Hopp til hovudinnhald

Nasjonale fellesløysingar Brukarrådet 2026

Få innsikt i korleis fellesløysingane bidrar til moderne, sikre, brukarvennlege og samanhengande offentlege tenester for innbyggarar, forvaltning og verksemder. Still spørsmål og gi innspel til dei som utviklar og brukar løysingane.

1. – 2. desember
Digitalt
Gratis og digitalt Sjå program

Felles løysingar for felles gevinstar

Dei nasjonale fellesløysingane løyser felles behov i forvaltninga. Dei blir utvikla éin gong, blir forvalta sentralt, kan gjenbrukast av mange og forenklar tilgangen til offentlege tenester. På Brukarrådet 2026 får du innsikt i aktuelle fellesløysingar og korleis Digdir utviklar desse for å møte nye behov. Vi set søkelys på brukarane og dei mest sentrale satsingane våre. Korleis kan vi saman byggje enklare, tryggare og meir samanhengande digitale tenester?