Hopp til hovudinnhald

Universell utforming betyr at brukarane – uavhengig av sine føresetnader – på ein god og enkel måte kan ta i bruk både nettsider, appar og automatar som dei møter i kvardagen. Dette er pålagt gjennom forskrift om universell utforming av ikt-løysingar.

Universell utforming av ikt gjeld nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar.

  • Nettløysing omfattar alle typar nettstader, sosiale medium, mobilversjonar av nettstadar og mobilapplikasjonar som må laste ned oppdatert informasjon over internett for å fungere.
  • Ein automat legg til rette for sjølvbetening. Det finst mange ulike automatar, til dømes minibank, billettautomat, innsjekkingsautomat på flyplass og betalingsterminalar.

Kva er universell utforming, og kvifor er det viktig? Sjå filmen og få eit innblikk på under to minutt.

Introduksjon til universell utforming av ikt

Ein obligatorisk standard skal følgjast med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift.

Anbefalte standardar skal nyttast med mindre du har gode grunnar til å la vere.

Offentlege verksemder sine nettløysingar som samsvarer med krava i EN 301 549 V3.2.1 (2021-03), oppfyller plikta til universell utforming.

Offentlege verksemder har òg plikt til synstolking av førehandsinnspelte tidsbaserte medium publisert etter 1. februar 2024. Dette kravet gjeld ikkje for skular og barnehagar, med unntak av innhald knytt til viktige nettbaserte administrative funksjonar.

Vidare har offentlege verksemder plikt til universell utforming av innhald på intranett og ekstranett som er publisert etter 1. februar 2023, eller som har gjennomgått ei vesentleg revisjon.

Private verksemder sine nettløysingar skal minst utformast i samsvar med standarden Web Content Accessibility Guidelines 2.0 (WCAG 2.0) / NS-ISO/IEC 40500:2012, på nivå A og AA, med unntak for krava til synstolking.

Ut over krava i forskrifta tilrår vi å utforme nettløysingar i samsvar med alle suksesskriteria i WCAG 2.1.

Heimel

Forskrift om universell utforming av ikt-løsninger (lovdata.no) - sjå lenkeliste nedanfor.

Både private og offentlege verksemder, lag og organisasjonar må følgje forskrifta. For at reglane skal gjelde, må verksemda ha ein nettstad, applikasjon eller automat (ikt-løysing) som

  • er retta mot innbyggjarar eller kundar i Norge (allmenheten)
  • vert brukt til å informere eller tilby tenester (hovudløysing)

Nye ikt-løysingar skal vere universelt utforma i tråd med krava frå 1. juli 2014.

Frå 2021 skal alle løysingar, uansett anskaffingstidspunkt, følgje krava om universell utforming av ikt. I tillegg skal verksemder i offentleg sektor frå 1. februar 2023 ha publisert ei tilgjengelegheitserklæring.

Tilsynet for universell utforming av ikt kontrollerer om verksemder følger regelverket. Du kan lese meir om regelverket på tilsynet sin nettstad.

Fordelar med å nytte standarden

I løpet av livet treng dei fleste av oss god utforming.

  • Vi treff ikkje like godt med hendene – fleire av oss har dårlegare syn når vi er 40 enn då vi var 20.
  • Vi kan alle få ei mellombels funksjonsnedsetting med til dømes senebetennelse eller ein brekt arm.
  • Andre gonger kan det vere ein situasjon der og då som gjer at du opplev ei hindring.

Med universell utforming kan du likevel

  • lese nettaviser eller betale rekningar i nettbanken dersom ei nettside er utforma slik at du kan bruke tastatur i staden for mus
  • lett finne, nå fram til og bruke automaten
  • lese på nettbrettet ditt i sola, om kontrasten er god

Universell utforming sikrar

  • gode, enkle, tilgjengelege løysingar
  • like demokratiske rettar
  • lik tilgang på informasjon
  • lik moglegheit til å bruke digitale tenester uansett livssituasjon

Rettleiing

Informasjon om regelverket og korleis du kan teste og oppfylle krava, finn du på nettstaden til Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.