Hopp til hovudinnhald

Rapport Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2023

Medlemmene i Digitaliseringsrådet

Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.

Vi har hatt gode og nyttige samtalar med rådet. Vi møtte eit godt sammensett råd med ulik bakgrunn og erfaring som blei delt med oss. Samtalane var åpne og støttande og heile vegen hadde vi ei oppleving av at dei ville oss vel.

Svein Ragnar Kristensen, leder Digitaliseringsrådet

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet Svein Ragnar Kristensen

Kristensen er tidlegare leiar av Digitaliseringsrådet. Han var skattedirektør frå juli 2006 til juli 2013 og har til saman 18 år i Skatteetatens leiing. Dette var ein periode med omfattande IKT-utvikling, digitalisering av tenestene og store omstillings- og organisasjonsprosessar der IKT var ein viktig drivar. Han har tidlegare vore administrasjonsdirektør i Rikstrygdeverket og Direktoratet for arbeidstilsynet, byråsjef i KAD og medarbeidar i APs stortingsgruppe. Sidan 2013 har Kristensen støtta Politidirektøren med omstillinga av politiets administrative funksjonar. Han er utdanna siviløkonom.

Spisskompetanse:

tidleg involvering av brukarane i utviklingsprosessane

bruk av digitalisering som drivar for omstilling og fornying

endringsleiing og kulturarbeid i tillegg til teknologi

betydninga av god og åpen dialog mellom departement og etat

Jan-Olav Styrvold, medlem Digitaliseringsrådet

Bedriftsrådgivar, Styrvold Consulting Jan-Olav Styrvold

Styrvold er tidlegare norsk administrerande direktør og Vice President EMEA i eit amerikansk programvareselskap, seinare partnar i norsk bedriftsrådgjevingsfirma i 13 år. Han har også vore direktør for Økonomi og IT i AS Vinmonopolet. I tillegg har Styrvold også sete som styreleiar og styremedlem i ei rekkje norske verksemder innan IT-teknologi. Han driv no konsulentfirma innen prosjektleiing.

Spisskompetanse:

    lang erfaring som prosjektleiar i store, komplekse prosjekt bakgrunn for kostnadsestimering i ulike typar prosjekt kvalitetssikring av store prosjekt i privat og offentleg sektor fokus på gevinstrealisering/nyttestyring
Nina Aulie, medlem Digitaliseringsrådet

Divisjonsdirektør for verksemdstyring, Helsedirektoratet Nina Aulie

Aulie har cand.mag i samfunnsfag frå universitetet i Bergen og Oslo og er ein erfaren endringsleiar. Ho har meir enn 20 års erfaring frå toppleiing i offentleg sektor, der ho har jobba med implementering av prosessar og organisasjonsendringar. Aulie har også leia omfattande endringsprosessar i store organisasjonar som Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet.

Spisskompetanse:

    "å ta oss frå der vi er til dit vil vil" kva er behovet for endring, og er behovet enkelt forklart? har dei som skal vera med på endringsreise tatt imot og forstått behovet?
Magne Jørgensen, medlem Digitaliseringsrådet

Professor, OsloMet/SimulaMet Magne Jørgensen

Jørgensen har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Metropolitan Center for Digital Engineering, leiar av EDOS-programmet (Effektiv Digitalisering av Offentlig Sektor), og professor ved OsloMet. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter.

Spisskompetanse:

leiing av digitaliseringsprosjekt

nyttestyring/gevinstrealisering, særlig i gjennomføringsfasen

kost/nytte og usikkerheitsanalysar

smidige forretnings- og utviklingsprosessar

Eli Stokke Rondeel, medlem Digitaliseringsrådet

Einingsleiar for IKT-prosjektportefølje, Helse Sør-Øst Eli Stokke Rondeel

Rondeel er utdanna sivilingeniør frå NTH/NTNU innan signalbehandling i 1994. Ho har jobba 15 år som konsulent i Accenture og Devoteam. Sidan 2009 har ho jobba i Sykehuspartner som avdelingsleiar. Frå 2012 til 2015 har ho vore prosjektleiar for eit av dei største prosjekta innan helse i Noreg og gjennomført eit stort endringsleiings- og systeminnføringsprosjekt med eit budsjett på over 900 MNOK. Sidan 2018 har ho jobba som einingsleiar for IKT-prosjektportefølje i Helse Sør-Øst RHF og har ansvaret for gjennomføring av alle dei regionale IKT-prosjekta i regionen.

