Skate sitt arbeidsutval (AU)

Skate blir understøtta av eit arbeidsutval med representantar frå Skate-verksemdene. AU blir leia av Digitaliseringsdirektoratet sin leiar av Skatesekretariatet.

Oppgåver

  1. AU skal bidra til at strategisk viktige saker kjem på Skate sin agenda
  2. AU skal vere eit saksførebuande organ for Skate
  3. AU skal understøtte Skate si porteføljeoppfølging
  4. AU skal sikre løysing på Skate sitt behov for utgreingar og fråsegner
  5. AU skal halde seg orientert om saker og tema som kan bli relevante for Skate

Møtereferat og sakspapir

AU har normalt eit møte kvar månad med unntak frå juli. Referat frå AU-møta og sakspapir til møta og andre AU-saker vert journalført av Digitaliseringsdirektoratet på eigne årlege saker for Skate sitt arbeidsutval. Desse er tilgjengeleg som dokument frå Difi/Digdir på eInnsyn (sjå under).

Merk at "Vis dokument" kun viser hovuddokument. For å sjå alle vedlegga må du klikke på tiitelen til det einskilde dokument.

Kontakt

Skatesekretariatet