Brukarrådet 2026 Eit forum for dialog
Brukarrådet er den årlege, heildigitale møteplassen der Digdir, offentlege verksemder og leverandørar møtast for å dele innsikt, erfaringar og planar for dei nasjonale fellesløysingane.
På Brukarrådet får du innsikt i utviklingsplanane for fellesløysingane, ser eksempel på korleis desse blir brukt i praksis – og du kan stille spørsmål, gi innspell og delta i dialogen.
Brukarrådet 2026 går av stabelen som eit heldigitalt arrangement 1.-2. desember. Det er gratis å delta.
Sidan 2020 har Brukarrådet vore ein digital møteplass, og kvart år har vi med oss mellom 1500 og 2000 deltakarar frå heile landet. Vi forventar minst like stort engasjement i år.
Kva kan du forvente
- Innsikt i utviklinga av fellesløysningane
- Inspirerande brukarhistorier og eksempel frå statleg og kommunal sektor
- Dialog og diskusjon om behov, løysingar og vegen vidare
Fellesløysingar for felles behov
Fellesløysingane er byggeklossar som gjer at verksemder slepp å utvikle alt sjølv. Det sparar tid og kostnader – og gir innbyggarane gjenkjennelege og enkle tenester på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.
Ein arena for deling og lytting
Det skjer inga omstilling utan digitalisering. Brukarrådet er staden der vi deler våre planar og løysingar, men også lyttar til erfaringar og behov frå verksemder og andre som brukar fellesløysingane. Slik bygger vi saman eit meir moderne og brukarvennleg offentleg Noreg.
Vi stiller med våre beste fagfolk til å forklare kvifor dette er relevant for deg og di verksemd og kva moglegheiter fellesløysingane opnar opp for.