Skates fagdagar 5. & 6. mai 2021 - referat

På agendaen stod status handlingsplanen, samanhengande tenester, møte med distrikts- og digitaliseringsministeren, handlingsplanen og felles økosystem og refleksjon over erfaringane frå fagdagane og vegen vidare.

På denne sida

    Møtestad: Digitalt via Microsoft Teams
    Møtetider: 05.05.2021 kl. 12:30-15:30 og 06.05.2021 kl. 9:00-12:00

    Deltaking

    Medlemmar av Skate

    • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
    • Inga Bolstad, Arkivverket
    • David Norheim pva Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
    • Per-Arne Horne, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
    • Karl Vestli, Direktoratet for e-helse (eHelse)
    • Roar Vevelstad, Halden kommune
    • Johnny Welle, Kartverket
    • Kristin Weidemann Wieland, KS
    • Jonas Slørdahl Skjærpe pva Hans Christian Holte, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
    • Svein Lyngroth, Oslo Kommune på dag 1. Vidar Holmane pva Lyngroth på dag 2
    • Catherine Janson pva Benedicte Bjørnland, Politidirektoratet (POD)
    • Nina Schanke Funnemark, Skatteetaten (SKE)
    • Geir Axelsen, Statistisk sentralbyrå (SSB) på dag 1. Rune Gløersen pva Axelsen på dag 2
    • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

    Observatør

    • Katarina de Brisis, Kommunal- og moderniseringsdepartementet

    Sekretariat

    • Jan Sørgård, Digdir
    • Rune Karlsen, Digdir
    • Silje Johansen, Digdir

    Deltaking på saker

    • Avdelingsdirektør Grete Orderud, Digdir, Alle saker
    • Avdelingsdirektør Knut Bjørgaas, Digdir, Alle saker
    • Divisjonsdirektør Jan Arild Lyngstad, pva Bjørn Guldvog, Helsedirektoratet, Sak 6/21
    • Avdelingsdirektør Ellen Margrethe Carlsen, Helsedirektoratet, sak 6/21
    • Seniorrådgiver Bredo Swanberg, Digdir, sak 6/21
    • Statssekretær Paul Chaffey, KMD, sak 7/21

    Saksliste

    Velkommen til Skate sine fagdagar – Innleiing og status handlingsplanen
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    6/21 Samanhengande tenester
    Digitaliseringsdirektoratet/Grete Orderud

    7/21 Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren
    Statsråd Linda Hofstad Helleland og Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    8/21 Handlingsplanen og felles økosystem
    Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas

    9/21 Felles refleksjon - Erfaringar frå fagdagane og vegen vidare
    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Saker til behandling

    Velkommen til Skate sine fagdagar – Innleiing og status handlingsplanen

    Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Presentasjon vist i møtet og som følgjer referatet
    • Presentasjon Innledning og status

    Saka gjeld – Orienteringssak
    Direktør Steffen Sutorius i Digdir ønsket velkommen til Skate sine fagdagar som har hovudtemaet «Status og utfordringar i regjeringa sin digitaliseringsstrategi». Fagdagane går over to halve dagar. Dag ein vil handle om livshendingane og dag to om Handlingsplanen og Felles økosystem. I tillegg skal Skate på dag to ha eitt av sine to årlege møter med digitaliseringsministeren.

    Sutorius understreka at vi treng å setje fart på arbeidet med digitaliseringsstrategien, sjølv om 85% av initiativa er i gang og at det i 2020 var framdrift på dei fleste innsatsområda – til tross for pandemien. Det er behov for eit sterkt fokus på livshendingane og dei samanhengande tenestene og deira rolle i realisering av strategien.

