Open Data Maturity
Open Data Maturity-undersøkinga måler utviklinga i europeiske land innanfor feltet opne data. I 2025-utgåva hamnar Noreg framleis hamnar utanfor kategorien til dei beste landa, og er plassert på ein 15. plass.
Rapporten forsøker å støtte landa for betre å forstå eige utviklingsnivå, fange framgangen over tid, finne nye områder for utvikling og måle dette opp mot andre land. I tillegg gir rapporten eit oversyn over beste praksisar som er implementert i Europa, og som er overførbare til andre nasjonale og lokale samanhengar.
Rapporten måler modninga med grunnlag i fire opne data-mål:
- Politikk og retningslinjer: med fokus på retningslinjer og strategiar i kvart land
- Effekt: aktivitetar for å overvake og måle gjenbruk av opne data
- Portal: vurdering av funksjonar og tenester i portalar som let brukarar finne fram til opne data via den nasjonale portalen og støtter samspel innanfor opne data-samfunnet.
- Kvalitet: med fokus på mekanismar som sikrar kvalitet på (meta)data
Oppdaterte resultat for 2025
Noreg får i 2025 ein poengsum på 91,6, av 100 moglege. Dette er den høgaste poengsummen Noreg har blitt vurdert til i Open Data Maturity. Dette er likevel ikkje godt nok for betre enn 15. plass.
Eit interessant utviklingstrekk dei seinare åra, er at sjølv om Noreg sin poengsum jamnt har gått opp, har Noreg si plassering jamnt gått ned. 89,3 poeng var godt nok til ein 10. plass i 2022. Modninga innan opne data veks med andre meir i andre europeiske land enn i Noreg.
Ser vi nærare på Noreg sine resultat for 2025, finn vi at det særleg er innan dimensjonane Effekt og Portal at vi skår høgt, med høvesvis 96,6 og 91,8 poeng. Begge desse dimensjonane er med på å trekke Noreg sin totalskår opp. Særleg har det vore ei positiv utvikling når det gjeld å følgje opp effektane av opne data-arbeidet. Dette var tidlegare eit av Noreg sin svakaste område.
Dimensjonane Politikk og Kvalitet, på andre sida, trekker Noreg sin samla poengsum ned. Særleg på kvalitetsområdet har det vore ein svak negativ trend.