Hopp til hovudinnhald

Tillit til offentlege digitale tenester

Norge er eit land med høg tillit. Men har vi òg tillit til offentlege digitale tenester? Vi ser nærare på kva innbyggjarane meiner om myndigheitene si handsaming av internettsikkerheit og personvern, om offentlege innloggingsløysinger, og om i kva grad digitale løysingar ivaretar rettane deira.

Tillit til offentlege digitale løysingar

Undersøkinga IT i praksis stiller kvart år spørsmål til befolkninga om i kva grad dei har tillit til offentlege digitale løysingar. Dei to figurane nedanfor viser svara på spørsmål om i kva grad digitale tenester ivaretar folk sine rettar og om dei ivartar opplysningane på ein trygg måte.

Dette viser figurane:

  • Basert på den første figuren kan vi seie at om lag 50 prosent av respondentane har tillit til at rettane deira blir ivaretatt i offentlege digitale tenester, medan ytterlegare om lag 30 prosent svarar nøytralt. Om lag 15 prosent har lite tillit til at rettane deira blir ivaretatt.
  • Den andre figuren viser at 80 prosent av respondentane har svart nøytralt eller betre på om dei har tillit til at digitale løysingar frå det offentlege ivaretar opplysningane deira på ein trygg måte.
  • Samla sett gir dette inntrykk av at befolkninga har relativt høg grad av tillit til at offentlege digitale løysingar ivaretar rettane deira, og til at opplysningane blir ivaretatt på ein trygg måte.

Kjelde: IT i praksis

Tillit til internettsikkerheit og personvern

Innbyggjarundersøkinga blir gjennomført av DFØ annakvart år, og har med ei rekke spørsmål som handlar om tillit. Figurane under viser svara på spørsmål på om kor gode myndigheitene er til å sikre personvernet, og til å ivareta internettsikkerheita og at opplysningar ikkje misbrukast eller kjem på avveie.

Dette viser figurane:

  • Det er ein liten auke i delen personar som meiner myndigheitene er gode på å ivareta internettsikkerheiten og at opplysningar ikkje blir misbrukt eller kjem på avveie. Medan det i 2021 var 44 prosent som meinte myndigheitene var gode på internettsikkerheit, har det auka til 47 prosent i 2023.
  • Samstundes har delen som meiner myndigheitene er dårlege på internettsikkerheit haldt seg relativt stabil i same periode, frå 33 til 31 prosent.
  • Nokre færre folk er nøgd med måten mydigheitene ivaretar personvernet, da delen som svarar positivt har gått ned frå 63 prosent i 2021 til 57 prosent i 2023. Delen som svarar negativt auka fra 20 prosent i 2021 til 23 prosent i 2023.

Kjelde: Innbyggjarundersøkinga

Tilfredsheit med offentlege digitale tenester

Tillit til offentlege tenester handlar ikkje berre om sikkerheit. I kva grad befolkninga er nøgde med tenestene kan òg vere ein indikasjon på om dei har tiltru til det offentlege tenestetilbodet. Innbyggjarundersøkinga har spørsmål som viser korleis dette ligg an.

Dette viser figuren:

  • Litt under to tredelar av respondentane er nøgde med moglegheita til sjølv å kunne gjere offentlege oppgåver over internett. Delen har holdt seg relativt stabil dei siste åra.
  • Det er ei auke i delen som svarar negativt dei siste åra. Medan det var 11 prosent negative respondentar i 2019, har det auka til 19 prosent i 2023.

Kjelde: Innbyggjarundersøkinga