    Sutorius understreka og at nye føringar og erfaringar gir behov for å prioritere på nytt. Skate har for eitt år sidan fått eit nytt mandat, vi har laga ein erfaringsrapport etter eitt år med handlingsplanen til digitaliseringsstrategien og Digdir har forankra anbefalingane med KMD. Av anbefalingane i erfaringsrapporten vil fylgjande være i fokus på Skate sine fagdagar:

    • Inkludere nye initiativ, behov som må dekkast for livshendingane og felles økosystem, for å sikre måloppnåing for strategien
    • Styrke samanheng mellom livshendingane og initiativa
    • Styrke oppfølging på verksemdnivå og Skate sin rolle i denne

    6/21 Samanhengande tenester

    Digitaliseringsdirektoratet/Grete Orderud

    Utsende sakspapir før møtet
    • Sak 6-21 Saksframlegg - Sammenhengende tjenester
    • Sak 6-21 Vedlegg til saksframlegg - Sammenhengende tjenester

    Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
    • Sak 6-21 Presentasjon1 Tema og problemstillinger
    • Sak 6-21 Presentasjon2 Innledning Alvorlig sykt barn
    • Sak 6-21 Presentasjon3 Innledning Dødsfall og arv

    Resultat frå gruppearbeida som følger referatet
    • Sak 6-21 Resultat frå gruppearbeid 1
    • Sak 6-21 Resultat frå gruppearbeid 2

    Saka gjeld – Behandlingssak
    Avdelingsdirektør Grete Orderud i Digdir presenterte måla for dag ein på fagdagane:

    • Skate får auka innsikt i og forståing for det krevjande og spennande arbeidet med å levere samanhengande tenester
    • Dei ansvarlege for livshendendingane får konkrete tips og råd frå Skate for det vidare arbeidet
    • Skate får eit grunnlag for det vidare arbeidet på dag to, inkludert dialogen med statsråden
    • Digdir fangar opp tips og råd til arbeidet med å understøtte arbeidet med livshendingane

    Orderud viste til at det er arbeid i gong i alle dei sju livshendingane. Ho understreka at vi saman må fjerne nasjonale hinder og løyse brukarbehova i dei samanhengande tenestene.

    Under denne saka var det to innleiingspresentasjonar frå høvesvis Helsedirektoratet og Digdir om erfaringar og utfordringar i arbeidet med livshendingane «Alvorleg sjukt barn» og «Dødsfall og arv».

    På det grunnlag var det to gruppearbeid der Skate-direktørane var delt inn i tre grupper der dei skulle diskutere fylgjande problemstillingar:

    • Etter innleiinga om livshendinga Alvorleg sjukt barn
      • Korleis organisere og styre mot same mål i ein tiltaksjungel?
      • Korleis sikre finansiering i tidleg fase?
      • Basert på innleiinga frå Helsedirektoratet og eigne erfaringar – Kva er viktige innspel å ta med til dag to, inkludert møtet med statsråden
    • Etter innleiinga om livshendinga Dødsfall og arv
      • Korleis utvikle lovverk raskare i smidige prosessar
        • Korleis kan Skate hjelpe med å få raskare prosesser for lovarbeid slik at de ikkje blir et hinder for å nå måla i Digitaliseringsstrategien og kva råd har Skate til eiger av livshendendingane?
      • Har Skate forslag til korleis vi kan løyse utfordringane med eigarskap, drift og forvaltning av livshendingar?
      • Basert på innleiinga frå Digdir og eigne erfaringar – Kva er viktige innspel å ta med til dag to på fagdagane, inkludert møtet med statsråden

    Innspel, forslag og råd frå gruppene
    Resultata frå gruppearbeida vart summert opp i møtet.
    Fellesnotata frå gruppearbeida med innspel, forslag og råd frå gruppene ligg i fylgjande vedlegg til referatet:
    • Sak 6-21 Resultat frå gruppearbeid 1
    • Sak 6-21 Resultat frå gruppearbeid 2

    Vedtak

    • Helsedirektoratet og Digitaliseringsdirektoratet merkar seg innspel og råd frå Skate i det vidare arbeidet med livshendingane.
    • Skate og Digitaliseringsdirektoratet merkar seg innspela til dialogen med statsråden og vidare arbeid med handlingsplan og økosystem

    7/21 Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren

    Statsråd Linda Hofstad Helleland og Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Utsende sakspapir før møtet
    • Sak 7-21 Saksframlegg - Møte med distrikts- og digitaliseringsministeren

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Statsekretær Paul Chaffey møtte for statsråd Linda Hofstad Helleland som måtte melde forfall på kort varsel.

