Skate-møte 18. desember 2019 – referat

På agendaen stod erfaringar med GDPR, handlingsplan for digitaliseringsstrategien frå regjeringa, Skate sine forventningar til Digitaliseringsdirektoratet, tverrgåande digitaliseringstiltak – Difi si årlege anbefaling til KMD, rammer og føringar for Skate-møta, Skate sin møteplan 2020 og saksliste neste halvår og nytt mandat for Skate sitt arbeidsutval.

Møtestad: Difi, Grev Wedels plass 9. Møterom 2015, 2.etg
Møtetid: 09:00–11:30

Deltaking

Medlemmar av Skate

- Steffen Sutorius, Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)
- Lars Peder Brekk, Brønnøysundregistrene (BR)
- Christine Bergland, Direktoratet for e-helse (eHelse)
- Jørn Leonhardsen pva Hans Christian Holte, Skattedirektoratet (SKE)
- Olav Petter Aarrestad pva Anne Cathrine Frøstrup, Statens kartverk (Kartverket)
- Kristin Weidemann Wieland, KS
- Arild Sundberg, Oslo Kommune
- Jonas Slørdahl Skjærpe pva Sigrun Vågeng, Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)
- Nina Schanke Funnemark, Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen)
- Inga Bolstad, Arkivverket
- Roar Olsen, Unit (Direktoratet for IKT og fellestjenester i høyere utdanning og forskning)

Bisitjarar

- Øyvind Akerhaugen, Arkivverket
- Lise Karlsen, BR
- Kristine Aasen, BR
- Norunn Saure, eHelse
- Jan Stensby, Kartverket
- Ingunn Cowan, Lånekassen
- Håkon Tverrli, NAV
- Inger-Mari Ouren, SKE
- Ingrid Melve, Unit
- Grete Orderud, Difi
- Knut Bjørgaas, Difi

Sekretariat

- Jan Sørgård, Difi
- Karete Hvidsten, Difi

Deltaking på saker

- Bjørn Erik Thon, Datatilsynet, sak 20/19
- Asbjørn Finstad, KS, sak 21/19

Saksliste

Faste saker

  • Godkjenning agenda
  • Godkjenning referat frå Skate-møte 16.10.2019
    Difi/Steffen Sutorius

Saker til behandling

  • 20/19 Erfaringar med GDPR - Korleis kan Skate bidra i utfordringsbildet
    Datatilsynet/Bjørn Erik Thon
  • 21/19 Handlingsplan for digitaliseringsstrategien frå regjeringa – Versjon 1
    KS/Asbjørn Finstad og Difi/Knut Bjørgaas
  • 22/19 Skate sine forventningar til Digitaliseringsdirektoratet
    Difi/Steffen Sutorius
  • 23/19 Tverrgåande digitaliseringstiltak – Difi si årlege anbefaling til KMD
    Difi/Knut Bjørgaas
  • 24/19 Rammer og føringar for Skate-møta
    Difi/Steffen Sutorius
  • 25/19 Skate sin møteplan 2020 og saksliste neste halvår
    Difi/Steffen Sutorius
  • 26/19 Nytt mandat for Skate sitt arbeidsutval (AU)
    Skatesekretariatet/Jan Sørgård

Orienteringssaker

Eventuelt

 

Faste saker

Godkjenning av agenda 18.12.2019

Agendaen vart godkjent.

Godkjenning av referat frå 16.10.2019

Referatet vart godkjent.

Saker til behandling

20/19 Erfaringar med GDPR - Korleis kan Skate bidra i utfordringsbildet

Datatilsynet/Bjørn Erik Thon

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 20-19 Saksframlegg - Erfaringer med GDPR - Hvordan kan Skate bidra i utfordringsbildet
  • Sak 20-19 Vedlegg - Presentasjon med erfaringsdata

Saka gjeld - Behandlingssak
Ved innføring av EU si personvernforordning i norsk rett vart krava skjerpa for når det skal meldast avvik knytt til brot på konfidensialitet, integritet eller tilgjenge. Etter innføringa har Datatilsynet motteke svært mange avviksmeldingar. Det gjev tilsynet stor kunnskap om kva som er vanlege feil, kva område det gjeld og i kva sektorar det skjer. Det er nok framleis underrapportering både generelt og for einskilde sektorar og deler av sektorar spesielt.

