Hopp til hovudinnhald

OECD sin indeks for Open, Useful and Re-usable data

Legg myndigheitene til rette for attbruk av opne data? Sjå resultata frå OECD sin indeks for opne data her.

Laga: 20. april 2023 Sist endra: 25. februar 2026

OECD sin indeks for opne data, OURdata (Open, Useful and Re-useable data), måler myndigheitene sin innsats for å leggje til rette for attbruk av data. 35 OECD-land blir målt på innsats knytt til promotering av opne data, effektmåling av opne data og opplæring av offentleg tilsette. Undersøkinga viser at Noreg hamnar godt over gjennomsnittet for OECD-landa, men ikkje når heilt opp til dei beste landa.

Noreg hamnar på ein 7. plass totalt sett, med ein poengsum på 0,72 av maksimalt 1. Dette er ein framgong frå 2023, då Norge fekk 0,64 poeng og ein 11. plass. Frankrike og Korea er dei to landa som gjer det klårt best i indeksen, med høvesvis 0,96 og 0,95 poeng. Deretter følgjer Polen, Estland, Spania og Tsjekkia.

Sterk framgang innan tilretteleggjing

Indeksen er delt i tre pillarar:

  • Data availability, som ser på om opne data er publiserte
  • Data accessibiliy, som ser på tilgang til opne data på portalar for opne data, inkludert høgverdidatasett
  • Government support to data re-use, som ser på korleis myndigheitene legg til rette for attbruk av data

Noreg gjer det best innan pillaren som ser på tilgang til data, med en poengsum på 0,88 (ned frå 0,89 i 2023). Størst framgang har Noreg hatt innan pillaren som ser på korleis myndigheitene legg til rette for attbruk. I 2023 fekk Noreg 0,38 poeng, medan vi i 2025 fekk 0,62. Poengmessig er dette likevel den pillaren vi skårar lågast på i indeksen.