Jobbe på Leikanger
Her ved Sognefjorden, med spektakulær utsikt over fjord og fjell, skjer ein sentral del av utviklingsarbeidet for dei digitale fellesløysingane frå Digdir.
Visste du at...
Leikanger er ein av fleire tettstader i Sogndal kommune?
innbyggarar i kommunen
til nærmaste flyplass
fjelltoppar over 1000 meter i Sogn
Levande lokalsamfunn
Leikanger er ein del av Sogndal – ein kommune i vekst og utvikling. Regionsenteret har store og små arbeidsplassar, eit vitalt næringsliv, flyplass, ein stor høgskule, kulturaktivitetar og eit rikt idrettsmiljø som er lett tilgjengeleg.
Har du smårollingar, kan du finne barnehageplass i alle delar av kommunen - og vi er kjent for å ha skular av høg kvalitet.
Her i Sogn er det kort avstand til storslåtte naturopplevingar og gode tilbod til deg som liker deg på fottur, terrengsykkel eller ski. Langs Sognefjorden har vi eit godt "innlandsklima" som gjerne er prega av sol og varme somrar, noko som gjer regionen ideell for dyrking av frukt og bær.
Er du interessert i å vite meir om korleis det er å bu i Sogn, bli kjent med regionen og få med seg kva som skjer? Ta ein titt på Sogn.no
Sterke fagmiljø
Digdir i Leikanger har sterke fagmiljø på elektronisk identitet, digitalt innsyn, tilsyn, meldingsutveksling og andre fellesløysingar. Det handlar om å skape ein enklare digital kvardag for alle.
Spennet i kompetanse strekker seg frå teknisk utvikling, drift og sikkerheit, til strategi, juss, rettleiing og innovasjon. Når EU skal revolusjonere eID-løysningane for sine borgarar, ser dei til offentleg sektor i Noreg og lyttar til råd frå Digdir.
Sommarleir i Sogn
Kvart år inviterer Digdir IT-studentar til DigdirCamp på Leikanger. Her får dei jobbe med ekte IT-prosjekt saman med erfarne utviklarar i Digdirs fagmiljø. Campen gir studentane verdifull erfaring, samtidig som Digdir får nye perspektiv, fagleg påfyll og kontakt med framtidige medarbeidarar.
Interessa for DigdirCamp har aldri vore større, og i år har heile 143 studentar søkt på DigdirCamp på Leikanger.
Nye kontorlokale
Digdir på Leikanger er i vekst, og den 2. februar 2026 flytta vi inn i nye og moderne lokale i Askedalen. Lokala har gode møtefasilitetar, flott kantine og treningsrom. Det er gode parkeringsforhold, busstilbod og gangavstand til fleire butikkar.
Vil du bli ein del av fagmiljøet vårt på Leikanger og bidra til å forme framtidas digitale Norge? Ta ein titt på våre ledige stillingar. Kanskje finn du noko som passar akkurat deg.