Hopp til hovudinnhald
Emner:
  • Datadeling
  • Informasjonsforvaltning
Tid:
Onsdag 14. januar kl. 09:00 – 10:00, 2026
Stad:
Digitalt møte

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er ein fast møteplass for dei med interesse for problemstillingar knytt til arbeid med informasjonsforvaltning. Dette er digitale møte der vi legg opp til at deltakarane kan stille spørsmål og dele historiar og erfaringar. Møta er opne for alle.

I det neste møtet har vi følgjande tema:

09:00 – 10:00 «Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2025: Endring må drivast fram»

Joakim Lystad, leiar av Digitaliseringsrådet, startar det nye året med å fortelja om Digitaliseringsrådets nyaste erfaringsrapport «Endring må drivast fram». Samfunnet står overfor store utfordringar – og store moglegheiter. Perspektivmeldinga varslar om mangel på arbeidskraft, behovet for meir pengar til forsvar og kanskje mindre til andre formål. Dette påverkar kommunesektoren og det pregar fleire toppleiarar Digitaliseringsrådet er i dialog med. I erfaringsrapporten for 2025 såg me på korleis betre nyttestyring kan bidra til å driva fram nødvendig endring i offentleg sektor, og korleis departementa, verksemdsleiarar og kommunal sektor kan bidra til å driva fram den nødvendige endringa.

Vi gjer merksame på at det blir gjort videopptak av møta. Deltakarane kjem med på opptaket berre når ein sjølv aktiverer eigen mikrofon eller kamera.

Skriv gjerne i Datalandsbyen om de har spørsmål til innleiarar eller forslag til tema for Fagleg arena, så tek vi med oss innspela vidare: 14.01.2026 Fagleg arena for datadeling og informasjonsforvaltning | Datalandsbyen

Vel møtt!

Kontakt

Terje Bertelsen

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99 41 40 09