Skate-møte 17. mars 2021 - referat

På agendaen stod ny samansetjing av Skate, felles arbeid med informasjonsforvaltning, regulatoriske sandkasser, medfinansieringsordninga og Digdir sine hovudprioriteringar i 2021 og involvering av Skate.

På denne sida

    Møtestad: Digitalt via Microsoft Teams
    Møtetid: 08:30 – 11:30

    Deltaking

    Medlemmar av Skate

    • Steffen Sutorius, Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)
    • Inga Bolstad, Arkivverket
    • Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (Brreg)
    • Per-Arne Horne, Direktoratet for byggkvalitet (DiBK)
    • Karl Stener Vestli, Direktoratet for e-helse (eHelse)
    • Roar Vevelstad, Halden kommune
    • Johnny Welle, Statens kartverk (Kartverket)
    • Kristin Weidemann Wieland, KS
    • Håkon Røstad pva Hans Christian Holte, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
    • Thomas Rigvår pva Svein Lyngroth, Oslo Kommune
    • Benedicte Bjørnland, Politidirektoratet
    • Nina Schanke Funnemark, Skatteetaten (SKE)
    • Christian Thindberg pva Geir Axelsen, Statistisk sentralbyrå (SSB)
    • Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

    Observatør

    • Katarina de Brisis, Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD)

    Bisitjarar

    • Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
    • Norunn Saure, eHelse
    • David Norheim, Brreg
    • Olav Petter Aarrestad, Kartverket
    • Inger-Mari Ouren, SKE
    • Ingrid Melve, Unit
    • Knut Bjørgaas, Digdir
    • Øyvind Grandahl, Halden kommune
    • Pål Habberstad, Politidirektoratet
    • Catherine Janson, Politidirektoratet
    • Kari Bjørnstad, DiBK
    • Asbjørn Finstad, KS

    Sekretariat

    • Silje Johansen, Digdir
    • Rune Karlsen, Digdir
    • Helge Bang, Digdir

    Deltaking på saker

    • Espen Sjøvoll, Arkivverket, sak 3/21
    • Grete Orderud, Digdir, sak 4/21

    Saksliste

    Faste saker

    Saker til behandling

    • 1/21 Ny samansetjing av Skate frå 1.1.2021
      Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius
    • 2/21 Felles arbeid med informasjonsforvaltning – kva har vi oppnådd så langt, og kva er neste mål?
      Brønnøysundregistrene/David Nordheim og Digitaliseringsdirektoratet/Knut Bjørgaas
    • 3/21 Regulatoriske sandkasser – Kva er viktige strategiske rammer for etablering og samarbeid? – Råd frå Skate
      Arkivverket/Espen Sjøvoll
    • 4/21 Medfinansieringsordninga – Digdir si foreløpige vurdering
      Digitaliseringsdirektoratet/Grete Orderud
    • 5/21 Digdir sine hovudprioriteringar i 2021 og involvering av Skate
      Digitaliseringsdirektoratet/Steffen Sutorius

    Faste saker

    Godkjenning av agenda 17.03.2021

    Agendaen vart godkjent.

    Godkjenning av referat 09.12.2020

    Referatet vart godkjent.

    Saker til behandling

    1/21 Ny samansetjing av Skate frå 1.1.2021

    Digdir/Steffen Sutorius

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 1-21 Saksframlegg - Ny samansetning av Skate fra 1.1.2021
    • Sak 1-21 Vedlegg - Oppnevnelser til Skate fra 1. januar 2021


    Saka gjeld - Orienteringssak
    Medlemmane i Skate blir oppnemnt for ein periode for tre år om gongen. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) som tek avgjerda om samansetjinga av Skate, blant anna etter at KS har peika ut kven som skal vere kommunesektoren sine representantar. Det er no gjennomført ny oppnemning av medlemmar i Skate for perioden 1. januar 2021 til 31. desember 2023. Skate-møtet 17.3.2021 er fyrste møte med ny samansetjing.

    • Presentasjon av nye medlemmar: Per-Arne Horne(DiBK), Roar Vevelstad(Halden kommune), Benedicte Bjørnland(POD) og Christian Thindberg på vegner av Geir Axelsen(SSB) som ikkje kunne stille i dag.

    2/21 Felles arbeid med informasjonsforvaltning – kva har vi oppnådd så langt, og kva er neste mål?

