Digitaliseringsbloggen Eit krafttak for eit sterkare digitalt Europa

28. feb 2022
2 minutt å lese

Digital Europe-programmet er eit krafttak for å bygge opp eit sterkare digitalt Europa. Det inneber blant anna å bygge kapasitetar som vil gi Europa moglegheit til å konkurrere med Kina og USA, og styrke det digitale samarbeidet på tvers av dei europeiske landa.

Superdatamaskinen LUMI
Tungrekning er eitt av områda i EU-programmet Digital Europe. Ei rekkje EU-land og Noreg er med i eit konsortium som står bak Cray-maskinen Lumi i Finland, ei superdatamaskin med ei kraft tilsvarande 1,5 millionar moderne laptopar.
Foto: CSC

I slutten av januar meldte 400 deltakarar seg på eit webinar om Digital Europe som Digdir, Forskningsrådet og Innovasjon Noreg arrangerte. Webinaret ga ei innføring i det europeiske investerings- og samarbeidsprogrammet innan digitalisering som har ei ramme på over sju milliardar euro.

Det er Digdir, Innovasjon Norge og Forskingsrådet som koordinerer norsk deltaking i Digital Europe. Gjennom EØS bidreg Noreg med 1,9 milliardar kroner, og vi har dei same moglegheitene for å delta i denne storstilte satsinga som dei andre EU-medlemslanda fram mot 2027.

Digital Europe er eit eksempel på at vi gjennom satsingar og initiativ på tvers av grensene kan oppnå meir – saman. Nettopp dette var overskrifta på vårt webinar.

EU i førarsetet

Vi har sett før at EU tek grep på vegne av eigne borgarar og samfunnsliv. Eksempel på dette er gjennomslaget for personvern gjennom GDPR, og planane om ei eiga elektronisk lommebok. Digital Europe handlar om å ta enda eit skritt mot sterkare suverenitet — kort sagt eit felleseuropeisk løft for å ta betre kontroll på digitaliseringa.

Digital Europe er eit eksempel på at vi gjennom satsingar og initiativ på tvers av grensene kan oppnå meir – saman.

Gjennom programmet kan norske verksemder og forskingsmiljø få tilgang til samarbeidspartnarar, ressursar og tenester innanfor satsingsområda kunstig intelligens, tungrekning, cybersikkerheit og avansert digital kompetanse. I tillegg vil det vere viktig for utrulling av digitale løysingar.

Langt framme

Vår styrke er at Noreg ligg langt framme i digitaliseringsarbeidet, både i offentleg forvalting og i privat sektor. Parallelt samarbeider vi allereie tett med EU. Noreg harmoniserer også i stor grad den nasjonale ikt-politikken med EU sin ikt-politikk.

Enkelt sagt meiner eg dei usynlege grensene, mellom land, sektorar eller kommunar, må vike for digitalisering som kan gjere kvardagen enklare for folk, forvalting, bedrifter og organisasjonar.

Digitaliseringsarbeidet vi så langt har gjort i Noreg viser at vi kan bidra – at det er mogleg å samarbeide og utvikle og løyse oppgåver på tvers. Utvikling, utbreiing og bruk av dei nasjonale fellesløysingane og deling av data er konkrete eksempel på dette.

Kva no?

No er det i stor grad opp til oss. Norske verksemder kan no søke støtte til å utvikle løysingar som også kan tas i bruk av andre europeiske land, og til å bruke løysingar som blir utvikla av andre.

Gjennom Digital Europe vil det bli mogleg å hente kapital til prosjekt som ingen verksemder eller land har motivasjon eller høve til å investere i åleine. Det kan eksempelvis være prosjekt som kan gjere Europa «grønare» og meir digitalisert. Det er her tungrekning, kunstig intelligens og dei andre satsingsområde som er nemnt over, kjem inn.

På Digdirs nettsider har vi lagt ut meir nyttig informasjon om programmet. Der er det også mogleg å finne relevante utlysningar knytta til dei enkelte satsingsområda, eller sjå utlysingane per bransje. Utlysingane for 2022 kjem i tre rundar etter ein nærmare tidsplan.

(Denne teksten vart første gong publisert i Computerworld 24. februar 2022)

Steffen Sutorius portrett
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Steffen Sutorius

Sutorius er direktør i Digitaliseringsdirektoratet og tidligere direktør i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) siden 2016. Han har bakgrunn fra konsulentselskapet Metier og fra Statens pensjonskasse der han gjennomførte av et av de største smidige it- og endringsprosjektene i offentlig sektor, Perform. Sutorius er siviløkonom fra Norges handelshøyskole.

Forfattar

Steffen Sutorius portrett
Steffen Sutorius
Direktør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommentarar (1)

E
Erik Storelv
22. mars 2022

Hei, mitt inntrykk er at vi i Norge ikke har kommet så langt på vesentlige deler av det EU etterspør her. En viktig retning for EU er anvendelse av blokkjedeteknologi i smarte forretningsmodeller, løsninger som illustrerer utvikling med Web 3.0 med en desentralisert arkitektur og anvendelser av en desentralisert digital ID infrastruktuer, slik som vårt selskap anvender. Norge er ranket lavt på innovasjon i forhold til andre nordiske land, og en del av dette er knyttet til de forhold som er nevnt over. Vi ønsker selvfølgelig å bidra til å rette på det.

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.