Hopp til hovudinnhald

Alle nettsider bør definere kva språk dei er skrivne på, slik at sida kan lesast opp eller omsetjast. ISO 639 er ein standard som definerer korleis språk skal kodast. ISO 639 er standard for kodar for representasjon av namn på språk.

Standarden gjeld for følgjande bruksområde:

Er ISO 639 obligatorisk eller anbefalt?

Sjå tilhøyrande bruksområde for informasjon om når standarden skal brukast.

Kort om ISO 639

ISO 639 er standard for kodar for representasjon av namn på språk.

Kvifor bruke ISO 639?

Språkkodane kan brukast av ulike applikasjonar ved koding av internettsider. Dette gjeld til dømes ved rett opplesing av tekst til tale, kontroll av rett staving/grammatikk, omsetjingsverktøy, rett val av skrifttypar tilpassa språk, sideattgjeving og søkjefunksjon. Dersom språkkodane ikkje er rette eller dei ikkje er tilstrekkeleg presiserte, kan ikkje desse applikasjonane bruke språkkodane på ein god måte. Dette fører til at informasjonen blir mindre tilgjengeleg for brukarane.

Fakta om standarden

Versjonsnummer: ISO 639-1:2002, ISO 639-2:1998

og ISO 639-3:2007

Type standard: Språkkoder

Språk: Engelsk

Organisasjon: ISO/IEC