Standardavtalar i offentleg sektor

Bruksområdet gjeld avtaleverk for IT-anskaffingar, konsulenttenester, elektronisk informasjonsformidling og rammeavtalar.

Anbefalt standard

Anbefalte standardar skal nyttast, med mindre du har ein god grunn til å la vere.

Vi anbefaler at offentlege verksemder nyttar Statens standardavtalar, SSA (Difi 2015), der desse er eigna.

Heimel

Anbefalingane er gjeldande, og vart innførte 02.07.2015.

Rettleiar

Digitaliseringsdirektoratet er ansvarleg for å forvalte Statens standardavtalar.