Datatilsynet ønskjer å bruke den kunnskapen desse avviksmeldingane gjev til å være meir målretta i eige arbeid både med tilsyn og rettleiing. Datatilsynet meier samtidig at dersom ein skal lukkast fullt ut med å få auka kunnskap, implementering og bruk av informasjonstryggleik og innebygd personvern, så må verksemdene ta si rolle i dette. Når det gjelder offentleg sektor gjeld dette også samarbeidsarenaer som Skate, interesseorganisasjonar som KS og samspel mellom ulike offentlege mynde.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Ein god og interessant presentasjon
  • Statistikkbildet er samansett. Kommunane er t.d. spesielle sidan dei leverer mange tenester og sit på mykje personinformasjon
  • Ei utfordring for læring av avvik i offentleg sektor er at avvik ofte blir eit politisk spel
  • Regelverket er krevjande. Fint at Datatilsynet vil vidareutvikle rettleiing ut frå ny kunnskap
  • Skate kan gje råd og anbefalingar, men ikkje stille krav. Avgjerda i denne Skate-saka må gjenspegle det, samtidig som ein understrekar at erfaringane og oppfølging er viktig
  • Det er viktig å halde fast ved og tydeleggjere at det er dei einskilde verksemdene sitt ansvar å etterleve regelverket
  • Læringsarenaen Datatilsynet foreslår bør etablerast hos Datatilsynet. Fleire av Skate-verksemdene har arbeidd med dette og kan være interessert i å både bidra og lære
  • Avvik og læring kan være aktuelle tema på Skate sine fagdagar eller toppleiarseminar

Vedtak

  • Skate gir uttrykk for at avvik er ein viktig ressurs for læring
  • Skate oppfordrar eigarane av felleskomponentar til å ivareta personvern i sine løysingar
  • Skate anbefaler at personvern vert ivareteke gjennom sentrale styrande dokument, bl.a. Digitaliseringsrundskrivet
  • Skate ynskjer å involvere Datatilsynet i sitt arbeid med personvern
  • Skate vil setje personvern på agendaen for å lære av kvarandre sin suksessar og feil på området

21/19 Handlingsplan for digitaliseringsstrategien frå regjeringa – Versjon 1

KS/Asbjørn Finstad og Difi/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 21-19 Saksframlegg - Handlingsplan for regjeringens digitaliseringsstrategi - versjon 1
  • Sak 21-19 Vedlegg - Forslag til Handlingsplan - versjon 1

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 21-19 Presentasjon - Handlingsplan for regjeringens digitaliseringsstrategi

Saka gjeld - Behandlingssak
Difi har fått i oppdrag frå KMD om å lage ein handlingsplan innan 31.12.19 for oppfølging av regjeringa sin digitaliseringsstrategi. Difi har arbeidd tett saman med KS og Skate sitt arbeidsutval i utforminga av forslag til plan. Etter ønske frå KMD har Difi også hatt tett dialog med KMD i arbeidet. Tilnærming og utkast har og vore til handsaming i dei to siste Skate-møta.

