Hopp til hovudinnhald

Klar for nye utfordringar?

Vi søker etter deg som vil vere med på å få fart på digitaliseringa og moderniseringa av landet vårt. Du får jobbe med givande utfordringar og samarbeide tett med høgt kompetente medarbeidarar i Leikanger, Oslo og Brønnøysund.

Ved avdelinga vår i Leikanger jobbar 120 tilsette. Sjå om vi har ei ledig stilling som passar for deg!

Ellen Marie Langen
Mellom fjord og fjell på Vestlandet er det kort veg til storslåtte naturopplevingar.

Jobb i Leikanger

Her ved Sognefjorden, med spektakulær utsikt over fjord og fjell, skjer ein sentral del av utviklingsarbeidet for dei digitale fellesløysingane frå Digdir.

Sentralt plassert i Distrikts-Noreg

Leikanger er ein del av Sogndal – ein kommune i sterk vekst og utvikling. Regionsenteret har store og små arbeidsplassar, eit vitalt næringsliv, flyplass, ein stor høgskule, kulturaktivitetar og eit rikt idrettsmiljø som er lett tilgjengeleg.

Har du smårollingar, kan du finne barnehageplass i alle delar av kommunen - og vi er kjent for å ha skular av høg kvalitet.

Her i Sogn er det kort avstand til storslåtte naturopplevingar og gode tilbod til deg som liker deg på fottur, terrengsykkel eller ski.

Vi jobbar for dei mest verdifulle kundane. Deg og meg.

Møt Vivian! Som testleiar for ID-porten er Vivian Atterås en del av det sterke fagmiljøet på elektronisk identitet i Digdir og med base i Leikanger.

– Det beste med jobben min er at eg får utvikle digitale løysingar som alle i Noreg har bruk for.

Vivian Atterås er testleiar for ID-porten i Digdir.

– Eg trengte forandring. Eg hadde jobba i næringslivet nokre år då det dukka opp ei ledig stilling i Digdir. Tenkte først at ein jobb i staten var veldig formelt, men eg sendte ein søknad. På jobbintervjuet følte eg meg veldig heime, seier Vivian Atterås.

Ein blir stolt av å jobbe her. Eg trur det handlar både om oppdraget vårt og måten vi får løyse oppgåvene på.

Digdir i Leikanger har sterke fagmiljø på elektronisk identitet, digitalt innsyn, meldingsutveksling og andre fellesløysingar. Det handlar om å skape ein enklare digital kvardag for alle.

Spennet i kompetanse strekker seg frå teknisk utvikling, drift og sikkerheit, til strategi, trendar og innovasjon. Når EU skal revolusjonere eID-løysningane for sine borgarar, ser dei til offentleg sektor i Noreg og lyttar til råd frå Digdir.

– Ein blir stolt av å jobbe her. Eg trur det handlar både om oppdraget vårt og måten vi får løyse oppgåvene på. Her får du ansvar – om du tek ansvar. Det er stor takhøgde, og vi teknologar får bruke dei verktøya vi liker best, seier ho.

Klar for nye utfordringar?

Vi søker etter deg som vil vere med på å få fart på digitaliseringa og moderniseringa av landet vårt. Du får jobbe med givande utfordringar og samarbeide tett med høgt kompetente medarbeidarar i Leikanger, Oslo og Brønnøysund.

Sjå om vi har ei ledig stilling som passar for deg!

Person som stuper i fjorden
Kvar sommar har vi ei gruppe IT-studentar samla til DidgirCamp i Leikanger. Bading i fjorden er populært - men frivillig!
Foto: Digdir

Student? På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø. Les meir om DigdirCamp.