Hopp til hovudinnhald

Om ressurssenteret

Kjerneoppgåvene til Nasjonalt ressurssenter for deling av data er å fremje deling og bruk av data ved å spreie kunnskap om regelverket, og å sørge for betre samspel mellom juss, teknologi, forretning og forvaltning.

Målet vårt

I digitaliseringsstrategien Én digital offentlig sektor (2019–2025) vart det slått fast at regjeringa ville etablere eit nasjonalt ressurssenter for deling av data, med spisskompetanse på samanhengen mellom juss, teknologi, forretnings- og forvaltningsprosessar.

Det overordna målet for ressurssenteret er å bidra til ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor som nyttar potensialet som finst i data og datadeling til å skape brukarvennlege tenester. Senteret skal leggje til rette for innovasjon, utvikling av nye tenester og verdiskaping ved at det oftare vert delt data mellom offentlege verksemder og mellom det offentlege og næringsliv, forskarar og frivillig sektor.

Juridisk rammeverk og tolkinga av regelverket er identifisert som eit av hindra for at data blir delt. Eit hovudprinsipp er at offentlege data skal delast når ein kan og skjermast når ein må. Ressurssenteret skal gjennom tolkingar av relevant regelverk synleggjere handlingsrommet for deling av data.

Senteret skal òg jobbe for å avdekka hindringar og fremje regelverksutvikling som støttar opp under politiske mål om digitalisering.

Senteret opna i september 2020. Sjå opptak frå opninga av ressurssenteret.