Hopp til hovudinnhald

Om ressurssenteret

Kjerneoppgåvene til Nasjonalt ressurssenter for deling av data er å fremje deling og bruk av data ved å spreie kunnskap om regelverket, og å sørge for betre samspel mellom juss, teknologi, forretning og forvaltning.

Målet vårt

I digitaliseringsstrategien Én digital offentlig sektor (2019–2025) vart det slått fast at regjeringa ville etablere eit nasjonalt ressurssenter for deling av data, med spisskompetanse på samanhengen mellom juss, teknologi, forretnings- og forvaltningsprosessar.

Det overordna målet for ressurssenteret er å bidra til ein effektiv og brukarorientert offentleg sektor som nyttar potensialet som finst i data og datadeling til å skape brukarvennlege tenester. Senteret skal leggje til rette for innovasjon, utvikling av nye tenester og verdiskaping ved at det oftare vert delt data mellom offentlege verksemder og mellom det offentlege og næringsliv, forskarar og frivillig sektor.

Juridisk rammeverk og tolkinga av regelverket er identifisert som eit av hindra for at data blir delt. Eit hovudprinsipp er at offentlege data skal delast når ein kan og skjermast når ein må. Ressurssenteret skal gjennom tolkingar av relevant regelverk synleggjere handlingsrommet for deling av data.

Senteret skal òg jobbe for å avdekka hindringar og fremje regelverksutvikling som støttar opp under politiske mål om digitalisering.

Senteret opna i september 2020. Sjå opptak frå opninga av ressurssenteret.

Kva arbeider ressurssenteret med?

Ressurssenteret er behovsdrevet. Dette betyr at senteret arbeider med konkrete førespurnader om deling av data frå offentlege og private verksemder. Dei konkrete førespurnadene gir ofte uttrykk for utfordringar som gjeld mange. I tillegg til å svara på førespurnadene arbeider derfor senteret med ein rettleier for rettslege rammer for deling av data som skal publiserast på Digitaliseringsdirektoratets nettsider i løpet av 2021.

Ressurssenteret leier koordineringsarbeidet for Schrems II i offentleg sektor.

I Digitaliseringsstrategien er det eit mål å utarbeida ein rettleiar for digitaliseringsvennlig regelverk. Ressurssenteret hadde ansvaret for dette, og den er nå publisert på Digitaliseringsdirektoratets nettsider. Tidlegare har vi saman med fleire offentlege verksemder laga ei rettleing om roller og ansvar ved deling av data.

Ein viktig måte å arbeida med regelverksutfordringar knytt til digitalisering er ved å gi innspel til høyringar. På denne måten blir utilsikta hindringer fanga opp som så tidleg som mogleg.