Skate-møte 16. juni 2021 - referat

På agendaen stod korleis utnytte Digital Europe Programme i den nasjonale innsatsen under regjeringa sin digitaliseringsstrategi, oppfølging av styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar, status i arbeidet med etablering av arenaer innanfor konsultasjonsordninga, Skate si saksliste neste halvår og nytt toppleiarseminar for Skate.

På denne sida

    Møtestad: Digitalt via Microsoft Teams
    Møtetid: kl. 08:30 - 11:30

    Deltaking

    Medlemmar av Skate

    • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
    • Inga Bolstad, Arkivverket
    • Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
    • Kari Befring Bjørnstad pva. Per-Arne Horne, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
    • Karl Stener Vestli, Direktoratet for e-helse (eHelse)
    • Roar Vevelstad, Halden kommune
    • Johnny Welle, Statens kartverk (Kartverket)
    • Kristin Weidemann Wieland, KS
    • Jonas Slørdahl Skjerpe pva. Hans Christian Holte, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
    • Vidar Holmane pva. Sølve Monica Steffensen, Oslo Kommune
    • Catherine Janson pva. Benedicte Bjørnland, Politidirektoratet (POD)
    • Nina Schanke Funnemark, Skatteetaten
    • Geir Axelsen, Statistisk sentralbyrå
    • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

    Deltaking på saker

    • Knut Bjørgaas, Digdir, Alle saker
    • Hilde Erlandsen, Norges forskningsråd, sak 10/21
    • Elisabeth Svanholm Meyer, Innovasjon Norge, sak 10/21
    • Asbjørn Finstad, KS, sak 13/21

    Sekretariat

    • Jan Sørgård, Digdir
    • Rune Karlsen, Digdir
    • Silje Johansen, Digdir

    Saksliste

    Faste saker

    Saker til behandling

    • 10/21 Digital Europe Programme (DIGITAL) – Korleis utnytte DIGITAL i den nasjonale innsatsen under regjeringa sin digitaliseringsstrategi? – Råd frå Skate
      Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas i samråd med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd
    • 12/21 Oppfølging - Styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar
      Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
    • 13/21 Status i arbeidet med å etablere arenaer innanfor konsultasjonsordninga
      KS/Kristin Weidemann Wieland
    • 14/21 Skate si saksliste neste halvår og nytt Skate sitt toppleiarseminar
      Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Merknad

    • Sak 11/21 frå Koordineringsorganet for ID-forvaltning (KoID) vart trekt av saksansvarleg før Skate-møtet.

    Orienteringssaker

    • Nytt Skate-medlem frå Oslo kommune
    • Digdir sine anbefalingar til KMD om neste års Digitaliseringsrundskriv

    Eventuelt

    • Ny avtale med e-ID-leverandørar under ID-porten

    Faste saker

    Godkjenning av agenda 16.06.2021

    Agendaen vart godkjent.

    Godkjenning av referat 17.03.2021

    Referatet vart godkjent.

    Godkjenning av referat frå Skate sine fagdagar 5.5.2021-6.5.2021

    Referatet vart godkjent.

    Saker til behandling

    10/21 Digital Europe Programme (DIGITAL) – Korleis utnytte DIGITAL i den nasjonale innsatsen under regjeringa sin digitaliseringsstrategi? – Råd frå Skate

    Digdir/Knut Bjørgaas i samråd med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 10-21 Saksfremlegg - Digital Europe Programme (DIGITAL)
    • Sak 10-21 Vedlegg 1 - Utvidet presentasjon om DIGITAL

    Presentasjon vist i møtet og som følgjer referatet

    • Sak 10-21 Presentasjon - Digital Europe Programme (DIGITAL)

    Saka gjeld – Behandlingssak
    DIGITAL er EU sitt store investerings- og samarbeidsprogram for perioden 2021-2027. Det skal styrke digitale omstilling i Europa og takle utfordringar innan helse, klima og miljø, næringsliv og offentleg sektor. Programmet skal bygge kapasitetar og sikre utbreiing av kapasitetane innan sentrale digitale teknologiar, m.a. tungrekning, data, sky og kunstig intelligens, cybersikkerhet og avanserte digitale ferdigheiter.

