Digital Europe Programme

EUs store digitaliseringsprogram Digital Europe Programme (DIGITAL) for perioden 2021-2027 er på veg.

Digital Europe Programme (DIGITAL)
Satsingsområda i Digital Europe Programme (Tungrekning, KI, cybersikkerheit, digitale ferdigheiter og europeiske digitale innovasjonshubbar)

Europa vil byggje digitale kapasitetar for å sikre eigne konkurransefortrinn og strategisk autonomi. Programmet skal fremje digital transformasjon og takle økonomiske og samfunnsmessige utfordringar. Det rettar seg mot små og store private og offentlege verksemder.

DIGITAL Europe Programme - Arbeidsprogramma 2021-2023

I arbeidsprogramma framgår overordna mål, omfang og tildeling av budsjett til dei ulike satsingsområda og utlysingar. Meir detaljert informasjon om dei enkelte utlysingane blir publisert på denne nettsida: Projects & Results (europa.eu) .

Dette er DIGITALs første fire arbeidsprogram:

Dei første tre arbeidsprogramma vart vedteke av Europakommisjonen 10. november 2021, etter omfattande konsultasjonar til medlemslanda. Dei første utlysningane blir publisert i slutten av november.

Det fjerde arbeidsprogrammet for High-performance Computing blir lansert seinare og følger ein uavhengig utlysingskalender.

Kontakt oss på digitaleurope@digdir.no