Hopp til hovudinnhald

Skate – eit toppleiarforum

Skate er eit toppleiarforum leia av Digitaliseringsdirektoratet. Skate er understøtta av eit arbeidsutval.

Skate er eit akronym for Styring og Koordinering Av Tenester i E-forvaltning.

Sjå filmen Dette er Skate (7 min.)

Filmen forklarer kva toppleiarorganet Skate er, og korleis Skate er satt saman og organisert. Du får også høyre om kva vei offentleg sektor må gå for å skape éin digital offentleg sektor. Skate skal medverke til at dette kan skje.

Organisering

Skate består av direktørane i elleve statlege verksemder og tre toppleiarrepresentantar frå kommunesektoren. Medlemmane i Skate er oppnemnde av Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) i samråd med KS for kommunerepresentantane. Siste oppnemning skjedde 1.1.2021 og gjeld for tre år.

Skate er leia av direktøren i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Skate skal i utgangspunktet ha fire møte i året, til vanleg eitt i kvart kvartal. I tillegg kan det gjennomførast ekstraordinære møter og fagdagar.

I Skate sitt mandat står det at Skate skal møte digitaliseringsministeren to gonger i året. Etter regjeringsskiftet 14. oktober 2021 vil dette seie kommunal- og distriktsministeren. Møta vert nytta til at Skate formidlar innspel til utvikling av politikk på digitaliseringsområdet.

To gonger årleg set Skate opp ein hovudplan over kva saker som skal handsamast neste halvår. Digdir sin direktør set opp endeleg agenda for møta.

Skate-verksemdene

Direktørane i desse verksemdene deltek i Skate:

  • Digitaliseringsdirektoratet
  • Brønnøysundregistrene
  • Direktoratet for byggkvalitet
  • Direktoratet for e-helse
  • Halden kommune
  • Kartverket
  • KS
  • Miljødirektoratet
  • Nav
  • Oslo kommune
  • Politidirektoratet
  • Sikt - Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
  • Skattedirektoratet
  • Statistisk sentralbyrå

Skate sitt arbeidsutval (AU)

Skate blir understøtta av eit arbeidsutval med representantar frå Skate-verksemdene.

Skatesekretariatet

Digitaliseringsdirektoratet har ansvaret for Skatesekretariatet, som er kontaktpunktet inn mot Skate.

Kontakt

Skatesekretariatet