    Programmet retter seg mot små og store private og offentlege verksemder. Verksemdene vil kunne få tilgang til og ta i bruk teknologiprodukt som vert utvikla og tilbydd under programmet. Det er eit koinvesteringsprogram.

    DIGITAL er i oppstartsfasen. For å ta høgde for komande endringar og presiseringar i programmet, har derfor Digdir saman med Innovasjon Norge og Norges forskningsråd foreslått ei smidig tilnærming til nasjonal koordinering av norsk deltaking i programmet. Ein startar enkelt og tilpassar koordinering basert på utviklinga i programmet og innspel frå sentrale aktørar.

    Refleksjonar og råd frå Skate

    • Veldig positivt at saka kjem til Skate
    • Fleire gav uttrykk for at dei allereie er involvert innan ulike tema programmet tek opp
    • Programmet har potensiale også for offentleg sektor, men vi treng meir kunnskap og kompetanse for å dra nytte av det.
    • Kommunesektoren er oppteken av å utnytte moglegheitene programmet gjev. Ei utfordring er at dei manglar støtte og stimulering for å kome i gong. Sjølv dei aller største kommunane synes dette er krevjande.
    • Det er ressurskrevjande prosessar som må til for å få utløyst midlar som dette. Det er blitt ein profesjon i seg sjølv å gje råd om søknader. Dette er eit fagområde offentleg sektor bør tenke på å få dekt samla. Kanskje Digdir eller andre bør tenkje på å skape noko slikt?
    • Det er positivt at det vert planlagt med ei referansegruppe.
    • Kommunesektoren må vere representert i referansegruppa.
    • Skate sitt arbeidsutval bør inviterast til eit eige informasjonsmøte der Skate-verksemdene får meir informasjon om DIGITAL og moglegheitene.
    • Skate sitt arbeidsutval bør sjølv eller gjennom ei arbeidsgruppe identifisere og vurdere forslag til søknader som Skate eller Skate-verksemdene samla eller i grupper kan gå saman om.

    Vedtak

    • Skate sitt arbeidsutval skal inviterast til eit eige informasjonsmøte om DIGITAL tidleg til hausten
    • Skate sluttar seg til Digdir, Innovasjon Norge og Norges forskningsråd sine foreløpige vurderingar om strategisk viktige satsingsområder i DIGITAL-programmet.
    • Digdir, Innovasjon Norge og Norges Forskningsråd tek med seg råda frå Skate i videre arbeid med den norske oppfølginga av DIGITAL-programmet.

    12/21 Oppfølging - Styring og finansiering av Digdir sine fellesløysingar

    Digdir/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 12-21 Saksfremlegg - Oppfølging - Styring og finansiering av Digdirs fellesløsninger
    • Sak 12-21 Vedlegg - Justert finansieringsmodell for Altinn

    Presentasjon vist i møtet og som følgjer referatet

    • Sak 12-21 Presentasjon - Styrings- og finansieringsmodeller

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Skate har vore involvert i saka fleire gonger i tidlegare arbeid. I november 2020 sendte Digdir ein rapport til KMD med anbefalingar om framtidig finansierings- og styringsmodell for Digdir sine fellesløysingar. I rapporten peika Digdir på at det var behov for avklaringar på fleire områder før ny finansieringsmodell kan innførast. Samtidig anbefalte Digdir at ny styringsmodell vert innført frå andre halvår 2021.

    Problemstillingane rundt finansieringsmodell som det no vert arbeidd med er særskilt knytt til regleverket for meirverdiavgift og private verksemder sin bruk av fellesløysingane. Som del av dette har Digdir bedt om eksterne vurderingar av om Digdir er registreringspliktig i mva-registeret og konkrete prinsipp for prising av private verksemder sin bruk av fellesløysingane. Når Digdir kjenner konklusjonane frå desse vurderingane vil direktoratet vidareføre arbeidet med å detaljere ny finansieringsmodell. Digdir vil i den prosessen gjerne utveksle kunnskap med andre Skate-verksemder.