    Brreg/David Norheim og Digdir/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 2-21 Saksframlegg - Felles arbeid med informasjonsforvaltning
    • Sak 2-21 Vedlegg - Utvidet presentasjon om felles arbeid med informasjonsforvaltning

    Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

    • Sak 2-21 Presentasjon - Informasjonsforvaltning

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Arbeid med informasjonsforvaltning og deling av data har vore og er eit langsiktig og målretta arbeid. Betydninga og mål for arbeidet er nedfelt i vedteken politikk for området, og har ein sentral plass i «Én digital offentlig sektor - Digitaliseringsstrategi for offentleg sektor 2019-2025».

    Både nasjonalt og internasjonalt har fokus gått frå tilgjengeleggjering av data i offentleg sektor, til tilgjengeleggjering og bruk av offentlege data til verdiskaping i offentleg og privat sektor.

    Brønnøysundregistrene og Digdir har begge viktige oppgåver og mandat for å ivareta informasjons-forvaltning og deling av data i offentleg sektor mot ulike målgrupper. I denne saka stilte dei spørsmåla:

    • Kva er råda til Skate for å realisere meir verdi ut frå offentlege og private data, og korleis måler vi effekten av dette?
    • Korleis kan Skate bidra til at fleire offentlege datasett vert gjort tilgjengeleg og tekne i bruk for å skape denne verdien?

    Råd frå Skate

    • Skate stilte seg bak å endre målsetning fra «tilgjengeliggjering av data i offentlig sektor» til «tilgjengeliggjering og bruk av data i privat og offentleg sektor».
    • Skate gav fylgjande råd knytt til ny målsetning og korleis Skate kan bidra til at denne blir nådd:
      • Fleire peika på at data må delast og betrast i en tovegs straum som også flyt tilbake og berikar kjelda. Det betyr at datakonsument kan bidra til å berike og forbetre kvaliteten informasjonen til på dataeigar.
      • Det bør etablerast ein metodikk for å måle effekt og vise verdi av deling og bruk av data. KUDAF, kunnskapssektorens datafellesskap, etablerer ein slik verdikjedeanalyse og kan nyttast som inspirasjon.
      • Det er viktig med eit klart skilje mellom data som er underlagt teieplikt og dei som ikkje er det. For eksempel er mottakar av data frå Skatt underlagt dei same reglar som skatt m.o.t. data underlagt teieplikt.
      • «Kun en gang» har vi jobba lenge med. No er spørsmålet – Kven skal innhente informasjonen denne eine gongen? Det er viktig å avklare kven som innhenter og forvaltar «autorative data».
      • Problemstillingar rundt felles behandlingsansvar kan være kompliserande for kven som forvaltar og eig ulike data. Kommunesektoren forventar at dette får auka merksemd den komande tida. Eksempel er fellesløysingar innan NAV og eHelse, der problemstillingane vert diskutert med stadig høgare frekvens.
      • Mengda av ustrukturerte data som kommunal sektor har er ei utfordring. Det å gjere dette eigna for deling er inga enkel oppgåve. Finansiering – Tilgang til offentlege register bør være kostnadsfri samtidig som vi sikrar at dataeigar har insentiv for å dele data, ettersom dei ofte tar kostnaden mens datakonsument får gevinsten. Skate ynskjer ein forretningsmodell som understøttar økt deling av data og verdiskaping.
      • Det bør etablerast ein «nasjonal datastraum» med tilgangsstyring basert på heimel for å gjere det enkelt å dele og konsumere hendingsbasert data, for eksempel vedtak gjort i ei verksemd. Dette er viktig for samanhengande tenester, og teknologi for dette finnast allereie.
      • Standardar spesielt for samhandling og datautveksling, ref. EIF-modellen, må tilgjengeliggjerast og nyttast.
      • Skate ynskjer å avklare eigarskap og rettar til data, spesielt i samband med næringslivet.
    • KS peika på at dei har fått ei pådrivarrolle for digitaliseringsvennleg regelverk, og jobbar vedvarande med dette. For tida er kanskje arbeidet med tilgang til Skatte- og inntektsopplysningar på tvers av ca. 10 lover med tilhøyrande forskrifter med forskjellige departement det beste eksempelet på dette.
    • I tillegg stilte Skate to spørsmål:
      • Bør Skate pålegga seg sjølv ei forplikting om å gjera sine data tilgjengeleg, slik at dei kan takast i bruk og anbefala dette?
      • Veldig mange offentlege tenester blir tilbydd frå kommunal sektor og mykje data har sitt opphav derifrå. Korleis skapar vi god dataflyt mellom kommune og stat både, med tanke på oversikt og tilgang, heimel, finansiering, med meir?