    Tema for møtet var det same som hovudtemaet på Skate sine fagdagar:
    • Status og utfordringar i regjeringa sin digitaliseringsstrategi

    Spesielt aktuelle problemstillingar det var peika på i førehand:

    1. Kva er dei viktigaste utfordringane vi har sett til nå knytt til livshendingane / dei samanhengande tenestene og korleis bør disse utfordringane løysast?
    2. Kva er dei viktigaste utfordringane vi har sett elles for å realisere regjeringa sin digitaliseringsstrategi og korleis bør disse utfordringane løysast?

    Det var i møtet lagt opp til å basere seg på Skate-direktørane sitt gruppearbeid i sak 7/21 dagen før møtet med statsråden, supplert med andre sentrale innspel og råd.

    Statssekretæren innleia med å helse frå statsråden. Han viste til at han også var med i desember i fjor då statsråden møtte Skate sist, og at dei då fekk litt innblikk i arbeidet med samanhengande tenester. Han understreka at det er viktig å arbeide med forenkling for brukarane – å setje brukaren i sentrum.

    Statssekretæren takka for arbeidet som var lagt ned i den spesielle Korona-tida det siste året. Det har vore god glid på offentlege tenester i denne utfordrande tida, og han viste at Skate-direktørane og Skate-verksemdene har vore mykje involvert i krevjande omstillingsarbeid knytt til Korona-situasjonen.

    Statssekretæren sa han var glad for at KMD har Skate som fora. Alle direktørane har sine styringslinjer. Det er derfor bra at Skate gjennom denne kanalen til KMD kan løfte tverrgåande problemstillingar og saker som kanskje ikkje får tilstrekkeleg merksemd i dei vanlege styringslinjene. KMD liker å høyre resultata av det som er sett i gong, inkludert gevinstar. Men dei ynskjer også å høyre om flaskehalsar og utfordringar som hindrar framsteg. Det er komplekst når det er ei kjede der mange må samarbeide. Det er derfor viktig å få opp utfordringar som det stopper på.