Det er semje med KMD om at handlingsplanen i første versjon skal være ei oversikt over dei initiativa som blir prioriterte i 2020. KS, Skate sitt arbeidsutval og Difi foreslår ei tilnærming der livshendingane er drivarar for dei andre innsatsområda og initiativa som blir prioritert i handlingsplanen. Det skal etablerast eit oppfølgingsregime med oppfølging i ordinær styringslinje og styrka samarbeid og koordinering på tvers av innsatsområde og initiativ. Når handlingsplanen blir etablert vil Difi sin tverrgåande digitaliseringsstrategi gå ut, og dei fleste tiltaka der blir overført til nivå 3 i handlingsplanen.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Fleire reiste spørsmål ved om styringsmodellen sikra koordinering med departement som ikkje er eigarar av dei prioriterte livshendingane, men som hadde underliggande verksemder som bør bidra både i arbeidet med livshendingane og understøttande tiltak
    o Dette bør adresserast til KMD som koordinator på departementsnivå
  • Nokon viste til sektorar som har eigne sterke samhandlingsløysingar. Andre, som kommunesektoren spesielt, møter da mange slike. Dei sakna eit tydeleg fokus på offentleg sektor sin felles verksemdarkitektur som fundament for samanhengande tenester
    o Samordning av sektorstyring på digitaliseringsområdet må adresserast
  • Fleire ønskjer ei tydelegare målformulering for handlingsplanen. Kva ønskjer vi å oppnå og kva er verdien av leveransane
  • Fleire peika på at det er veldig mange tiltak i handlingsplanen. Vi må avklare kva som er viktigast å levere og prioritere ut frå det
  • Fleire viste til at dette ville bli dyrt og reiste spørsmål ved korleis alt dette skal finansierast. Signala så langt er innanfor eksisterande budsjett, men er det realistisk? Realismen må raskt opp på bordet
  • Fleire viste til at vi er avhengig av at alle aktivitetane blir godt koordinert og avstemt. Det heng saman med det mandat og den rolle det nye Digitaliseringsdirektoratet får
  • Fleire var opptekne av at det som skal utviklast også må driftast, forvaltast og finansierast
  • Mange gav ros til Difi for prosessen med handlingsplanen
  • Fleire oppfordra om å etablere ei tydeleg porteføljestyring av aktivitetane
  • Mange understreka at det er spesielt behov for avklaringar om styring, koordinering og finansiering
  • Difi informerte om at prosess for å ivareta innspela frå Skate allereie er diskutert med Skate sitt arbeidsutval og KS. Det er planlagt ein 1.1 versjon i første halvår 2020

Vedtak

  • Skate gir sin tilslutning til første versjon av handlingsplan for regjeringa sin digitaliseringsstrategi med følgjande innspel:
    o Mål, altså kva som skal oppnåast med handlingsplanen, må konkretiserast i 2020
    o Handlingsplanen er ambisiøs og ei strammare prioritering må til. På bakgrunn av dette må det også arbeidast vidare med styring, koordinering og finansiering av handlingsplanen. Skate ønsker å bidra til dette

22/19 Skate sine forventningar til Digitaliseringsdirektoratet

Difi/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 22-19 Saksframlegg - Skates forventinger til Digitaliseringsdirektoratet
  • Sak 22-19 Vedlegg - Utdrag fra Prop. 1 S (2019 – 2020) fra KMD

Saka gjeld - Behandlingssak
I mars 2019 avgjorde regjeringa at Altinn og delar av Difi skulle samlast i eit nytt digitaliserings-direktorat frå 1.1.2020. Difi sine avdelingar for leiing, utredning og analyse og offentlege anskaffingar blir overført til DFØ, dei to første frå 1.1.2020 og den siste frå seinast 1.9.2020.

Ut frå Skate si rolle og mandat er det naturleg at Skate gir uttrykk for sine forventningar til det nye Digitaliseringsdirektoratet. Eit utgangspunkt og ramme for innspela er Regjeringa sine mål og forventningar for det nye direktoratet under «Endringer i det IT- og forvaltningspolitiske virkemiddelapparatet» i Prop.1 S (2019 – 2020) frå KMD.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Fleire peika på at KMD bør delegere meir til Digitaliseringsdirektoratet for at det skal bli eit sterkt og godt direktorat. Mange ser at KMD har hatt ei mykje større detaljstyring av Difi enn det som er vanleg frå andre departement
  • Fleire peika på at Digitaliseringsdirektoratet må tydeleggjere og ta ei sterkare rolle som premissgjevar, få gode verkemiddel og være sterke på å skape god rammer for digitaliseringa
  • Håper vi får eit tydeleg og sterkt digitaliseringsdirektorat som har ei sterk stemme på korleis ein får til ein samhandlande offentleg sektor og god bruk av felleskomponentane. Det er viktig med fagleg kompetanse
  • Jobb oppover og på tvers av departementa for å legge til rette for samhandling
  • Direktoratet må legge til rette, redusere hindringar for digitalisering og gjere tilgjengeleg fellesløysingar det er behov for
  • Viktig at digitaliseringsdirektoratet blir eit direktorat som koordinerer og samordnar
  • Viktig at direktoratet arbeider vidare med felles arkitektur og rammeverk for Noreg
  • Den positive utviklinga i Difi med tanke på samhandling og samarbeid med andre må fortsetje
  • Behold innovasjonskulturen som har vore i Altinn
  • Fleire peika på at direktoratet har ei krevjande rolle som både premissgjevar og leverandør, herunder leverandør som krev betaling. Det gir ei krevjande åtferd til tider som fleire slit med. Set denne utfordringa på agendaen og avklar om dette på sikt er ein god modell for eit myndighetsorgan
  • Når fleire felleskomponentar kjem under same struktur er det ei forventning om at dei blir enklare å bruke og at dei samhandlar betre
  • Gjennom samanslåinga må direktoratet ta ut synergiar gjennom identifisering av overlappande funksjonalitet. Bruk dei felleskomponentane vi har og sørg for gode løysingar samla sett