    Vedtak

    • Brønnøysundregistrene og Digdir tar med seg råd frå Skate i vidare arbeid med informasjonsforvaltning og deling av data.

    3/21 Regulatoriske sandkasser – Kva er viktige strategiske rammer for etablering og samarbeid? – Råd frå Skate

    Arkivverket/Espen Sjøvoll

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 3-21 Saksframlegg - Regulatorisk sandkasse
    • Sak 3-21 Vedlegg 1 - Presentasjon om regulatorisk sandkasse
    • Sak 3-21 Vedlegg 2 - Regulatorisk sandkasse

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Regulatoriske sandkasser er tilrettelagde miljø for testing og utprøving av nye arbeidsmåtar og løysingar knytt til regelverk. Datatilsynet og Finanstilsynet har allereie etablert regulatoriske sandkasser, og Arkivverket er no i ferd med å gjere det same. Sandkassene vert etablert med utgangspunkt i regelverket den enkelte etat rår over. Unntaket er Datatilsynet, der noko av handlingsrommet er definert i EU-regelverk.

    Mange lovverk er tett samanvevd. Eit eksempel på dette informasjonsforvaltning og offentlegheit. Arkivverket ynskjer å ta initiativ til økt samordning for å bygge ned kompleksiteten der det er mogleg, ikkje minst for å utvikle eit harmonisert og digitaliseringsvennleg lovverk. Samtidig som vi arbeider med modernisering og samordning av lovverket, må vi arbeide tverrsektorielt for å utforske handlingsrommet i og på tvers av lovverk og sikre gode og konstruktive innspel til regelverksutviklinga.

    Arkivverket som la fram denne saka reiste fylgjande spørsmål til Skate:

    • Kva er viktige strategiske rammer for etablering og samarbeid?
    • Korleis bør etatar som etablerer slike sandkasser løyse finansiering og forankring?

    Råd frå Skate

    • Generelt positive tilbakemeldingar om at dette er interessant, til inspirasjon, en ny og effektiv måte å jobbe på, eit godt initiativ og enkelte har allereie hatt positive erfaringar med denne måten å jobbe på.
    • Innspel er ynskja på initiativ til nye sandkasser, også om det kan vere aktuelt å etablere sandkasse(r) knytt til de tverrgåande livshendingane.
    • Angåande private aktørar og leverandørar i dette tas det opp om desse kan takast inn i sandkasser med eller utan ein allereie etablert avtale med offentleg sektor. Det blir teke til orde for at det bør vere opent for alle å komme inn, også leverandørar.
    • Fleire uttalar om at dette er viktig og kanskje noko av det viktigaste som blir gjort dei neste åra, spesielt for å løyse tverrgåande vanskelege problemstillingar inkludert livshendingar og samanhengen mellom desse.
    • Digitaliseringsnettverka i kommunal sektor kan brukas for erfaringar og kommunal sektor kan ha mykje å bidra med i dette arbeidet i sandkasser. Det blir også stilt spørsmål ved om eksisterande tilfelle/sandkasser er gode nok når det gjelder samarbeid med kommunar. Er tilfella gode vil kommunar og nettverk ynskje å vere med.
    • Det blir presisert at det er viktig at ein i dette arbeidet har fokus på å gå raskt frå sandkasse til realisering. Det kan vere nødvendig med verkemiddel for å gå frå pilot og sandkasse, til realisering og drift.
    • Finansiering kan vere ein utfordring og må også forankrast i departementa. Om ikkje ein får konkret finansiering til sandkasser bør det vurderast omstilling i verksemda for å bruke pengar der det gir best mogleg avkastning.

    Vedtak

    • Arkivverket tek med seg råda frå Skate i arbeidet med operasjonalisering av styring og finansiering av egen regulatorisk sandkasse. Arkivverket blir oppfordra til å vidareformidle Skates råd til Datatilsynet og Finanstilsynet.

