Hopp til hovudinnhald

Stadig færre offentlege verksemder seier at dei utviklar samanhengande digitale tenester for brukarane. Dette gjer landets digitaliseringsdirektør bekymra.

Tida er over for silotenking. Samarbeidet på tvers må styrkast, seier direktør Frode Danielsen. Foto: Are Kvistad/Digdir

– Vi må ikkje stoppe opp no! IT-verktøya blir stadig betre, og under pandemien var det mange som tok sjumilssteg i digitalt samarbeid. No bør siloane si tid vere forbi, seier Frode Danielsen, direktør i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir).

Arendalsuka presenterer han rapporten «Rikets digitale tilstand» som viser kor langt norske offentlege verksemder har komme i digitaliseringsinnsatsen. I årets måling melder 25 prosent av offentlege verksemder at dei for tida utviklar digitale og samanhengande tenester for sine brukarar. Det er ein tilbakegang på fem prosentpoeng frå 2021.

– Ved å samordne digitale tenester får vi meir effektive offentlege verksemder. Kostnaden går ned, brukaropplevinga går opp og folk flest opplever at dei får betre og meir relevante tenester frå stat og kommune. Det er ein vinn-vinn-situasjon, seier Danielsen.

Målet med digitaliseringsstrategien til regjeringa og KS er at brukarane skal oppleve offentlege tenester som heilskapelege og samanhengande. Meir gjenbruk av informasjon vil dessutan bidra til mindre dobbeltarbeid i det offentlege.

– Tre av fire nordmenn forventar at dei offentlege tenestene skal henge betre saman enn dei gjer i dag. Da må vi løyse dei problema som hindrar oss i å realisere dette, seier Danielsen.

Skuldar på pengar og regelverk

Finansiering er den største enkelthindringa for at det skapast fleire samanhengande tenester. Seks av ti verksemder peikar på pengar som eit problem. Nesten fire av ti meiner dagens regelverk står i vegen.

– Det er viktig at regelverket ikkje hindrar offentleg samarbeid på tvers og utviklinga av nyttige tenester. Derfor må vi sjå nærmare på kor skoa trykkjer og kva som kan gjerast for å tilpasse lovar og reglar til behova, seier Danielsen.

Samtidig meiner han at det offentlege kan få vesentleg meir ut av dei titals milliardane som staten brukar på digitalisering, men da må samarbeidet på tvers av etatar og nivå styrkast.

- Vi kan for eksempel ikkje både rope etter finansiering for å løyse felles behov, for så å løyse dei same behova kvar for oss når vi ikkje får felles finansiering. Dette skjer i dag, og slik kan det ikkje fortsette. Det er ikkje berekraftig og det er ikkje lagspel, seier Danielsen.

Kontakt

Frode Danielsen

Direktør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 91156063

Linda Meskestad

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 99798028