    Det er stor usikkerheit knytt til vidare framdrift på innføring av ny finansieringsmodell. Det er truleg ikkje realistisk at den kan innførast frå 2023. I påvente av innføringa av ny modell for alle Digdir sine fellesløysingar er det behov for å gjere justeringar i finansieringsmodellen for Altinn.

    Digdir førebur no innføring av ny styringsmodell i andre halvår 2021. Utgreiinga frå november 2020 anbefaler eitt styringsråd med underliggande produktråd, med unntak for eInnsyn. For eInnsyn har Digdir foreslått å vidareføre dagens styringsråd, blant annet fordi eInnsyn vert forvalta i samarbeid med Oslo kommune.

    Det er laga eit utkast til mandat for eitt styringsråd. Det er og utarbeidd utkast til eit dokument som beskriv ansvarsfordelinga mellom Skate og styringsrådet. Rolleavklaring mellom Digdir som forvaltar og premissgjevar er ein del av dette dokumentet. Desse utkasta er no til høyring i Skate-verksemdene og i dagens styringsråd med frist for tilbakemelding innan 25. juni. Endeleg mandat for styringsrådet vil bli lagt fram for dagens styringsråd og Skate sitt arbeidsutval i september, med mål om oppstart av eitt felles styringsråd frå fjerde kvartal 2021.

    Refleksjonar og råd frå Skate

    • Fleire gav positive signal om organiseringa og mandatutkastet rundt eitt styringsråd. Nokre meinte mandatutkastet burde strammast litt inn. Alle av desse ville også gje formelt svar i høyringa.
    • Fleire gav og signal om interesse for å bidra aktivt i styringsrådet.
    • Digdir må vere forberedt på å følge opp styringsstrukturen direktoratet legg opp til.
    • KS bad om at Digdir kjem til KommIT-rådet tidleg til hausten for å informere om rollene til styringsrådet, produktråda mv.
    • KS viste til at styring er eit gjengangartema i KS sin dialog med departement og underliggande statlege etatar. Korleis skal styring eigentleg utøvast? Skal namnet vere styringsråd? Det er og viktig at ein får klargjort grensene mellom det overordna og det tenestenære.
    • Finansieringa bør handterast rimeleg likt på tvers i offentleg sektor.
    • Det må avklarast korleis fakturering av kommunane kan skje innanfor regleverket for offentlege anskaffingar.
    • Det var uttrykt ynskje om at Digdir samarbeider med både Unit, Kartverket, BR, SKE, Oslo kommune og Norsk helsenett i vidare arbeid med avklaringar om fellesløysingane opp mot regleverket for meirverdiavgift og prinsipp for private verksemder sin bruk av fellesløysingane
    • Finansieringsproblematikken bør følgjast vidare i Skate

    Vedtak

    • Digdir tek med seg innspela og råda frå Skate
    • Digdir vil på KS sin invitasjon orientere KommIT-rådet i deira fyrste møte i haust om utkast til styringsmodell.

    13/21 Status i arbeidet med å etablere arenaer innanfor konsultasjonsordninga

    KS/Kristin Weidemann Wieland og Asbjørn Finstad

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 13-21 Saksframlegg - Status innenfor konsultasjonsordningen

    Presentasjon vist i møtet og som følgjer referatet

    • Sak 13-21 Presentasjon - Status innenfor konsultasjonsordningen

    Saka gjeld - Behandlingssak
    KS og regjeringa er samde om behovet for ein god dialog mellom staten og kommunesektoren. Det er regelmessige konsultasjonsmøter mellom staten ved regjeringa og KS. Ordninga omfattar også samarbeidsavtaler, kostnadsutrekningar og lovmedverknad.

