Direktoratet for e-helse: Pilot Pasientens legemiddelliste

Prosjektet skal utvikle ein prototype for pasientens legemiddelliste, dvs. ei nøyaktig og fullstendig liste over alle legemidla pasienten brukar. Støtte: kr 44 700 000.

Det er tidlegare (2016) levert ei konseptutgreiing om Felles legemiddelliste. Prosjektgruppa bestod av sentrale aktørar som Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, Statens legemiddelverk, to helseføretak , Oslo kommune, Bergen kommune mfl. I dag er det svært tidkrevjande manuelt arbeid å stille saman informasjon frå fleire kjelder, med risiko for feil og manglar. Prosjektet skal utvikle ein prototype, samt informasjons- og opplæringsmateriale, plan for forvaltning og ei evaluering som vil gi råd om ein bør gå vidare til nasjonal innføring av løysinga..