    Råd og innspel frå Skate

    • Det er nødvendig å plassere og formalisere eigarskap og koordineringsansvar ved lange verdikjeder som livshendingar og samanhengande tenester
      • Nokon må være ei drivande kraft:
        • Ha hovudansvar for heilskapen til brukaren sitt beste
        • Få dei ulike deltakarane om bord med felles ambisjon og koordinere
        • Bruke eit felles rammeverk på tvers av livshendingane
        • Sikre samordning og få til samhandling, kanskje inkludert formaliserte avtalar mellom aktørane
        • Avklare finansiering for både investering og drift. Det kan være kostnadsdrivande med nye tenester – for alle aktørane.
      • I plasseringa av ansvar er det fleire prinsipp som kan være aktuelle. Tradisjonen er at største eigar har ansvaret, men vi må frigjere oss frå den tradisjonen. Vi treng nokre nye prinsipp som gjer at ansvarsplasseringa skjer meir på brukaren sine premissar. Forvaltninga er ikkje brukarorganisert, men tenesteorganisert.
      • Samarbeid i tidleg fase er veldig viktig. Aktørane må ha ein tidleg dialog om ambisjonar og mål. Departement og politisk leiing må involverast tidleg og sikre samordning av styringssignal på tvers av departementa.
      • Eigarskap til livshendingane handlar også om eigarskap og flyt av data. Vi må klare å teikne det overordna kartet og ikkje berre jobbe frå botnen.
    • Departementa må arbeide meir på tvers om både prioritering og finansiering
      • Livshendingane strekkjer seg over fleire sektorar. Det krev at departementa er samordna om prioritering og finansiering ned til dei involverte verksemdene i ulike sektorar. Det synes ikkje å være tilfelle i dag i tilstrekkeleg grad.
      • Tydelege fellesføringar om prioritering av livshendingane og dei samanhengande tenestene er nødvendig. Verksemdene er i dag i sterk grad styrt av sektororienterte oppdrag og tiltak som fyller porteføljen. Det må også vere ein samanheng mellom fellesføringane og finansieringa av dei.
      • Statens prosjektmodell for store investeringsprosjekt kolliderer med smidig utvikling, som er det ein nyttar i dag i digitaliseringa. Det skapar utfordringar for finansieringa av større arbeid. Gevinstane i digitaliseringa kjem dessutan gradvis og kjem på tvers av sektorar. Departementa synes ofte å ikkje være klar over desse problema og det gjev styringsutfordringar.
      • Kanskje burde det etablerast ein møteplass mellom Skate-direktørane og ein høgt oppe i kvart departement for denne type diskusjonar.
      • Vi snakkar mykje saman på direktoratsnivå. Departementa må også løfte saman.
    • Vi treng nye mekanismar for å finansiere tidlegfase på tvers av sektorar
      • Det er viktig å sjå på livshendingane som drivarar for innovasjon og omstilling i offentleg sektor, og Skate har sett korleis ein i arbeidet med fleire av livshendingane har brukt innovasjonsmetodikk for å gå til kjernen av brukarbehova. Dette er avgjerande for å setje brukaren i sentrum.
      • Dette medfører samtidig at tradisjonelle «gevinstorienterte» finansieringsmodellar i liten grad kan brukast. Det er vanskeleg å setje opp gevinst-caser heilt frå start. Krav om dette hemmar innovasjonstenking og innovasjonsprosessar. Vi treng nye mekanismar for å finansiere tidlegfase på tvers av sektorar.
    • Det bør etablerast eit eige dataorientert lovverk for livshendingar og samanhengande tenester, for eksempel som del av forvaltningslova
      • Mange sektorlover vert involvert når livshendingane skal realiserast. Det skaper høg kompleksitet.
      • Det bør utforskast om det er mogleg å få eit felles rettsleg grunnlag som er meir overordna, og som kan gje departementa eit grunnlag for å samordne lover effektivt.
      • Sjå på forsøkslova og korleis den eller erfaringane frå den kan nyttast.
