Hopp til hovudinnhald

For leverandørar til Stimulab

Stimulab-midlane skal gå til å kjøpe kompetanse i marknaden. For dykk som er eller ønskjer å bli leverandørar på Stimulab-prosjekt – les meir om tips, informasjon og tidlegare stilte spørsmål her.

    Bilde av tre legomennesker

    Tips til leverandørar

    Les kompetansekrava nøye

    Tenestedesign er hovudkompetansen vi ser etter i Stimulab-oppdrag. Med tenestedesign meiner vi utdanning i og/eller mykje erfaring frå arbeid som tenestedesignar. Korte kurs i design thinking blir ikkje rekna som utdanning. I tillegg til tenestedesign ber vi også om tilleggskompetanse. Få fram at de har denne kompetansen når de skriv CV-ar eller fyller ut matrisa.

    2. Bruk moglegheita til å leggje ved 10 CV-ar

    De kan oppgje opptil 10 konsulentar i prekvalifiseringa. Utnytt denne moglegheita. Dersom de blir inviterte til å levere tilbod, skal de setje saman eit team. Som regel er det færre enn 10 personar, men då har de dei 10 konsulentane å velje blant.

    3. Vis til erfaring med kompleksitet

    Det som kjenneteiknar dei fleste Stimulab-prosjekta, er at dei er ekstra komplekse og flokete, gjerne med fleire deleigarar. Vår erfaring er at avgrensa prosjekt med éin eigar normalt kan løysast med klassisk tenestedesign. Når prosjekta aukar i kompleksitet og har fleire deleigarar, krev dette meir samansett kompetanse. ​Det at vi har valt å satse på meir komplekse prosjekt, utfordrar dykk som leverandørar.

    4. Gå gjerne fleire saman

    Dekkjer de ikkje kompetansekrava på eiga hand? Vi ber om kompetanse på fleire område, og det er ikkje sikkert at selskapet dykkar har den samla kompetansen. Det kan vere lurt å inngå samarbeid med andre for samla å kunne tilby kompetansen prosjekta ber om. Argumenter godt for kvifor de har inngått samarbeid, og korleis tverrfaglegheita har relevans for prosjektet.

    5. Unngå generelle skildringar av tenestedesign som metode

    Stimulab-prosjekt skal følgje metoden skildra i den triple diamanten. Leverandøren har fridom til å knyte fasane i diamanten til sin eigen metodikk, men i tilboda er det ikkje nødvendig å inkludere generell tekst om tenestedesign og verktøy. Vi er meir opptekne av at de får fram forståinga dykkar av oppdraget og problemet som skal løysast, og kva de føreslår som tilnærming til oppdraget. Vis at de forstår konteksten, og korleis de vil gripe an nettopp dette oppdraget (tenk skreddarsaum, ikkje generelle metodeskildringar)! Leverandøren si forståing for og tilnærming til oppdraget er tildelingskriterium 1, som tilboda blir vekta ut frå.

    Prosjekta blir utlyste på Doffin

    Oppdraga i samband med Stimulab-ordninga blir utlyste på Doffin gjennom ein open anbodskonkurranse, der prosedyren som blir brukt, er konkurranse med forhandlingar.

    Sjølve anskaffingsprosessen – tidlegare stilte spørsmål

    Fase i anskaffingaSpørsmålSvar
    Fase 1 – prekvalifiseringEr det noka avgrensing på kor mykje vi kan fylle inn under «Skildring av oppdrag og gjennomføring» under referanseprosjekt?Vi har ikkje sett noka avgrensing på lengd her. Dersom det skal leggjast med bilete/illustrasjonar utanfor tabellen, må det liggje ei tilvising i tabellen.
    Fase 1 – prekvalifiseringKorleis stiller de dykk til engelskspråklege konsulentar?I utgangspunktet kan det vere med engelsk-språklege fagpersonar i teamet. Dette vil likevel avhenge av kva rolle den engelskspråklege personen skal ha.
    Fase 2 – oppdragMå vi levere inn CV-ane de fekk under prekvalifiseringa på nytt?Nei. De treng ikkje sende inn CV-ane på nytt når de skal levere tilbod.
    Fase 2 – oppdragSkal det fyllast ut databehandlaravtale i samband med tilbodet, eller vil det fyllast ut når det blir meir aktuelt i seinare fasar?Databehandlaravtale skal fyllast ut etter kontraktsinngåing.
    Fase 2 – oppdragKan oppdragsgjevar seie noko om forventa tal på ressursar i tilbydd kjerneteam?Det er maks 10 konsulentar som kan tilbydast i kvar konkurranse.

    Kontakt

    Sigrid Grønland Hoel

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 94833202

    Eirin Konstad Nilsen

    Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
    Telefon: 97767794