Velkommen til ope leverandørmøte, ein digital møteplass for alle som jobbar med løysingar som integrerer mot offentlege fellesløysingar, fokus på løysingar i regi av Digdir. Møtet er eit supplement til informasjon på Samarbeidsportalen, og skal bidra til open dialog og eit sterkare samarbeid i økosystemet.
Agenda
- Formål og bakgrunn for møtearenaen
- Har leverandørane spørsmål til aktuelle tiltak og prosjekt?
Kort vegvisar til kvar ein kan finne aktuelle informasjonsressursar og møteplassar knytt til bruk og vidare utvikling av fellesløysingane
- Aktuelle prosjekt og status frå produktteam i Digdir
3.1 Prosjekt for meldingsutveksling med fastlegar. Samarbeidsprosjekt med KS Digital og NHN. Oppdateringar og erfaringar so langt.
3.2 Utfasing av SOAP-API for SvarUt, ved prosjektleiar, KS Digital.
3.3 Meldingsutveksling: status implementering integrasjonspunktet versjon 4.0 ved driftsleiar eFormidling, Digdir.
3.4 Meldingsutveksling: Håndtering av feilsendinger i DPI - ved driftsleder DPI.
Digdir servicedesk har fått en del henvendelser fra avsendere som har sendt melding til feil mottaker. Er dette en problemstilling som leverandørene er kjent med og har drøftet med sine kunder? Har leverandørene tanker om hvordan dette kan løses?
- Innspel til tema frå leverandørane
Om møteserien
Frekvens: Omlag ein gong per månad (tysdagar kl. 13:00–13:55). Neste møte er 14. april. 2026.
Agenda for møtet vert oppdatert ca.1 veke før møtet. Leverandørar kan melde inn saker dei ønskjer å belyse.
I møteserien peikar vi på planar for vidareutvikling av fellesløysingane og forvaltning av integrasjonar. Vi ønskjer særleg å fange opp innspel, behov og utfordringar frå dykk som utviklar eller driftar integrasjonar. Målet er å støtte betre samhandling mellom marknadsløysingar og offentlege fellesløysingar, bidra til at vi dreg i felles retning.
Målgruppe og formål
Leverandørar og partnarar som utviklar, driftar eller vidareutviklar integrasjonar, API-ar. Møtet er ope for alle interesserte, men særleg retta mot tekniske og funksjonelle ressursar som påverkar retning for produkt og integrasjonsløp.
Møtet er uformell dialogarena med korte oppdateringar frå oss og tid til spørsmål og innspel. Me vil bidra til å byggje kultur for samarbeid der det er mogeleg og verdifullt.
Ønskjer du invitasjon til heile møteserien?