      • Det må verte mogleg med gjenbruk av eksisterande og nye data til eit breiare offentleg formål.
    • Det må arbeidast for lovminimering
      • I dag er det ein rekkje lover under ulike departement som regulerer ulike variantar av det same. Det er krevjande å etterleve for dei som er omfatte av fleire av lovene og det gir krevjande lovendringsprosessar når det er nødvending for å få til den digitalisering som dei politiske ambisjonane og signala gjev føringar om.
      • Det er eit tydeleg behov for å fjerne overlapp i ulike lover. KMD bør arbeide for lovminimering på tvers av departementa, slik at ein ikkje regulerer dei same forholda fleire stader. Skal ein nå dei politiske ambisjonane for digitaliseringa kan ikkje kvart departement styre sitt eige lovverk utan større perspektiv.
    • Vi må få ein ny arbeidsmetodikk for lovarbeid
      • Vi kjem fort ned på behov for lovarbeid når vi skal digitalisere. Dei vanlege prosessane og metodikken for lovarbeid tek for lang tid og er for lite involverande av dei som skal digitalisere. Erfaringar viser at naudsynte lovendringar for samanhengande tenester no tek fleire år. Ser ein på endringane både kommunesektoren og statlege verksemder skal igjennom framover blir dette eit stort hinder.
      • Prosessen med lovarbeid må gjerast meir smidig. Fleire departement har potensiale for fornying om korleis dei arbeider med lovendringar.
      • Vi må bruke på nytt det vi har lært i koronaperioden – raske prosessar er mogleg.
      • Det må arbeidast i tverrfaglege team: juss, fag, tenestedesign og teknologar
      • Vi må unngå for mykje detaljregulering i lov og forskrift.
      • Vi må unngå lange sekvensielle prosessar mellom departement og etat. Vi må arbeide saman i heile prosessen og sjekke av med politisk leiing undervegs i prosessane. Vi må også kunne teste ut digitale konsekvensar av potensielle lovendringar. Alt dette vil korte ned tida som ein brukar på både lovarbeidet og digitaliseringa og ein kan betre få brukaren i sentrum.
    • Etablere eit Senter for tenesteutvikling av livshendingar
      • Senteret kan organiserast i Digdir, men det bør skje i tett samarbeid med KS. Det kan også utvidast over tid og kanskje bli eit innovasjonssenter.
      • Vi ser at det er like utfordringar i arbeidet med livshendingane / samanhengande tenester og finansiering i tidleg fase er utfordrande.
      • Senteret bør være eit kraftsenter med kompetanse og finansieringsmoglegheiter som kan hjelpe verksemdene
      • Verksemder som får i oppdrag om å utvikle livshendingar kan nytte senteret sine tenester etter inngåing av avtale.
      • Senteret sine tenester kan for eksempel være:
        • Bistand i prosessleiing, fagleg bistand innan juss, pool av tenestedesignere, arkitektar som kjenner det offentlege økosystemet, bidra til erfarings og kunnskapsoverføring mellom prosjekta og skape kontinuitet. Kvart prosjekt kan få sin hovudrådgjevar frå senteret som koordinerer senterets bistand mot prosjektet.
        • Finansieringsbistand i tidleg fase – innsiktsfase, innovasjon, beskrive konsept og lovutviklingsbehov, samfunnsøkonomisk analyse – beslutningsunderlag for gjennomføringsfase. Ein kan kanskje gjere om ein del av medfinansieringsordninga og Stimulab ordninga til dette formålet og gje senteret fullmakter til å tildele midlar gjennom effektive prosesser.
        • Stille lokale, rom og verktøy til disposisjon, både fysiske og digitale
    • Ikkje undervurder behova for koordinering og samstyring i økosystemet og arkitekturen når mange aktørar skal spele saman
      • Ulike aktørar er avhengig av kvarandre når vi arbeider med livshendingar. Vi må då tenkje koordinering og samstyring både om korleis vi set behova til innbyggjarane i sentrum og korleis vi løyser dei ulike laga i arkitekturen.