Vedtak

  • Digitaliseringsdirektoratet vert oppfordra til å ta omsyn til Skate sine forventningar til Digitaliseringsdirektoratet

23/19 Tverrgåande digitaliseringstiltak – Difi si årlege anbefaling til KMD

Difi/Knut Bjørgaas

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 23-19 Saksfremlegg - Tverrgående digitaliseringstiltak - Difis årlige anbefaling til KMD
  • Sak 23-19 Vedlegg - Difis foreløpige anbefaling

Presentasjon vist i møtet og som følger referatet

  • Sak 23-19 Presentasjon - Tverrgående digitaliseringstiltak - Difis årlige anbefaling til KMD

Saka gjeld - Behandlingssak
Under Difi sitt arbeid med Kartlegging av statlege digitaliseringstiltak har Difi mellom anna målet Identifisere og anbefale tverrgåande digitaliseringstiltak som bør prioriterast i budsjettprosessen til regjeringa, eller som bør støttast/finansierast på annan måte. Difi gjennomførte kartlegginga og anbefalingane første gong i 2018.

Vurderingskriteria frå 2018 vart våren 2019 revidert i samråd med Skate sitt arbeidsutval. Kriteria er no enklare å bruke og betre tilpassa dei overordna politiske måla uttalt i Digital agenda og regjeringa sin nye digitaliseringsstrategi. Difi si foreløpige anbefaling i 2019 kjem fram i vedlegg til saksframlegget for Skate. Etter at sakspapira vart sendt ut er det avklart at eit nytt tiltak med Skatteetaten som eigar vil bli lagt til i lista over anbefalte tiltak – jf. presentasjonen i saka.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • KS presiserte at kommunane har vore lite involvert i tiltaksforslaga sjølv om mange av dei treff kommunane. Det er ikkje slik det burde ha vore
  • Nokon sakna ein betre eller tydelegare samanheng mellom tiltaka. Vanskeleg å sjå korleis dei adresserer behova
  • Nokon stussa over den økonomiske spennvidda mellom tiltaka og reiste spørsmål ved om det var lurt å ha eit så stort spenn
  • Brønnøysundregistra sakna eit prosjekt knytt til BRSys og Enhetsregisteret i lista over anbefalingar
  • Difi informerte om at vurderingane og anbefalingane var basert på informasjon om tiltaka gitt av tiltakseigarane. Difi vil informere KMD om Brønnøysundregistra sin merknad. Til neste år vil ein leggje vekt på å få ein tydelegare samanheng med den nye digitaliseringsstrategien og tilhøyrande handlingsplan. Ein vil og sjå på kriteria ut frå innspelet om den store økonomiske spennvidda

Vedtak

  • Skate tek saka til orientering
  • Difi/Digitaliseringsdirektoratet vurderer høveleg oppfølging av innspela frå Skate

24/19 Rammer og føringar for Skate-møta

Difi/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 24-19 Saksframlegg - Rammer og føringer for Skate-møtene
  • Sak 24-19 Vedlegg - Forslag til Rammer og føringer for Skate-møtene

Saka gjeld - Behandlingssak
Eit av tiltaka etter evalueringa av Skate våren 2020 var at Difi skulle utarbeide forslag til avklaring av Difi sine ulike roller i Skate-møta, herunder møteform, representasjon, gjennomføring og fasilitering. Forslaget skulle forankrast i Skate.

Difi har no utarbeidd eit slikt forslag kalla Rammer og føringar for Skate-møta. Forslaget var vedlegg til saksframlegget.