    4/21 Medfinansieringsordninga – Digdir si foreløpige vurdering

    Digdir/Grete Orderud

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 4-21 Saksframlegg - Medfinansieringsordningen

    Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

    • Sak 4-21 Presentasjon - Medfinansieringsordningen

    Saka gjeld - Behandlingssak
    Medfinansieringsordninga vart oppretta i 2016 for å bidra til auka gjennomføring av samfunns-økonomisk lønsame digitaliseringsprosjekt og realisering av gevinstar. Ordninga var innretta mot små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Frå 2020 vart det vedteke nye retningslinjer, der målet for ordninga blei utvida til også å skulle «bidra til å realisere regjeringa sin digitaliseringsstrategi og mål om effektiv utnytting av offentlege ressursar.

    Hausten 2020 gjorde Digdir ei intern evaluering av erfaringane med retningslinjene. Evalueringa vart sendt KMD, som har informert om at dei vil gjennomføre ei ekstern evaluering av ordninga. Søknads-prosessen i 2021 har i tillegg gitt Digdir ytterlegare innsikt.

    Få søknader ved utløp av søknadsfristen i januar 2021 har ført til at Digdir no ikkje får delt ut heile ramma for 2021 som planlagt. Det blir derfor lyst ut ei ny søknadsrunde med søknadsfrist 2. august.

    Det er få søknadar som understøttar digitaliseringsstrategien. Ein har dermed fått motsett utvikling av det som var it sentralt mål med endringa av retningslinjene i 2020. Ein spesiell krevjande faktor synast å vere krava knytt til gevinstrealisering i form av budsjettkutt i andre statlege verksemder og tidspunktet for når desse gevinstane skal bereknast og vere førande for budsjettkutt.

    Forankring av gevinstar med tilhøyrande budsjettkutt i heile eller store deler av offentleg forvaltning er dessutan svært vanskeleg å få til i praksis. Fellesløysingar som inngår eller skal inngå i felles økosystem for nasjonal digital samhandling og tenesteutvikling, er ein viktig suksessfaktor for å lukkast med regjeringa sin digitaliseringsstrategi og dei sju livshendingane i strategien. Manglande finansiering av slike fellesløysingar kan påverke tempoet i gjennomføringa av digitaliseringsstrategien.

    På bakgrunn av Skate sitt nye mandat frå 1.4.2020 er det naturleg at Skate gjev sine råd knytt til erfaringane med retningslinjene for ordninga. Det er og behov for å formelt få avklara forholdet mellom Skate og Skate sitt arbeidsutval (AU) i konkret rådgjeving til Digdir i dei årlege søknadsprosessane.

    Råd frå Skate

    • Skate støttar Digdir sitt forslag til justering av retningslinjer for medfinansiering i samsvar med saksunderlag.
    • Det er einigheit om at Skates arbeidsutval, på vegne av Skate, er det rådgivande organet til Digdir i søknadsprosessen for medfinansieringsordninga.
    • Saka bør likevel leggjast fram for Skate også framover, minimum som ei orienteringssak/drøftingssak med fokus på strategiske utfordringar.
    • Det blir gitt innspel på at ordninga må støtte betre opp om korleis ein jobbar med digitalisering i dag (meir smidig utvikling) ved å vere mindre byråkratisk, meir fleksibel og med ein meir smidig prosess som kan stimulere til fleire spennande og innovative løysningar.
    • Kommunesektoren sine representantar meiner at ein kanskje burde vurdere å endre kriteria i medfinansieringsordninga slik at også kommunal sektor kan søke om midlar. Det er faktisk slik at kommunal sektor – som samarbeidspartnar om digitaliseringsstrategien – ikkje kan søkje om medfinansiering i denne ordninga. Det er det berre statlege initiativ som kan. Er det ei klok innretning når ein skal realisere samanhengande tenester i fellesskap?
    • Medfinansieringsordninga bør reindyrkast mot kategori 2 for å støtte enda meir oppunder digitaliseringsstrategien. Ordninga kan bli for lik andre finansieringsmoglegheiter og kategori 1 bør derfor vurderast.
    • Tidleg fase risikokapital er viktig og noko ordninga bør bidra til.
    • Det ble også gitt råd om å fjerne kravet på minimum 5 millionar for enkelttildelingar og ha løpande tildeling gjennom året.
    • Skate utfordrar dermed generelt ordninga meir enn det Digdir har gjort i sin evaluering hausten 2020.

