Kva er medfinansiering?
Gjennom medfinansiering kan statlege verksemder og eventuelle samarbeidspartar få dekka deler av prosjektkostnaden til samfunnsøkonomisk lønsame digitaliseringstiltak. Både små og mellomstore tiltak i sektorane og tiltak på tvers av sektorar som støttar opp under regjeringa sin digitaliseringsstrategi, kan få medfinansiering.
Førebelse tilsegner for 2021-23 er klare
Innhald
Kva type tiltak kan få midlar frå medfinansieringsordninga?
Midlane til medfinansiering blir lyst ut i oktober, når forslag til statsbudsjett er lagt fram.
Potten til medfinansiering vil gå til to kategoriar tiltak:
- Små og mellomstore prosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 50 mill. kr.
- Tiltak som støttar opp under målet om samanhengande tenester i regjeringa sin digitaliseringsstrategi, som er samfunnsøkonomisk lønsame og har total prosjektkostnad inntil 100 mill. kr., dvs.:
- strategisk prioriterte fellesløysingar (plattformar, infrastruktur m.m.)
- tverrgåande tiltak (samanhengande tenester).
Kven kan søke?
- statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
- kommunar/fylkeskommunar og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt kan ikkje søke, men kan gjerne vere samarbeidspartar
- frivillege organisasjonar og næringsliv kan vere samarbeidspartar
Vilkår for medfinansiering
- Medfinansieringen skal vere ein utløysande faktor, og prosjektet skal derfor ikkje vere komen i gjennomføringsfasen.
- Prosjektet må vere samfunnsøkonomisk lønsamt og ha tilknytta gevinstar.
- Små og mellomstore prosjekt må ha ein prosjektkostnad mellom 5 og 50 mill. kr (inkl. interne lønnskostnader).
- Tverrgåande prosjekt og fellesløysingar kan ha ein prosjektkostnad opp til 100 mill. kr (inkl. interne lønnskostnader)
- Medfinansiering kan gis i maksimalt tre budsjettår, men prosjektet kan gå over fire år.
- Sjå retningslinene for ytterlegare vilkår (desse kan bli endra):
Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?
- Prosjekt i kategori 1, små og mellomstore prosjekt, kan få medfinansiering inntil 50 % av totale prosjektkostnader (inkl. interne lønskostnader), maksimalt 15 mill. kr. Total prosjektkostnad må vere mellom 5 og 50 mill. kr.
- Prosjekt i kategori 2, tverrgåande prosjekt/livshendingar og fellesløysingar kan få medfinansiering inntil 85 % av totale prosjektkostnader. Total prosjektkostnad må ikkje overstige 100 mill. kr.
Tips og råd
Bruk tid på søknaden. Start planlegginga så tidleg som mogleg. Hugs å involvere potensielle gevinsteigarar. Ta kontakt med KS dersom prosjektet vedkjem kommunesektoren.
Kontakt
Jørgen Marius Hopland
Rådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
Telefon
+47 941 55 095
Ingrid Bjørkum
Seniorrådgiver
Digitaliseringsdirektoratet
E-post
Telefon
+47 957 05 231