UNDER ARBEID: Intro frå leiar av Skate
Digitalisering er eitt av dei viktigaste verkemidla vi har for å møte både dagens og framtidas utfordringar i offentleg sektor. Skatehar i oppdrag å gi råd til regjeringa og til Digitaliseringsdirektoratet, og fungerer samstundes som eit strategisk samarbeidsråd for digitalisering på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.
I 2025 har Skate hatt særleg merksemd på oppfølginga av den nye nasjonale digitaliseringsstrategien. Gjennom tett samarbeid har vi arbeidd med å omsetje strategiske mål til meir konkrete prioriteringar, mellom anna gjennom utvikling og bruk av eit nasjonalt veikart.
Digitalisering er ein føresetnad for at offentleg sektor skal kunne løyse samfunnsoppdraga sine på ein effektiv og berekraftig måte. Skate har eit overordna blikk på utviklinga og skal bidra til at vi digitaliserer betre saman – med betre samordning, meir effektiv bruk av fellesskapets ressursar og betre tenester for innbyggjarar og næringsliv.
Skal vi lukkast med digitalisering i offentleg sektor, må vi prioritere og gjennomføre betre saman. Skate bidreg til felles retning, betre samordning og meir effektiv bruk av ressursane på tvers av sektorar.