    Vedtak

    • Statssekretæren merkar seg råda og innspela frå Skate

    8/21 Handlingsplanen og felles økosystem

    Digdir/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet
    • Sak 8-21 Saksfremlegg - Handlingsplanen og felles økosystem
    • Sak 8-21 Vedlegg 1- Oversikt over initiativer i handlingsplanen
    • Sak 8-21 Vedlegg 2 - Utkast nytt initiativ i handlingsplanen under Felles økosystem
    • Sak 8-21 Vedlegg 3 Overordnet om felles økosystem

    Presentasjon vist i møtet og som følger referatet
    • Sak 8-21 Presentasjon - Handlingsplan og felles økosystem

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Avdelingsdirektør Knut Bjørgaas i Digdir peika på at diskusjonane på dag ein av fagdagane viste at livshendingane har behov på alle lag i EIF-modellen. Dersom vi saman klarer å identifisere behov på tvers av laga og prioritere leveransar som løyser dei, aukar gjennomføringsevna. Ved å prioritere kan Skate setje auka fart på arbeidet med digitaliseringsstrategien.

    Digdir har tidlegare i år utarbeidd ein erfaringsrapport etter eitt år med handlingsplanen. Den har seks anbefalte tiltak. Dei som har fokus i denne saka er

    2. Inkludere nye initiativ for auka måloppnåing

    • Prioriterte initiativ som møter behov frå livshendelsene og felles økosystem kan løftast til KMD som ei samla anbefaling frå Skate

    5. Styrke oppfølging på verksemdnivå

    • Skate bør følgje opp dei prioriterte initiativa, og Skate si rolle inn mot Felles økosystem bør tydeleggjerast gjennom eit eige initiativ i handlingsplanen

    Digdir hadde i saksframlegget foreslått at Skate framover vel å ha eit spesielt oppfølgingsfokus på

    • dei sju livshendendingane i dagens handlingsplanen og initiativet «Regjeringen vil vurdere behovet for prinsipper for kostnadsdeling i nye digitaliseringstiltak»
    • dei viktigaste understøttande tiltaka av nasjonal betydning som i dag ikkje er direkte forankra i handlingsplanen. Desse bør ein prøve å få løfta inn i handlingsplanen som eigne initiativ, slik at vi kan sikre gjennomføring og auka fokus også på departementsnivå. Dette gjeld særleg tiltak knytt til felles økosystem.

    Vidare foreslo Digdir at Skate delegerer til Skate sitt arbeidsutval (AU) å prioritere og velje ut tiltaka i andre kulepunkt over, slik AU tidlegare har anbefalt.

    For å få ei hensiktsmessig gjennomføring av Skate si oppfølging av handlingsplanen generelt og dei prioriterte initiativa/tiltaka spesielt hadde Digdir i saksframlegget følgjande forslag til oppgåvefordeling og delegering mellom Skate og Skate sitt AU:

    • Skate:
      • Desember-møta - Samla status på handlingsplanen, med vekt på dei prioriterte initiativa, og anbefalingar til KMD i årleg erfaringsrapport.
      • Fagdagar i mai - Behandling av særskilte utfordringar i dei initiativa Skate følger opp, jf. over.
      • Gjennom året: Spesielle utfordringar Skate-AU løfter til Skate.
    • Skate sitt arbeidsutval (AU)
      • Fast årleg sak i AU sitt augustmøte - Samla status på handlingsplanen i forbindelse med behandlinga av halvårsrapportane
      • Periodisk, kvartalsvis eller liknande, behandling av status for dei initiativa som Skate skal følge opp, jf. over. AU bør få fullmakt til å avgjere både kor ofte og korleis oppfølging skal skje. Dette vil erstatte den kvartalsvise oppfølginga som AU i dag har av alle dei såkalla understøttande tiltaka.

    Digdir hadde i sakspapira også lagt fram eit forslag til eit nytt initiativ i handlingsplanen for å tydeleggjere Skate si rolle inn mot Felles økosystem.

    I tillegg inviterte Digdir i møtet til innspel på konkrete områder og tiltak vi bør fokusere på framover for å realisere måla i digitaliseringsstrategien.

    Råd frå Skate

    • KS bør tydeleggjerast på linje med Digdir og Skate i det nye initiativet i handlingsplanen om å tydeleggjere Skate si rolle inn mot Felles økosystem
    • Det var elles ingen innvendingar til Digdir sitt forslag om
      • nytt initiativ i handlingsplanen for å tydeleggjere Skate si rolle inn mot Felles økosystem
      • kva initiativ/tiltak i eller knytt til handlingsplanen som Skate, og AU på vegne av Skate, skal prioritere oppfølging av framover
      • oppgåvefordeling og delegering mellom Skate og AU

    Det kom i tillegg innspel på ei rekkje områder og tiltak vi bør fokusere på framover for å realisere måla i digitaliseringsstrategien. Desse vart gruppert og avstemt slik til slutt i behandlinga av saka:

