personar av ulike brukarar av digitale løysingar. Rundt desse er kokken ksom kjem med ferdige kaker som er testa og forbedra. Kaptein Supersmidig (den smidige leiaren) spring også mot brukarane. Det er også ein bil med de fire sjåførar som køyrer i same retning. Dette er regjeringa som styrer farten.
Ill: lieB.no

2023

"Meir fart mot betre løysingar" er temaet for erfaringsrapporten i 2023.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 1. november 2023:

Presentasjoner for nedlasting

Folk som samarbeider mot en digital framtid
lieB.no

2022

"Samarbeid - fra ord til handling!" er temaet for erfaringsrapporten i 2022.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 2. november 2022:

Digitaliseringsrådet toppillustrasjon kampanje 2021
lieB.no

2021

«Jakt på fornyelse!» er Digitaliseringsrådet si oppfordring til leiarar i den digitale erfaringsrapporten for 2021.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret 20. oktober 2021:

Brukeren settes i sentrum når det samarbeides på tvers
Øyvind Hovland

2020

Erfaringsrapporten frå 2020 handlar om at for at vi skal lukkast med å skape gode, heilskaplege og samanhengande tenester, så må vi tenke som brukaren, ikkje på brukaren.

Opptak frå lanseringa av rapporten på erfaringsseminaret i 2020:

2019

Erfaringsrapporten frå 2019 handlar om kva som skal til for å lykkast med å få med seg dei ei endring får følgjer for. Digitaliseringsrådet utfordrar leiarar til å fortelje den gode historia.

Bildet viser en lunch-stripe om historiefortelling for å få med mellomledere
Lunch © Børge Lund, distr. strandcomics.no

Her finn du opptak frå erfaringsseminaret i 2019:

2018

Erfaringsrapporten frå 2018 syner at det er stor variasjon blant aktørane på vegen mot ei meir smidig framtid.

Her finn du opptak frå erfaringsseminaret 17. oktober 2018:

2017

I erfaringsrapporten frå 2017 bruker Digitaliseringsrådet omgrepet «gordiske knutar» for å symbolisere dei tre områda som mange verksemder slit med: samarbeid på tvers, gevinstrealisering og fornying.

2016

Digitaliseringsrådet blei oppretta i 2016. I den første erfaringsrapporten summerer rådet opp korleis oppstarten har vore og kva for anbefalinger som gjekk igjen i rådet sin dialog med verksemdene.