Medlemmene i Digitaliseringsrådet

Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.

Svein Ragnar Kristensen, leder Digitaliseringsrådet

Svein Kristensen

Rådsleder
Digitaliseringsdirektoratet

Kristensen er leiar av Digitaliseringsrådet. Han var skattedirektør frå juli 2006 til juli 2013 og har til saman 18 år i Skatteetatens leiing. Dette var ein periode med omfattande IKT-utvikling, digitalisering av tenestene og store omstillings- og organisasjonsprosessar der IKT var ein viktig drivar. Han har tidlegare vore administrasjonsdirektør i Rikstrygdeverket og Direktoratet for arbeidstilsynet, byråsjef i KAD og medarbeidar i APs stortingsgruppe. Sidan 2013 har Kristensen støtta Politidirektøren med omstillinga av politiets administrative funksjonar. Han er utdanna siviløkonom.

Spisskompetanse:

  • Tidleg involvering av brukarane i utviklingsprosessane
  • Bruk av digitalisering som drivar for omstilling og fornying
  • Endringsleiing og kulturarbeid i tillegg til teknologi
  • Betydninga av god og åpen dialog mellom departement og etat
Telefon
+47 913 84 066
Jan-Olav Styrvold, medlem Digitaliseringsrådet

Jan-Olav Styrvold

Bedriftsrådgivar

Styrvold Consulting

Styrvold er tidlegare norsk administrerande direktør og Vice President EMEA i eit amerikansk programvareselskap, seinare partnar i norsk bedriftsrådgjevingsfirma i 13 år. Han har også vore direktør for Økonomi og IT i AS Vinmonopolet. I tillegg har Styrvold også sete som styreleiar og styremedlem i ei rekkje norske verksemder innan IT-teknologi. Han driv no konsulentfirma innen prosjektleiing.

Spisskompetanse:

  • Lang erfaring som prosjekleiar i store, komplekse prosjekt
  • Bakgrunn for kostnadsestimering i ulike typar prosjekt
  • Kvalitetssikring av store prosjekt i privat og offentleg sektor
  • Fokus på gevinstrealisering/nyttestyring
Nina Aulie, medlem Digitaliseringsrådet

Nina Aulie

Divisjonsdirektør for verksemdstyring

Helsedirektoratet

Aulie har cand.mag i samfunnsfag frå universitetet i Bergen og Oslo og er ein erfaren endringsleiar. Ho har meir enn 20 års erfaring frå toppleiing i offentleg sektor, der ho har jobba med implementering av prosessar og organisasjonsendringar. Aulie har også leia omfattande endringsprosessar i store organisasjonar som Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet.

Spisskompetanse:

  • "Å ta oss frå der vi er til dit vil vil"
  • Kva er behovet for endring, og er behovet enkelt forklart?
  • Har dei som skal vera med på endringsreise tatt i mot og forstått behovet?
Magne Jørgensen, medlem Digitaliseringsrådet

Magne Jørgensen

Professor

Simula Metropolitan / OsloMet / Universitetet i Oslo

Jørgensen har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Research Laboratory og professor ved Universitetet i Oslo. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter

Spisskompetanse:

  • Leiing av digitaliseringsprosjekt
  • Nyttestyring/gevinstrealisering, særlig i gjennomføringsfasen
  • Kost/nytte og usikkerheitsanalysar
  • Smidige forretnings- og utviklingsprosessar
Eli Stokke Rondeel, medlem Digitaliseringsrådet

Eli Stokke Rondeel

Einingsleiar for IKT-prosjektportefølje

Helse Sør-Øst

Rondeel er utdanna sivilingeniør frå NTH/NTNU innan signalbehandling i 1994. Ho har jobba 15 år som konsulent i Accenture og Devoteam. Sidan 2009 har ho jobba i Sykehuspartner som avdelingsleiar. Frå 2012 til 2015 har ho vore prosjektleiar for eit av dei største prosjekta innan helse i Noreg og gjennomført eit stort endringsleiing- og systeminnføringsprosjekt med eit budsjett på over 900 MNOK. Ho er no assisterande programleiar for Program for Regional klinisk løsning i Helse Sør-Øst. Programmet skal levere éin pasientjournal i Helse Sør-Øst.