    Samarbeidet mellom statleg og kommunal sektor er styrka dei siste årene. Regjeringa og KS har ved å utvikle og legge frem digitaliseringsstrategien i fellesskap, gitt tydelege signal om å styrke samhandling og samstyring mellom statleg og kommunal sektor på digitaliseringsområdet. Resultatet av dette er etablering av eit eige konsultasjonsmøte med fleire departement om digitalisering. Konsultasjonsmøta er førebudd av eit sekretariat sett saman av KS og dei aktuelle departementa. Som vist i saksframlegget har ei rekkje saker som og er av interesse for Skate vore handsama i konsultasjonsmøta.

    Bakgrunnen for mange av sakene er behovet for at KS og kommunesektoren vert involvert i statleg digitaliseringsarbeid både tidleg og i stor nok grad. Ei rekkje statlege verksemder lagar løysingar som kommunane skal vere brukarar av. For å ivareta tenesteansvar og personopplysningsansvar må KS og kommunesektoren inngå som premissgjevar når det gjeld utvikling, drift, vedlikehald og forvaltning av slike statlege løysingar. Eit av dei sentrale spørsmåla er korleis kommunane skal ivareta behandlingsansvaret for personopplysningar når statlege verksemder har laga systema og handsamar dei opplysningane kommunane har ansvaret for.

    Refleksjonar og råd frå Skate

    • Gjennomgangen frå KS var nyttig både som opplæring og påminning
    • Dei tema som KS har teke opp i konsultasjonsmøte er gode
    • Aktuelle tema for konsultasjonsmøta som kan diskuterast med KS i Skate-samanheng kan vere
      • Samhandlingsmodellar.
      • Smidige innovasjonsprosessar.
      • Modellar for samarbeid med einskildkommunar i tidlege fasar for å seinare utbreiing.
      • Korleis statlege verksemder bør involvere kommunane i utvikling av statlege løysningar.
      • Standardisering av avtaleverk.
      • Handlingsplanar for tettare samarbeid mellom stat og kommune.
    • KS gav uttrykk for at dei og kan bli flinkare til å løfte problemstillingar for konsultasjonsmøta inn i Skate. Skate er ein arena for forankring slik at ting kan løftast i fellesskap. Samtidig kan det vere vanskeleg å «time» Skate-møter med konsultasjonsmøta. Betre informasjon frå KS til Skate om konsultasjonsmøte kan vere eit godt første mål.
    • Fleire gav innspel på at også KS bør vurdere sine roller som premissgjevar og leverandør, for eksempel for FIKS-plattforma.

    Vedtak

    • KS tek innspela frå Skate med i det videre arbeidet med konsultasjonsmøta.

    14/21 Skate si saksliste neste halvår og nytt Skate sitt toppleiarseminar

    Digdir/Steffen Sutorius

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 14-21 Saksframlegg - Skates saksliste neste halvår og nytt topplederseminar
    • Sak 14-21 Vedlegg 1 - Bakgrunn for saksforslagene i halvårsplanen
    • Sak 14-21 Vedlegg 2 - Oppsummeringer og anbefalinger om Skates topplederseminar

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Saksplanen for neste halvår er ei fast halvårleg sak i Skate. Med utgangspunkt i Skate sitt mandat, anbefalingar frå Skate sitt arbeidsutval til strategiske Skate-saker og tidlegare signal frå Skate, la Digdir fram eit forslag til saker i Skates ordinære møter hausthalvåret 2021.

    Digdir anbefalte og fylgjande om Skates sitt toppleiarseminar:

    • Toppleiarseminaret vert i utgangspunktet gjennomfør annankvar år, neste gong i februar 2023
    • Toppleiarseminare vert gjennomført som heildigitale halvdagsseminar
    • Digdir og representantar utpeika av Skates arbeidsutval blir ansvarlege for planlegginga av toppleiarseminara
    • Digdir og AU oppdaterer Skates kommunikasjonsplan iht. ovannemnte