    • Felles målbilete for økosystemet
      • No-situasjon, målbilete og gap
      • Felles løysingar, referansearkitekturar, omgrep, med meir
    • Kompetanse
      • Initiativ som «samlar» læringsressursar, Miste og finne jobb samt Ny i Norge er eksempel på livshendingar der det kan være nyttig.
    • Schrems-II men også skyløysingar meir generelt
    • Lov og regelverk
      • Behov for harmonisering på tvers av departementa med omsyn til lovarbeid - Lovminimering
      • Personvern knytt til "utsette" barn og unge
      • Digital kriminalitet - Kontrollinformasjon
    • Brukarperspektiv
      • Felles «designsystem»
    • Identitetsforvaltning og representasjon
      • Fullmakt for innbyggjarar
      • Vergemål
      • EIDAS
      • SDG
      • eID for alle grupper
      • ID for tilsette
      • Tredje nasjonal ID til dei som ikkje har F- eller D-nummer (Skatteetaten ser på dette)
    • Andre løysningar som vart nemnt:
      • Digitalarkivet
      • Innebygd arkivering
    • Finansieringsmodellar for fellesløysingar
      • MVA, statsstøtte, private sin bruk – Felles retningslinjer og prinsipp
    • Geografisk infrastruktur og data

    Vedtak

    • Digdir vert bedd om å legge til rette for at Skate og Skate sitt AU slik det er foreslått i saka kan følge opp dei initiativa og tiltaka knytt til handlingsplanen som i saksframlegget er foreslått som viktigast for Skate å følgje opp
    • KS blir tatt inn på linje med Digdir og Skate i forslaget til nytt initiativ i handlingsplanen om å tydeleggjere Skate si rolle inn mot Felles økosystem. Skate gir elles tilslutning til at dette initiativet bør inn i handlingsplanen.
    • Digdir merkar seg råda frå Skate om områder og tiltak vi bør fokusere på framover for å realisere måla i digitaliseringsstrategien.

    9/21 Felles refleksjon - Erfaringar frå fagdagane og vegen vidare

    Digdir/Steffen Sutorius

    Etterord frå Digdir som følger referatet
    • Sak 9-21 Etterord - Oppsummering kartlagte behov

    Saka gjeld
    Oppsummering av Skate sine fagdagar.

    Oppsummering av innspel

    • Gjennomgåande positivt syn på fagdagane. Fleire peika samtidig på at dei såg fram til at ein igjen kunne møtast fysisk både i ordinære Skate-møter og på fagdagane neste år.
    • Gruppearbeidet på dag ein om livshendingane vart trekt fram av fleire som spesielt bra. Kombinasjonen av noko i grupper og noko i plenum er veldig bra.
      • Nokre gav samtidig innspel om at ein kanskje kunne avgrense tematikken noko for å kunne gå djupare inn i problemstillingane og få meir strategiske diskusjonar.
    • Nokre gav uttrykk for at dag to kanskje vart litt for likt eit ordinært Skate-møte
      • Eit alternativ kunne vore meir faglege tema relevant for alle, der nokon kjem og gir kunnskap og konkrete råd.
      • Andre peika på at det også er viktig å kunne gå litt djupare inn på einskilde tema som dei ordinære Skate-møta ikkje gjev rom for.
    • Nokre viste til Digdir sin kommentar mot slutten av dag ein av fagdagane om at det var samsvar mellom det gruppene av Skate-direktørar sa og funn som Gartner har i andre land. Det er fint og gode tilbakemeldingar. Kanskje kan Digdir bidra i seinare samlingar til å illustrere meir korleis dette er løyst andre stader.

    Etterord frå Digdir
    Digdir har etter fagdagane laga ei oppsummering over kartlagde behov under fagdagane knytt til samanhengande tenester og felles økosystem. Behova er der mappa til både arkitekturmodellen og EIF-modellen som ei skisse.

    Denne oppsummeringa fylgjer referatet frå fagdagane som eit etterord.

    Skatesekretariatet, Microsoft Teams.

    Møtet vart avslutta kl. 11:33, dag to på fagdagane.