CSS (Cascading Style Sheets) er eit språk som vert brukt til å definere ein utsjånad. Døme på utsjånad kan vere oppsett, fargar og annan stilinformasjon.
Laga: 19. juni 2020
Sist endra: 03. september 2021
Standarden gjeld for følgjande bruksområde
Er CSS obligatorisk eller anbefalt?
Gå til bruksområdet som standarden gjeld for, for å finne ut når det er anbefalt og når det er obligatorisk å bruke standarden.
Kort om CSS
Stilinformasjonen kan integrerast i sjølve dokumentet eller skiljast ut som ei eiga fil med endinga .css. Ei uavgrensa rekkje dokument kan peike til og styrast av same .css-fil. Ved å endre på ei fil, kan ein endre fargebruk, bakgrunnsbilete osb. i alle dokument som peiker til CSS-fila. Struktur og semantikk vert ikkje beskrive i CSS, men i til dømes HTML eller XML.
Fakta om standarden
Versjonsnummer: CSS 2.1 eller CSS 3
Type standard: Utseende, utforming
Språk: Engelsk
Organisasjon: W3C