Vedtak

  • Skate gir tilslutning til Difi sitt forslag til Rammer og føringar for Skate-møta
  • Rammene og føringane blir justert seinare dersom Skate uttrykker behov for det

25/19 Skate sin møteplan 2020 og saksliste neste halvår

Difi/Steffen Sutorius

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 25-19 Saksframlegg - Skates møteplan 2020 og saksliste neste halvår

Saka gjeld - Behandlingssak
I samsvar med gjeldande prosedyrar skal no Skate sine møter for 2020 bli formelt fastsett og saksplan for våren 2020 sett opp. Skate sitt arbeidsutval (AU) har gitt sine forslag til Difis direktør. Dette er hovudgrunnlaget for denne saka saman med tidlegare føringar frå Skate og sentrale leveransekrav i forventa tildelingsbrev til Digitaliseringsdirektoratet.

Oppsummering av refleksjonar og innspel

  • Positivt at Difi fylgjer opp Skate sitt ynskje og prøver å få til eit nytt møte med digitaliseringsministeren
    o Fint om ein då kunne utfordre statsråden til å gje sine signal og forventingar til Skate
    o Fint om statsråden i eit møte med Skate og kan dele sine tankar bak den planlagde stortingsmeldinga om datadrevet økonomi og innovasjon og eventuelt korleis han koplar dette mot kunstig intelligens
  • Sikkerhetsproblematikken har tidlegare vore foreslått som sak i Skate. Det burde takast opp igjen i løpet av året
  • eHelse held på med nasjonal helsejournal. Det er ikkje berre digitalisering. eHelse kan informere om dette på eit møte
  • Brønnøysundregistrene arbeider saman med andre registerverksemder i Norden om Nordic smart government. Brønnøysundregistrene kan informere om dette på eit møte
  • Det var ingen forslag om kva som eventuelt burde nedprioriterast og takast ut av Difi sitt framlagde forslag til saker for første halvår 2020

Vedtak

  • Skate gir tilslutning til Difi sitt forslag til møteplan for Skate i 2020 og saksplan for Skate vårhalvåret 2020, men ber Digitaliseringsdirektoratet også vurdere innspel gitt i møtet for den samla årsplanen
  • Skate sine fagdagar vert gjennomført som lunsj-lunsj-møte 6.5.-7.5 med økosystemet som hovudtema. AU vert bedd om bidra aktivt i planlegginga av fagdagane. Dersom det er mogleg å få til eit oppfølgingsmøte med digitaliseringsministeren skal det setjast av tid til dette på fagdagane
  • Skate gir tilslutning til at vi 11.11.2020 prøver ut «Skate sitt toppleiarseminar» slik at Skate kan nå betre ut til andre toppleiarar i offentleg sektor. Digitaliseringsdirektoratet blir teknisk arrangør for seminaret og AU vert bedd om å hjelpe til i planlegging av innretninga

26/19 Nytt mandat for Skate sitt arbeidsutval (AU)

Skatesekretariatet/Jan Sørgård

Utsende sakspapir før møtet

  • Sak 26-19 Saksframlegg - Nytt mandat for Skates arbeidsutvalg
  • Sak 26-19 Vedlegg - Forslag til nytt Mandat for Skates arbeidsutvalg

Saka gjeld - Behandlingssak
I oppfølging av evalueringa av Skate våren 2020 bad Skate om at Skate sitt arbeidsutval (AU) utarbeidde eit forslag til nytt mandat for AU. Forslaget skulle leggjast fram for Skate.

AU har no utarbeidd eit slikt forslag. Forslaget var vedlegg til saksframlegget.

Vedtak

  • Skate godkjenner forslaget frå Skate sitt arbeidsutval som nytt mandat for Skate sitt arbeidsutval

Orienteringssaker

Steffen Sutorius, Difi, orienterte om at ein ventar på tilbakemelding frå KMD om både Skate sitt mandat og nytt digitaliseringsrundskriv. Dersom rundskrivet kjem i løpet av denne siste veka før jul vil Difi straks informere Skate om kva som er teke med og ikkje av anbefalingane frå Skate.

Olav Petter Aarestad orienterte om arbeidet i og med Kartverket om kommunereforma. Det har vore fint å sjå kor koordinerte alle aktørane har vore. Ein er i god rute og det har blitt gjort ein kjempejobb med dei store datamengdene som skal endrast. Kartverket håpar arbeidet vidare går like bra.

Møtet vart avslutta kl. 11:25.