Hopp til hovudinnhald

Rapport Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2023

Vi må ha meir fart!

Digitalisering er avgjerande for at offentlege verksemder skal klare å levere godt på samfunnsoppdraga sine og løyse dei store utfordringane samfunnet står overfor.

For å få meir verdi av digitalisering må vi jobbe på nye måtar og fornye oss. Dette klarer vi ikkje utan å samarbeide på tvers av alle nivå og sektorar. Forvaltninga er inne i ein digital transformasjon med nye samarbeidsformer. Teknologiutviklinga går stadig raskare. Det er ingen grunn til å vente på den digitale transformasjonen. Vi står allereie i han.

Svein Ragnar Kristensen, leder Digitaliseringsrådet

Det er spennande å sjå korleis offentlege verksemder trener på korleis dei skal innrette og organisere utviklingsarbeidet sitt. Alle seier dei jobbar smidig. Samtidig er det tydeleg at dei praktiserer det på ulike måtar. Når dei går over til smidig utvikling i varige team, påverkar det heile organisasjonen. Nokre opplever at det oppstår friksjon når nye arbeidsformer møter etablerte strukturar. No er det endå viktigare at fagsida er godt integrert i utviklingsarbeidet.

Modige leiarar går aldri av moten. Vi som leiarar må sette retning, skape meining og gå føre i kulturbygginga. Men vi veit ikkje alltid best og må trene på å leie på nye måtar. Det svekker ikkje kontrollen, men opnar for læring i heile organisasjonen.

Det får òg konsekvensar for samspelet mellom verksemda og departementet. Departementa må òg fornye seg.

Det er dette vi kastar lys over i årets rapport.

Det ligg mykje god kontroll i å vere transparent

Å jobbe smidig er ikkje ein heime-aleine-fest. Fleire vi møter, er usikre på korleis dei kan ha kontroll når dei skal jobbe på nye måtar, tilpasse seg endringar og trene seg fram til gode løysingar. Fleire fortel at tradisjonelle kontrollmekanismar gradvis blir erstatta med openheit, tillit og transparens – både i verksemdene og i forholdet til departementa.

Vi treng ei kraft som saman med dei andre statsrådane kan sette retning for utvikling og bidra til at vi får meir ut av ressursane. For at dette skal lykkast, må den nye statsråden få eit tydeleg samordningsmandat.

Ny statsråd for digitalisering og forvaltning skaper forventningar

I innspurten av arbeidet med denne rapporten har regjeringa utnemnt ein ny statsråd og oppretta eit nytt departement med ansvar for digitalisering og forvaltning. Dette er eit grep vi har ivra for!

Vi treng ei kraft som saman med dei andre statsrådane kan sette retning for utvikling og bidra til at vi får meir ut av ressursane. For at dette skal lykkast, må den nye statsråden få eit tydeleg samordningsmandat. Å gå tilbake til gamle FAD (Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet) vil ikkje føre fram. Som statsminister Støre har sagt, må vi få til samarbeid med ei fast hand.

Dette, i tillegg til arbeidet med ny digitaliseringsstrategi, gjer at vi lever i ei spennande tid.

Ny digitaliseringsstrategi må styrke gjennomføringskrafta

Eg er ikkje i tvil om at den nye digitaliseringsstrategien til regjeringa vil ha høge ambisjonar. Like viktig er det at strategien gir auka gjennomføringskraft. Han må vise korleis vi skal nå måla. Når vi verkeleg set brukaren i sentrum, er det mange aktørar som kan bidra. Vi må samarbeide meir med privat og frivillig sektor. Vi må kvitte oss med den berøringsangsten som mange i forvaltninga har for samarbeid med næringsliv og frivilligheit. Eg meiner klar rolleforståing og god forvaltningsskikk opnar for godt offentleg-privat samarbeid.

Takk for meg!

Denne erfaringsrapporten er den åttande vi gir ut. Det er mykje god læring som er samanfatta i desse rapportane. Dei viser òg at forvaltninga stadig utviklar seg og er på eit heilt annan stad enn då rådet blei utnemnt i 2016.

Vi nærmar oss slutten av den andre oppnemningsrunden for rådet. Eg kjenner meg privilegert som har fått anledning til å leie eit så fagleg dyktig råd. Det gode samarbeidet med sekretariatet i Digitaliseringsdirektoratet har vore ein føresetnad for at vi har lykkast som råd. Ikkje minst har det vore ein stor inspirasjon å møte dei dyktige leiarane og medarbeidarane frå dei nesten åtti verksemdene som har nytta rådet. Ein stor takk til Kommunal- og distriktsdepartementet for tilliten og den gode støtta.

Eg ønsker den nye leiaren og det nye rådet lykke til vidare.

Svein Ragnar Kristensen, leder Digitaliseringsrådet

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet Svein Ragnar Kristensen

Kristensen er tidlegare leiar av Digitaliseringsrådet. Han var skattedirektør frå juli 2006 til juli 2013 og har til saman 18 år i Skatteetatens leiing. Dette var ein periode med omfattande IKT-utvikling, digitalisering av tenestene og store omstillings- og organisasjonsprosessar der IKT var ein viktig drivar. Han har tidlegare vore administrasjonsdirektør i Rikstrygdeverket og Direktoratet for arbeidstilsynet, byråsjef i KAD og medarbeidar i APs stortingsgruppe. Sidan 2013 har Kristensen støtta Politidirektøren med omstillinga av politiets administrative funksjonar. Han er utdanna siviløkonom.

Spisskompetanse:

tidleg involvering av brukarane i utviklingsprosessane

bruk av digitalisering som drivar for omstilling og fornying

endringsleiing og kulturarbeid i tillegg til teknologi

betydninga av god og åpen dialog mellom departement og etat