Spisskompetanse:

    solid teknisk kunnskap jobbar med portefølje-, program- og prosjektleiing har god kjennskap til Prosjektvegvisaren lang erfaring med endringsleiing i komplekse og samansette organisasjonar
Portrettbilde av Kjetil Århus - medlem i Digitaliseringsrådet siden 2016

Direktør for digitalisering og innovasjon, Bergen kommune Kjetil Århus

Århus har jobbet med IKT og digitalisering i offentlig sektor siden 2007. Fra 2011 har han vært direktør for området i Bergen kommune. Han har vært initiativtaker og pådriver til kommunesektorens digitaliseringsnettverk og er leder for DigiVestland for Vestland kommunene. Han har roller i kommunesektorens sentrale samstyringsstruktur, er medlem i KommIT-rådet og KS sitt digitaliseringsutvalg. Og han har vært medlem i KDD/ Digdir sitt Digitaliseringsråd siden opprettelsen i 2016.

Bildet viser Ann Merethe Lysø Sommerseth, medlem av Digitaliseringsrådet

CEO, ANEO Industry AS Ann Merethe Lysø Sommerseth

Sommerseth har lang erfaring som forretningsleiar innan innovasjon, digitalisering og kommersialisering av teknologi i privat sektor. I 2022 leia ho fram eit datterselskap frå forretningsidè til marknad i TrønderEnergi. Selskapet heiter ANEO Industry AS og leverer løysinger for energieffektivisering og nullutslipp gjennom bærekraftige forretningsmodellar. Ann Merethe er dagleg leiar i det nye selskapet.

Ann Merethe har blant anna ein master i Executive Management og har vært dagleg leiar for eit konsulentselskap i Trondheim, EGGS Design, som leverer tenester innan design og digitalisering. Ho er foredragshaldar og strategisk rådgjevar innan innovasjon og design thinking. Ho har mange år erfaring frå digital banking i Tieto Evry der ho har leia fleire digitale innovasjonar for bank og finanssektoren.

Spisskompetanse:

    ein entreprenør, teknologi-entusiast og "design-thinker" som er spesielt oppteken av at teknologi støttar oppunder brukarbehov ser det store biletet, og har samtidig fokus på at ein brukar rett metodikkar for å lukkast i ein konkurranseutsett marknad
Alv H. Sørland, medlem Digitaliseringsrådet

Bydelsdirektør, Bydel Østensjø, Oslo kommune Alv H. Sørland

Sørland har arbeids- og leiarerfaring frå kommune, fylkeskommune, Kommunaldepartementet, Husbanken, Integrerings- og mangfoldsdriektoratet (IMDI), og frå ein næringsdrivande stifting. I IMDI var Sørland mellom anna programdirektør for direktoratets digitaliseringssatsing, kor han framleis er medeigar og styreleiar i eit teknologiselskap. Sørland er utdanna siviløkonom frå BI. I tillegg har han ein diplomgrad i planlegging frå Edingburgh College of Art.

Spisskompetanse:

    korleis digitalisering vil og kan endre kommunal tenesteproduksjon korleis offentleg sektor kan utvikle gode strategiar for ein digital kvardag kva rolle toppleiarar kan og må ta for å lukkast med det digitale skiftet
Portrettbilde av May Liss Wasmuth - medlem i Digitaliseringsrådet siden 2020

Prosjektleiar, KSAT (Kongsberg Satellite Services) May Liss Wasmuth

Wasmuth er sivilingeniør i informatikk frå Universitetet i Tromsø, og har ein MBA frå Santa Clara University i California. Ho har jobba med utvikling av sjølvbetente løysningar og digitalisering i bank og finans i 10 år. Ho har vidare jobba med utvikling av verdikjeder og infrastruktur både innanfor telekom og helsesektoren. I dag jobbar ho som prosjektleiar i KSAT (Kongsberg Satellite Services) for å byggje opp eit nettverk av internasjonale bakkestasjonar for satelittkommunikasjon.

Spisskompetanse:

digitalisering og innovasjon

fokus på kundeperspektivet i løysinga

korleis kombinasjonen teknologi og bruk gjer meirverdi

Sven Marius Urke, medlem Digitaliseringsrådet

Direktør, Domstoladministrasjonen (DA) Sven Marius Urke

Urke har vært direktør for Domstoladministrasjonen (DA) sidan 2014. DA er den administrative overbygginga for alle domstolane i landet, med ansvar for mellom anna utvikling og drift av kostnadseffektive, brukarvenlege, sikre og stabile IT-løysingar for domstolane. Før han kom til DA arbeidde han med internasjonal bistand til justissektoren på Balkan, særleg med planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt som ei transformerande kraft i utviklinga av domstolane, domstoladministrasjonen og påtalemakta i Bosnia og Herzegovina.

Spisskompetanse:

    utvikling av digitale tenester med brukaren i sentrum verksemdsutvikling gjennom bruk av teknologi/IT planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt sett frå verksemdsleiar sitt perspektiv