Hopp til hovedinnhold
06. juli 2023
3 minutter å lese

Når du treng helseattest for å få førarkort har enkelte fastlegar no fått på plass ei digital løysing. Den digitale løysinga er utvikla i eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse og Norsk helsenett. Vi er alle opptatt av korleis vi kan forenkle for brukarane våre. Historia om helseattest for førarkort er ei historie vi kan lære mykje av.  

I mai lanserte verksemdene ei digital løysing.

Med et tastetrykk kan mange fastleger nå sende over helseattest som bekrefter at sjåføren kan få førerkort, litt som å få godkjent sin egen EU-kontroll - av helsa.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) har vore heldig og har følgt prosessen i fleire år. Dette er ei historie fleire kan lære av.

Helsekrav i førarkort ein tidstjuv

I ei fellesføring for tildelingsbreva for 2014 vart dei statlege verksemdene bedt om å melde tidstjuvar. Desse vart meld inn i ei database oppretta av Digdir. Digdir oppsummerte innhaldet i databasen i tre notat. Det eine notatet handla om 10 område der fleire verksemder hadde meldt inn utfordringar og der gevinstane ved å gjera noko ville være stor. «Helsekrav i førarkort» var eitt av dei områda det var peika på. Arbeidsnotatet peika også på at designmetodikk kunne vera ein metode for å gjera prosessen enklare. Når Digdir saman med Design- og arktitektur Norge (DOGA) fekk ansvar for Stimulab-ordninga var det derfor naturleg å invitere aktørane til informasjonsmøte om ordninga. Før hadde dei einskilde aktørane greidd ut nye løysingar kvar for seg utan at det var etablert ei felles forståing av kva problemet var.

Stimulab gav verksemdene ei felles problemforståing

I 2015 gjekk Vegdirektoratet, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse og Politiet saman og søkte om støtte til Stimulab. Eit Stimulab-prosjekt handlar om å arbeide saman i en prosess der ein opnar op og utforskar problemet. Deretter skal aktørane definere tiltak og lukke prosessen. Utfordringa som prosjektet skulle løyse var:

«Forvaltinga av helsekrav for førarkort er ei kompleks samfunnsfloke der to tunge sektormyndigheiter (helse og veg) må samarbeide med andre aktørar (politiet, fastlegane i privat sektor og fylkesmannen) for å realisere gevinstpotensialet.»

I Stimulab-prosjektet «Vilkår for førarrett» jobba dei fire verksemdene med å få eit felles bilete og forståing av både strukturar og kompleksitet. Flaskehalsar og overlapping i saksflyt vart kartlagt. Praktiske konsept vart utarbeidd.

Det vart etablert ein felles ståstad mellom aktørane – noko tidlegare utgreiingar ikkje hadde lukkas med! Dette blei eit viktig utgangspunkt for det vidare arbeidet.

Det er krevende å sette mennesker i stand til å se systemene rundt seg.

Film frå Stimulab-prosjektet

Viktige erfaringar frå Stimulab-prosessen

  • Det er viktig å finne riktig nivå for samarbeidet. For å få felles engasjement kan ein ikkje vera for detaljert, men heller ikkje for abstrakt. Ofte må ein prøve seg frem til eit format som treff alle

  • Vær open for å forstå dei andre aktørane sin ståstad.

  • Det er stor verdi i å ha ein nøytral aktør som pådrivar og fasilitator av arbeidet.

  • Bruk tid på å finne kva for eit område i floken som skal utforskast i djupna, slik at ein kan eksperimentere seg frem til riktig nivå av forståing for både det utforskande og skapande arbeidet.

  • Det er viktig å skape ei kopling mellom det strategiske og taktiske nivået i utviklingsarbeidet, begge nivå har tilført arbeidet meir verdi

  • Skap engasjement hos dei som skal væra med og dei som skal prioritera og vedta. Engasjementet må vedlikehaldas gjennom å fortelje den gode historia. Bruk fleire teknikkar og format for å treffe alle.

  • Hald på den opne og kreative måten å jobba på, også når løysingane skal verte til leveransar. Ein må tørre å stå over tid i uvisse og stola på prosessen.

  • Ein suksessfaktor har vore å gje prosjektgruppa gjennom heile prosessen tid og rom til å utforska problemstillingar og løysingar i fellesskap.

Her kan du lese meir om erfaringane frå innovativ problemløysing mellom fire etatar i tre sektorar.

Arbeidet med helseattesten var også grunnlag for ei masteroppgave.

Finansiering og overgangen til realisering

Dei fleste samarbeidsprosjekt slit med å skaffe finansiering i dei ordinære prosessane. Og ofte er det ikkje dei som får den største utviklingsjobben, som sit igjen med gevinstane. Slik var det også i dette tilfellet med Direktoratet for e-helse som hadde den største utviklingsjobben på vegne av dei deltakande aktørane. Direktoratet for e-helse sende derfor ein søknad til medfinansieringsordninga for samfunnsøkonomisk lønnsame digitaliseringsprosjekt. Søknaden vart innvilga. Prosjektet vart satt på pause grunna koronahandteringa, men starta oppatt 2022. For at løysinga skal bli fullstendig krevst det utvikling og utrulling i regi av leverandørane av Elektronisk Pasientjournal (EPJ). Dei er på veg.