    Vedtak

    • Skate AU, på vegne av Skate, er det rådgivande organet i søknadsprosessen for medfinansieringsordninga.
    • Saka om medfinansieringsordninga bør leggjast fram for Skate også framover, minimum som ei orienteringssak/drøftingssak med fokus på strategiske utfordringar, men der Skate og kan bli orientert om innstilling/vedtak og grunngjeving.
    • Skate meiner at kriteria for medfinansieringsordninga bør endrast i tråd med Digdirs tidlegere råd. Digdir vil formidle Skates råd til KMD.

    5/21 Digdir sine hovudprioriteringar i 2021 og involvering av Skate

    Digdir/Knut Bjørgaas

    Utsende sakspapir før møtet

    • Sak 5-21 Saksframlegg - Digdirs hovedprioriteringer i 2021 og involvering av Skate
    • Sak 5-21 Vedlegg - Status for tiltakene i fra Skates evalueringsrapport fra 2019

    Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

    • Sak 5-21 Presentasjon - Digdirs hovedprioriteringer i 2021 og involvering av Skate

    Saka gjeld - Behandlingssak
    I Skate sitt nye mandat frå 1.4.2020 står det at Skate blant anna skal vere eit rådgjevande organ for Digitaliseringsdirektoratet (Digdir). Digdir finn det derfor naturleg å orientere Skate om direktoratet sine hovudprioriteringar for 2021 og planlagt involvering av Skate og Skate sitt arbeidsutval (AU).

    Digdir sine prioriteringar i 2021 er i hovudsak styrt av økonomi- og verksemdinstruksa til direktoratet og tildelingsbrevet for 2021, samt strategi- og OU-prosessen som no er godt i gong for å skape eitt Digitaliseringsdirektorat.

    Ut frå dette og utfyllande informasjon i sakspapira inviterer Digdir Skate til eventuelle synspunkt på planlagt involvering av Skate og AU i Digdir sine hovudprioriteringar for 2021.

    Råd frå Skate

    • Skate er i hovudsak positive til Digdir sin strategi og prioriteringar og set pris på å bli invitert inn i diskusjon om dette.
    • Det er viktig med fokus på heile den offentlege sektoren – Regjeringa si digitaliseringsstrategi, livshendingar, økosystemet. Ikkje berre på livshendingar.
    • Det er ynskjeleg med meir informasjon om kva Datafabrikken er og korleis Skate skal forholda seg til denne. Datafabrikken vil vere veldig viktig for arbeidet i både kommunal og statleg sektor.
    • Digdir bør vere enda tydelegare i si pådrivarrolle og konkretisere denne.
    • Det er ynskjeleg at Digdir og Skate løftar tverrgåande behov og problemstillingar til KMD. Kan Digdir ha ein enda tydelegare og formell rolle i å reise og løfte opp slike type problemstillingar?

    Vedtak

    • Digdir merkar seg og vil forsøke å ta omsyn til råda frå Skate i det vidare arbeidet med å planlegge og gjennomføre direktoratets oppgåver i 2021.

    Eventuelt

    Skate sitt toppleiarseminar 2021 – Foreløpig evaluering

    • Skate sitt toppleiarseminar vart gjennomført for fyrste gong 10.2.2021.
    • Skate-direktørane sine inntrykk/erfaringar:
      • Det blei uttrykt at det var gjort ein veldig god jobb med tilrettelegginga. Det ligger mye arbeid bak seminaret og det var interessant og lærerikt også for de deltakarane som elles ikkje er godt kjende med Skate-arbeidet
      • Digdir var sjølv fornøgd med at over 70 kommunar deltok på seminaret
    • Skate konkluderte i denne eventuelt-saka med:
      • Skate er fornøgd med gjennomføringa av Skate sitt toppleiarseminar 2021
      • Skate avventar endeleg evaluering og anbefaling frå Skate sitt arbeidsutval før vi tek stilling til framtidige toppleiarseminar frå Skate

    Skatesekretariatet, Microsoft Teams.

    Møtet vart avslutta kl. 11:07