Hopp til hovudinnhald

Prosjektets mål var å forbedre prosessen med fornyelse av førerett for personer som trenger en jevnlig vurdering av om de er egnet til å ha førerett. Dette gjelder alle over 75 år, folk med rushistorie eller visse sykdomsdiagnoser.

Involverte aktørar: Vegdirektoratet, Helsedirektoratet, Direktoratet for e-helse, Politiet.

Leverandør: Rambøll Management Consulting og Halogen.

Om prosjektet

Helsekrav for førarkort er eitt av ti område som Tidstjuv-arbeidet har identifisert som å ha eit stort gevinstpotensial. Forvaltninga av helsekrav for førarkort er ein kompleks samfunnsfloke beståande av to tunge sektormyndigheiter (helse og veg) som må samarbeide med andre aktørar (politiet, fastlegane, fylkesmannen) for å realisere gevinstpotensialet. Dagens prosess mellom legar og vegmyndigheit er papirbasert, og innbyggjarane må personleg møte opp på Statens vegvesen sine trafikkstasjonar med helseattest.

Vilkår for førarrett

Prosess og tiltak

  • Gjennom diagnosefasen etablerte partane i prosjektet eit omfattande bilete som det er semje om, av nosituasjonen. Det vart utarbeidd eit relativt detaljert bilete av strukturane og samhandlinga innanfor og mellom dei ulike aktørane. Det felles biletet vart forsøkt synleggjort med dei forskjellige aktørane sine faglege briller, slik at det vart tydeleg for alle kva som var Dette felles biletet, ei felles forståing, både av strukturar og kompleksitet, har aldri eksistert tidlegare mellom verksemdene. Som eit felleseige var det ei god plattform for vidare arbeid. Diagnosefasen vart gjennomført med ulike metodar og aktivitetar, som dokumentstudiar, kartlegging av system og flyt, gevinstanalysar, foresight og utarbeiding av scenario, kartlegging av brukarsituasjon m.m.
  • Utviklingsarbeidet i fasen «Utforske og lage» hadde eit todelt fokus: 1. Vidareutvikle og detaljere vald løysing for pilotering. 2. Tilarbeide heilskapleg konsept og starte planlegginga av eit større tverrsektorielt vidareutviklingsarbeid for framtidig digitalisering av tenester knytte til forvaltning av helsekrav til førarkort.
  • I den tredje fasen var det planlagt å setje i gang ein pilot, men det viste seg vanskeleg å gjennomføre innanfor dei rammene som var moglege. I staden vart det av styringsgruppa vedteke å detaljere løysingsforslaget for å førebu ei meir fullskala utvikling og implementering. Innsatsen vart lagd inn på å lage ei heilskapleg systemstøtte for førarrettsområdet, framfor å pilotere fragment av ei mogleg løysing.

I januar 2018 leverte Direktoratet for e-helse på vegner av dei deltakande verksemdene ein søknad til Difi si medfinansieringsordning om ekstern bistand til å etablere eit program for ny, digitalisert førarrettsforvaltning. I den samanhengen vart det av leverandørane utarbeidd ein forenkla samfunnsøkonomisk analyse av det samla løysingsforslaget. Konklusjonen var at om programmet blir gjennomført som planlagt, vil det ha ein netto noverdi over ti år på 940 millionar kr, og ein netto noverdi av tiltaket per krone investert i offentleg sektor på kr 31,50.

Søknaden vart innvilga kr. 15 000 000 frå medfinansieringsordninga i 2018.

Forventa gevinstar

  • Årleg positiv økonomisk verknad på ca. 100 millionar NOK.
  • Vesentleg styrking av brukarvenlegheit gjennom alle ledd i fornyingsprosessen for førerett, og eit styrkt personvern.
  • Ein viss miljøgevinst i form av mindre C02-utslepp.

Presentasjon av prosjektet frå Forvaltningskonferansen 2018, ved prosjektleiar Jan Edvard Isachsen, Vegdirektoratet