Direktoratet for e-helse har samanfatta viktige læringspunkt frå arbeidet Her er eit utval:

  • Det utforskande og innovasjonsdrevne forprosjektet finansiert gjennom Stimulab var ei viktig forutsetning for å lukkas

  • Samarbeidsprosjekt krev eit godt samarbeidsmiljø. Mange møtepunkt er naudsynt. Det må setjast av god tid til å gjennomføre avklaringar.

  • Samarbeidsforma må vera uformell med stor høgde under taket for ulike synspunkt.

  • Utviklingsprogram på tvers av sektorar utfordrar bruk av beste-praksis programmetodikk. Ingen verksemder kan forplikte dei andre, ingen programleiar kan ta endelege avgjerder. Konsensus er framgangsmåten for å ta avgjerder på dei fleste nivå.

  • Partane i tverrsektorielle program og prosjekt bør formalisere samarbeidet i ei samarbeidsavtale som er forankra på strategisk nivå i verksemdene. Dette vil sikre at forpliktingar knytt til ansvar og prioriteringar – både i gjennomføring, utrulling og etterfølgande drift og forvaltning

Les meir om erfaringane frå prosjektet i sluttrapporten til medfinansieringsordningen.

Løysinga skapar verdi for brukarane og forvaltninga

Løysninga gjev brukarane ein god samanheng i tenestene og enklare kvardag. Vi sparar tid, pengar og miljø. Dersom alle landets 4.900 fastlegar tar i bruk løysinga, vil rundt 200.000 personar sleppa å møta på trafikkstasjonen for å levere helseattesten på papir. For å få til dette må fleire EPJ-leverandørar legge til rette for at fastlegane kan ta i bruk funksjonaliteten. Nokre er med. Vi håper andre følgjer etter.

Til sist vil vi framheva at det også er jobba med regelverket og retningslinjene for kva diagnosar som kan gjer det mogeleg å behalde førarkortet, og kva diagnosar som fører til at ein sjåfør mister retten til førarkort. Dette gjer det enklare for fastlegen å utarbeide ein god helseattest.

Portrett Hans Nilsson
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Hans Gøran Nilsson

Hans Nilsson har en utdannelse innen systemteori/systemanalyse og økonomi. Han bistår virksomheter som jobber med sammenhengende tjenester og som skal samarbeide på tvers. Han er i sekretariatet til Digitaliseringsrådet.

Portrettbilde Mette Louise Mannsåker
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Mette Louise Mannsåker

Mette Mannsåker har jobbet i Digdir siden 2014. Her har hun blant annet jobbet med tidstyvprosjektet, sammenhengende tjenester og sekretariatet for Digitaliseringsrådet. Mette er utdannet sosialantropolog, og har lang erfaring i offentlig sektor både fra kommunal og statlig sektor, departement og direktorat.

Portrettbilde Elin Oksavik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Elin Oksavik

Elin Oksavik leder sekretariatet for Digitaliseringsrådet og sitter i kjerneteamet til medfinansieringsordningen. Hun hjelper virksomheter og ledere å lykkes med digitalisering ved hjelp av Digdirs virkemidler. Hun har en mastergrad fra London School of Economics og lang erfaring fra direktorat og offentlige digitaliseringstiltak.

Portrett Sigrid Grønland Hoel
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigrid Grønland Hoel

Sigrid Grønland Hoel er prosjektleder av Stimulab og seniorrådgiver i Digitaliseringsdirektoratet. Hun har flere års erfaring som produkteier i NAV, og har jobbet mye med brukerinvolvering og produktansvar. Hoel er utdannet kriminolog ved Universitetet i Oslo

Forfattere

Portrett Hans Nilsson
Hans Gøran Nilsson
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Portrettbilde Mette Louise Mannsåker
Mette Louise Mannsåker
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Portrettbilde Elin Oksavik
Elin Oksavik
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Portrett Sigrid Grønland Hoel
Sigrid Grønland Hoel
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarer (3)

T

Torodd Nikolaisen

14. juli 2023

Jeg må ta førerkortet på ny

H

HazelAcado

09. april 2024

CBD exceeded my expectations in every way thanks https://www.cornbreadhemp.com/blogs/learn/how-long-does-thc-stay-in-you… . I've struggled with insomnia on years, and after trying CBD pro the first mores, I finally knowing a full nightfall of restful sleep. It was like a weight had been lifted off my shoulders. The calming effects were calm yet intellectual, allowing me to inclination off obviously without sympathies punchy the next morning. I also noticed a reduction in my daytime angst, which was an unexpected but receive bonus. The tactfulness was a minute rough, but nothing intolerable. Whole, CBD has been a game-changer for my sleep and solicitude issues, and I'm thankful to arrange discovered its benefits.

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
5 + 3 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.