    Innspel frå Skate

    • Det var uttrykt ønske frå ulike om at fylgjande saker var teken inn på Skates agenda i haushalvåret:
      • Saka frå KoID som vart trekt i dag.
      • «Agil produktutvikling i samspill mellom virksomheter/agil produktutvikling i felles eide prosjekter», som KS har spelt inn som strategisk Skate-sak til Skate sitt arbeidsutval (AU) i AU sin prioriteringsprosess.
      • «Felles behandlingsansvar», som KS har spelt inn som strategisk Skate-sak til Skate sitt arbeidsutval (AU) i AU sin prioriteringsprosess.
    • Ingen hadde forslag til kva saker som skulle gå ut av Digdir sitt forslag for å få plass til desse sakene
    • Det var gjennomgåande tilslutnad til Digdir sitt forslag om Skate sitt toppleiarseminar

    Vedtak

    • Digdir planlegg agendaen for Skate sine møter i hausthalvåret 2021 og framtidig frekvens og form på Skate sitt toppleiarseminar med utgangspunkt direktoratet sitt forslag og innspela frå Skate.
    • Digdir, SKE og KS innleiar i Skate sitt oktobermøte med konkrete gode eksempel til saka om «Tverrsektoriell styring - sammenhengende tjenester og felles økosystem - Konkrete råd fra Skate»

    Orienteringssaker

    Nytt Skate-medlem frå Oslo kommune

    Digdir/Steffen Sutorius

    Digdir har fått melding frå KS og Oslo kommune om at Oslo kommune bytter Skate-direktør. Kommunaldirektør Svein Lyngroth går ut av Skate og ny Skate-direktør frå Oslo kommune blir Kommunaldirektør for finans Sølve Monica Steffensen.

    Digdir sine anbefalingar til KMD om Digitaliseringsrundskrivet

    Digdir/Steffen Sutorius

    • Skate sitt arbeidsutval (AU) har tidleg i år gitt tilslutning til at årets revisjon av Digitaliseringsrundskrivet skulle avgrensast til nokre få ting, og at det skal gjennomførast ein meir omfattande revisjonsprosess for neste år med oppstart i hausthalvåret 2021.
    • Også i år er det gjennomført ein god involveringsprosess av Skate-verksemdene i revisjonsarbeidet. Det er i år berre mindre justeringsforslag i rundskrivet og det har vært einigheit i AU om desse.
    • AU har derfor på vegne av Skate gitt tilslutning til Digdir sitt forslag til endringar i rundskrivet og utkast til omtalen av Digital postkasse for innbyggjar (DPI) i Digdir sitt oversendingsbrev til KMD. Når det gjeld DPI vil Digdir minne om Skate sitt tidlegare syn og fråsegn.
    • AU gav ut frå dette tilslutning til at saka om Digitaliseringsrundskrivet vart teken ut av Skate sin agenda i dag. AU var også einige i at ei betre Skate-sak i dag var den vi har fått inn til erstatning: Sak 13/21 frå KS om Status i arbeidet med å etablere arenaer innanfor konsultasjonsordninga.

    Eventuelt

    Ny avtale med e-ID-leverandørar under ID-porten

    Digdir/Steffen Sutorius

    Saka gjeld – Orientering
    ID-porten er den største fellesløysinga til Digdir. Den er sentral i dei fleste offentlege verksemder sin dialog med innbyggjarane. Det har nyleg vore gjennomført ein prosess for nye avtalar med dei private leverandørane av e-ID gjennom ID-porten. Dei nye avtalane trer i kraft frå november 2021.

    Ein av leverandørane har ein svært dominerande marknadsposisjon og auka prisen mykje i sitt tilbod. Sjølv om Digdir fekk prisen redusert noko gjennom forhandlingane, representerer den nye avtalen ein vesentleg kostnadsauke for dei offentlege verksemdene som brukar ID-porten. Den dominerande marknadsposisjonen til ein av leverandørane og kostnadsutviklinga hjå denne gjer at Digdir framover må sjå etter alternativ.

    Råd frå Skate

    • Skate er uroa over kostnadsutviklinga og den dominerande marknadsposisjonen til ein av leverandørane.
    • Skate oppfordrar Digdir til å vurdere mogelegheitene for å for å få opp eit alternativ. Skate ynskte å bli informert vidare om desse vurderingane.

    Skatesekretariatet, Microsoft Teams.
    Møtet vart avslutta kl. 11:15