DigdirCamp – sommarjobb for IT-studentar

Er du IT-student og vil ha ein spennande sommarjobb? Då inviterer vi deg til å søke på DigdirCamp. Du får jobbe tett saman med utviklingsmiljøet vårt som arbeider for å utvikle og modernisere IKT-tenester i Norge.

Person som stuper i fjorden
Kvar sommar har vi ei gruppe IT-studentar samla til DidgirCamp i Leikanger. Bading i fjorden er populært - men frivillig!
Foto: Digdir

Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Leikanger i Sogn. Vi gir sommarjobb til inntil åtte studentar, frå midten av juni til midten av august 2022. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete ikt-oppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Nyttig erfaring

Dei tre siste åra har DigdirCampen samla studentar frå NTNU i Trondheim og Gjøvik, Oxford Brooks i England, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Sørøst-Norge.

Studentane jobbar gjerne i to grupper for å løyse konkrete oppgåver. Gjennom sommaren presenterer studentane korleis dei jobbar med oppgåvene og kva for løysingar dei foreslår.

Eksempel på oppgåver dei siste åra:

  • Korleis gjere det enklare for unge brukarar i alderen 13 til 18 år å ta i bruk offentlege digitale tenester?
  • Korleis ein kan kople ID-porten med Internet of Things (IoT)? Er det mogleg å gi dingsar som Alexa frå Amazon og Google Home tilgang til beskytta informasjon gjennom ID-porten?
  • Den offentlege innsynsløysinga eInnsyn handterer stadig større datamengder. Kva for alternativ finst for å for å møte dette behovet i løysinga?
  • Sjølvstyrt-ID, eller SSI, blir meir og meir relevant, og snart kjem EU med det som ein standard som alle medlemslanda må ha (ESSIF). Kva blir Digdir si rolle i dette økosystemet? Studentane lagde ein PoC (proof of concept) og undersøkte dei forskjellige aktørane og kom med eit forslag til kva Digdir burde gjere.

I 2021 var det 67 søkarar til DigdirCamp, og 8 av desse fekk plass. Søk her!

Kontakt

Jørn Stenehjem

Seksjonssjef, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 91 14 62 79

Hallvard Bjørdalsbakke

Rådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: +47 41 74 99 24