Hopp til hovudinnhald

Brukarrådet 2026 Målgrupper for Brukarrådet

Brukarrådet er for alle som jobbar med nasjonale fellesløysingar eller på annan måte er engasjert i å følge utviklinga av digitale tenester i offentleg sektor.

Illustrasjon av to personar i samtale

Deltakarne spenner breitt – frå utviklarar og tekniske ekspertar til leiarar med overordna ansvar for digitalisering. Enten du jobbar med strategi, utvikling eller drift, vil Brukarrådet gi deg nyttig informasjon og god inspirasjon.

Målgruppa omfattar blant anna:

  • Tilsette i statlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar
  • Utviklarar, løysingsarkitektar og forretningsutviklarar som bruker fellesløysingar i si tenesteutvikling
  • Leiarar og beslutningstakarar som har ansvar for digitalisering og modernisering
  • Konsulentselskap og systemleverandørar som leverer tenester og løysingar til offentleg sektor

Kort sagt: Brukarrådet er ein arena der vi samlar heile økosystemet rundt dei nasjonale fellesløysingane – slik at vi saman kan bygge betre og meir brukarvennlege digitale tenester for innbyggarar, forvaltning og næringsliv.