Nettlesarbaserte tenester

Ei nettlesarbasert teneste er ei interaktiv teneste meint for bruk i nettlesarar der brukaren gjennom input påverkar resultatet av transaksjonen, i motsetnad til reine statiske informasjonssider. Typiske døme er elektroniske skjema og berekningskalkulatorar.

Ved å nytte dette omgrepet inkluderer vi også dialogbaserte løysingar som gjerne vert nytta i staden for skjema. App-ar for mobil og nettbrett er ikkje ein del av dette bruksområdet.

Krav til bruk av standardar for nettlesarbaserte tenester

Skal du anskaffe, utvikle, utforme, bruke eller drifte ei nettlesarbasert teneste? Sjekk når desse standardane er obligatoriske eller anbefalte for dykk:

Vi anbefaler at alle nye og eksisterande nettlesarbaserte tenester vert gjort tilgjengeleg på offentlege nettsider i HTML5 (sjå over). HTML 4.01(W3C 1999) og XHTML 1.0 (W3C 2000) er under utfasing. Eldre tenester kan derfor framleis nyttast i desse formata, men ved større omleggingar skal det nye formatet brukast.

Merk at ikkje alle nettlesarar og hjelpemiddel er fullt oppdatert til å tolke HTML5, og at dette kan skape problem for brukarar av tenester med eldre nettlesarar. Digitaliseringsdirektoratet anbefaler derfor at verksemdene held seg oppdatert på kva som er status for bruk av nettlesarar blant deira brukargrupper, og at fallback-løysingar vert brukte viss det er nødvendig.

På nye nettsider anbefaler vi at formatering vert definert i HTML ved å nytte CSS 2 (Cascading Style Sheets Level 2 Revision 1 Specification) eller CSS 3. Ved bruk av CSS 3 må denne implementerast slik at tekstdokumentet kan lesast av eldre nettlesarar, og det må gjerast grundig brukartesting for å sikre tilfredsstillande støtte, også i eldre nettlesarar. Eldre nettsider kan framleis nytte CSS 2, men denne versjonen er sett under utfasing og skal ikkje nyttast på nye nettsider.

WCAG gir retningslinjer for tilgjengelegheit på nettsider. Det er obligatorisk å utforme nettlesarbaserte tenester som skal publiserast på Internett i samsvar med Web Content Accessibility Guidelines, WCAG 2.0 (NS-ISO/IEC40500:2012), på minimum nivå A og AA med unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5. Vi anbefaler derimot å tilfredsstille alle krava, inklusive AAA-krava. For offentlege verksemder der utforming av IKT-løysingar vert regulert av anna lovgjeving enn Forskrift om universell utforming, gjeld berre dei anbefalte krava våre for dette bruksområdet, og ikkje dei obligatoriske krava.

Du finn rettleiing på universell utforming hos Tilsyn for universell utforming av IKT.

Vi anbefaler å kode nettlesarbaserte tenester som skal publiserast på Internett med ISO/IEC 10646 representert ved UTF8.

Vi anbefaler å nytte ISO 639 for deklarering av språkkodar for offentlege nettsider i HTML. For dei språka som har språkkodar i ISO 639-1 (kode på to bokstavar), skal denne brukast. Om ikkje må ein sjå vidare til ISO 639-2 og ISO 639-3 (kodar på tre bokstavar). Eintydige kodar skal brukast framfor språkgruppekodar. Det tyder at det må skiljast mellom ulike samiske språk og mellom bokmål og nynorsk. Anbefalinga gjeld alle språk.

PDF kan nyttast i samanheng med kvitteringer eller tilgjengeleggjering av statiske dokument i ei interaktiv innsynsteneste, med mindre eit meir eigna format er tilgjengeleg.

Vel verksemda di å nytte Javascript, er det anbefalt at det blir basert på W3C sin versjon av DOM (DOM = Document Object Model).

Når gjeld krava frå?

Anbefalingene er gjeldande. Dei vart innførte 21.07.2015.

Det er ingen tidlegare krav på området.

Korleis tilfredsstille krava?

Det er ikkje laga nokre rettleiarar på området enno.