Hopp til hovudinnhald

Dette er råd som statlege toppleiarar har fått til sine digitaliseringsprosjekt siste året. Årets tema er "Meir fart mot betre løysingar".

Laga: 03. november 2023 Sist endra: 09. november 2023

Dette er den åttande erfaringsrapporten til Digitaliseringsrådet. Dette året har vi gjort eit dykk i smidige arbeidsformer. Hovudbodskapen er at det ikkje eksisterer ein måte å jobbe smidig på, men at dette er noko vi må trene på, og endre kontinuerleg. Her får du nokre anbefalingar til korleis du kan gjere det i din verksemd.

Les årets erfaringsrapport

Modige leiarar veit ikkje alltid best

"Modige leiarar går aldri av moten. Vi som leiarar må sette retning, skape meining og gå føre i kulturbygginga. Men vi veit ikkje alltid best og må trene på å leie på nye måtar. Det svekker ikkje kontrollen, men opnar for læring i heile organisasjonen".

Meir trening gir betre løysingar

Trening i måten vi skaper verdi på:

  • Involver brukaren heile vegen
  • Trekk aktørane inn i utviklinga
  • Opne prosessar skaper heilskap
  • Skap kultur for læring


Trening for å levere tidlegare og hyppigare

  • Etabler tverrfaglege team:
  • Bygg intern kompetanse for framtida
  • Bruk samfunnsoppdraget til å rekruttere IT-kompetanse
  • Fleksible metodar for å skaffe ekstern kompetanse
  • Kor sjølvstendige kan teama vere?
  • Trening for å tilpasse oss omgivnadene

Regjeringa styrer farten

I den siste delen av rapporten har vi gitt nokre gode anbefalingar til regjeringa og dialogen verksemdene kan ha med departementa sine. Det er regjeringa som styrer farten framover:

"Hvis vi ikke får til digital samordning, så blokkerer vi for mulighetene og det store potensialet som digitaliseringen gir. Digitalisering er en driver for fornyelse og nye måter å jobbe på. Men offentlig sektor er organisert i utgangspunktet uten en digital horisont"

Dette er Digitaliseringsrådet

Digitaliseringsrådet er samansett med ti erfarne medlemmer som hjelper leiarar i staten med endringsprosessar der digitalisering utgjer ein viktig del. Behandling i rådet er rask og tilpassa kvar enkelt verksemd. Medlemmene er oppnemnd av Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).

Her er nokre av medlemmane i rådet:

Seks av medlemmane i Digitaliseringsrådet
F.v. Magne Jørgensen, Professor, OsloMet / Universitetet i Oslo, Ann Merethe Lysø Sommerseth, CEO, ANEO Industry AS, Bedriftsrådgivar, Jan-Olav Styrvold, Styrvold Consulting, Eli Stokke Rondeel, Einingsleiar for IKT-prosjektportefølje, Helse Sør-Øst, Nina Aulie, Divisjonsdirektør for verksemdstyring, Helsedirektoratet, May Liss Wasmuth, Prosjektleiar, KSAT (Kongsberg Satellite Services.
Foto: Benjamin Moe/Digdir

Kontakt

Elin Oksavik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 90 22 48 46