Hopp til hovudinnhald

Erfaringsbibliotek

Her finn du utvalde casebeskrivelser og praktiske erfaringar frå Stimulab-prosjekta. Lenkjer til dei ulike casene og erfaringane finn du på venstresida.

Laga: 25. august 2023 Sist endra: 24. september 2025

Erfaringsbiblioteket samlar kunnskap og erfaringar frå Stimuab-prosjekt som skal vere fyrtårnsprosjekt for utvikling i offentleg sektor. Her deler vi innsikt i kva som har fungert, kva som har vore utfordrande, og kva vi har lært undervegs. Målet er å spreie kunnskap og erfaringar som kan inspirere og støtte andre som jobbar med innovasjon og forbetring i offentleg sektor.

Kvifor dele erfaringar?

Spreiing og læring på tvers av verksemder er heilt avgjerande for å lykkast med fornying i offentleg forvaltning. Vi ønskjer at læring som skjer i enkeltprosjekt, ikkje skal bli verande der, men inspirere og kome heile forvaltninga til gode.

Når erfaringar vert delte vidare, kan gode idear, løysingar og metodar få større verdi fordi dei kan vidareutviklast og tilpassast andre område og behov. Slik blir erfaringane og inspirasjon frå eitt prosjekt ein ressurs for mange og eit viktig bidrag til å styrkje evna til kontinuerleg læring og utvikling i offentleg sektor.

To personer som henger i trapes