Hopp til hovudinnhald

Bruksområdet gjeld publisering på offentlege nettsider. Eit tekstdokument er her definert som ei lesbar melding som inneheld informasjon.

Ikkje lenger standard i Referansekatalogen.

Bruksområdet gjeld ikkje publisering internt i ei verksemd eller elektronisk utveksling av dokument på anna vis (e-post og liknande). Publisering av dokument retta mot elevar, til dømes gjennom LMS, vert rekna som ekstern publisering.

Koding av tekst og språk

Det er anbefalt å kode tekstdokument som skal publiserast på Internett med teiknsettet ISO/IEC 10646 representert ved UTF8. Det er også anbefalt å bruke standarden ISO 639 for deklarering av språkkodar for offentlege nettsider i HTML.

Meir om språkkodar

For dei språka som har språkkodar i ISO 639-1 (kode på to bokstavar) skal denne brukast. Om ikkje må ein sjå vidare til ISO 639-2 og ISO 639-3 (kode på tre bokstavar).

Eintydige kodar skal brukast framfor språkgruppekodar. Det tyder at det må skiljast mellom ulike samiske språk, samt mellom bokmål og nynorsk. Anbefalinga gjeld alle språk.

Har du behov for å ta vare på formatering ut over det som er mogleg med CSS, slik at krava over skal fråvikast, er det obligatorisk å utforme slike dokument i Portable Document Format, PDF, i éin av følgande versjonar:

  • PDF/A-1 (ISO 19005-1:2005)

  • PDF 1.4

  • PDF 1.5

  • PDF 1.6

  • PDF 1.7 (ISO 32000-1:2008)

Det er tillate å publisere i fleire format i parallell. Dette er anbefalt for tilfelle der ein nyttar PDF, sidan nokre løysingar for svaksynte har dårleg støtte for PDF-formatet.

Ved produksjon av PDF-dokument er det anbefalt det at fontar vert innkapsla (embed) i PDF-dokumenta. Dette for i større grad å sikre at dokumentet vert gitt att korrekt, uavhengig av kva plattform som vert nytta ved visning av dokumentet. Dokument som følger PDF/A (ISO 19005-1:2005)-standarden har alltid fontane innkapsla i dokumentet.

WCAG gir retningslinjer for tilgjengelegheit på nettsider. Det er obligatorisk å utforme tekstdokument som skal publiserast på Internett i samsvar med

  • Web Content Accessibility Guidelines, WCAG 2.0 (NS-ISO/IEC40500:2012), på minimum nivå A og AA med unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5.

Det er anbefalt å tilfredsstille alle krava, inklusive AAA-krava.
For offentlege verksemder der utforming av IKT-løysingar vert regulert av anna lovgiving enn Forskrift om universell utforming, gjeld kun dei anbefalte krava.

Ved publisering av tekstdokument for vidare arbeid, anbefaler vi at du baserer deg på en open standard, som til dømes

  • ODF (Open Document Format) eller OOXML (Open Office XML). Nyare versjonar av Microsoft Office har dette formatet innebygd gjennom filtypen docx.

Merk at ulike tekstbehandlarar, også versjonar av same tekstbehandlar, i nokre tilfelle har implementert standardane på ulikt vis. Det kan føre til feil når eit dokument lagra i ein type tekstbehandlar vert opna i ein annan type. Dette gjeld særleg nummerering, merknadar og sporing av endringar.

Heimel

Krava er trådt i kraft:

  • For all ny publisering, 1. januar 2009
  • For tidlegare publiserte dokument, innan 1. januar 2014

Nye ikt-løysingar underlagt Forskrift om universell utforming av ikt skal tilfredsstille dei obligatoriske krava innan 1. juli 2014. Alle eldre løysingar skal tilfredsstille krava innan 1. januar 2021.

Dei obligatoriske krava er heimla i forskriftene "Forskrift om IT-standarder i offentlig forvaltning" og "Forskrift om universell utforming av IKT-løsninger", og dei finn du nedst på sida.