Spisskompetanse:

  • Solid teknisk kunnskap
  • Jobbar til dagen med program- og prosjektleiing og har god kjennskap til Prosjektvegvisaren
  • Lang erfaring med endringsleiing i komplekse og samansatte organisasjonar
Kjetil Århus, medlem Digitaliseringsrådet

Kjetil Århus

Direktør for digitalisering og innovasjon

Bergen kommune

Århus har jobba med IKT og digitalisering i offentleg sektor sidan 2007. Frå 2007 har han hatt ansvaret for digitalisering i Bergen kommune, og han har hatt stillinga som IKT-direktør frå 2010. Som representant frå Bergen kommune, har Århus saman med Oslo kommune drive og hatt ansvaret for IKT-samarbeidet blant dei ti største kommunane (K10) frå det vart etablert. I tillegg har han bidratt aktivt i etablering og gjennomføring av KS-programmet KommIT og styringsgrupper/arbeidsgrupper som understøtter digitalisering knytt til samhandling stat/kommune. Han bidrar også som foredragshaldar og i programkomitear i større offentlege Ikt-konferansar

Spisskompetanse:

  • Fokus på transformasjon, omstilling og endring
  • Fokus på bygging av den nasjonale digitale infrastrukturen for offentleg sektor, slik at vi kan levere saumlause og heilskaplege digitale innbyggartenester
  • Oppteken av at vi må stå saman for å bli sterke og relevante i det pågående transformasjons og digitaliseringsarbeidet
Ann Merethe Lysø Sommerseth, medlem Digitaliseringsrådet

Ann Merethe Lysø Sommerseth

Leiar for Digitale Tenestar og Produkt

TrønderEnergi

Sommerseth har lang erfaring som forretningsleiar innan innovasjon, digitalisering og kommersialisering av teknologi i privat sektor. Ann Merethe har vore daglig leiar for EGGS Design i Trondheim. I EGGS var ho også føredragshaldar samt strategisk rådgjevar innan innovasjon ved bruk av metodikkar innan desingdriven innovasjon. Ho har elles mange års erfaring som forretningsleiar for Digital Banking i EVRY Financial Services.

Spisskompetanse:

  • Ein entreprenør, teknologi-entusiast og "design-thinker" som er spesielt oppteken av at teknologi støttar oppunder brukarbehov
  • Ser det store biletet, og har samtidig fokus på at ein brukar rett metodikkar for å lukkast i ein konkurranseutsett marknad
Alv H. Sørland, medlem Digitaliseringsrådet

Alv H. Sørland

Bydelsdirektør

Bydel Stovner, Oslo kommune

Sørland har arbeids- og leiarerfaring frå kommune, fylkeskommune, Kommunaldepartementet, Husbanken, Integrerings- og mangfoldsdriektoratet (IMDI), og frå ein næringsdrivande stifting. I IMDI var Sørland mellom anna programdirektør for direktoratets digitaliseringssatsing, kor han framleis er medeigar og styreleiar i eit teknologiselskap. Sørland er utdanna siviløkonom frå BI. I tillegg har han ein diplomgrad i planlegging frå Edingburgh College of Art.

Spisskompetanse:

  • Korleis digitalisering vil og kan endre kommunal tenesteproduksjon
  • Korleis offentleg sektor kan utvikle gode strategiar for ein digital kvardag
  • Kva rolle toppleiarar kan og må ta for å lukkast med det digitale skiftet
May Liss Wasmuth, medlem Digitaliseringsrådet

May Liss Wasmuth

Prosjektleiar

KSAT (Kongsberg Satellite Services)

Wasmuth er sivilingeniør i informatikk frå Universitetet i Tromsø, og har ein MBA frå Santa Clara University i California. Ho har jobba med utvikling av sjølvbetente løysningar og digitalisering i bank og finans i 10 år. Ho har vidare jobba med utvikling av verdikjeder og infrastruktur både innanfor telekom og helsesektoren. I dag jobbar ho som prosjektleiar i KSAT (Kongsberg Satellite Services) for å byggje opp eit nettverk av internasjonale bakkestasjonar for satelittkommunikasjon.

Spisskompetanse:

  • Digitalisering og innovasjon
  • Fokus på kundeperspektivet i løysinga 
  • Korleis kombinasjonen teknologi og bruk gjer meirverdi
Sven Marius Urke, medlem Digitaliseringsrådet

Sven Marius Urke

Direktør

Domstoladministrasjonen (DA)

Urke har vært direktør for Domstoladministrasjonen (DA) sidan 2014. DA er den administrative overbygginga for alle domstolane i landet, med ansvar for mellom anna utvikling og drift av kostnadseffektive, brukarvenlege, sikre og stabile IT-løysingar for domstolane. Før han kom til DA arbeidde han med internasjonal bistand til justissektoren på Balkan, særleg med planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt som ei transformerande kraft i utviklinga av domstolane, domstoladministrasjonen og påtalemakta i Bosnia og Herzegovina. 

Spisskompetanse:

  • Utvikling av digitale tenester med brukaren i sentrum
  • Verksemdsutvikling gjennom bruk av teknologi/IT
  • Planlegging, finansiering og gjennomføring av IT-prosjekt sett frå verksemdsleiar sitt perspektiv