Hva er Digitaliseringsdirektoratet?

Digitaliseringsdirektoratet skal vere regjeringa sitt fremste verktøy for raskare og meir samordna digitalisering av offentlig sektor. Digitaliseringsdirektoratet skal bidra til ein meir effektiv, brukarorientert og samordna offentleg sektor med auka deltaking, verdiskaping og innovasjon.

Digitaliseringsdirektoratet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet som overordna fagdepartement. Direktoratet vart formelt oppretta 1. januar 2020 gjennom ei samanslåing av Altinn og ein del av fagmiljøet for informasjonsforvaltning i Brønnøysundregistera og avdelingar frå det tidlegare Direktoratet for forvalting og ikt (Difi).  

Dette sa digitaliseringsminister Nikolai Astrup i pressemeldinga om etableringa av Digitaliseringsdirektoratet 14. mars 2019:

Min ambisjon er at Noreg skal være leiande i verda innan digitalisering av offentlege tenester. Målet er at digitalisering skal bidra til betre og meir tilgjengelege offentlege tenester, forenklingar og auka verdiskaping for næringslivet og ein enklare kvardag for folk flest. For å oppnå dette, har regjeringa bestemt at våre spydspissar i digitaliseringsarbeidet – Difi og Altinn – skal samlast i eit nytt digitaliseringsdirektorat.

Hovudoppgåvene våre er å

  • vere nasjonal premissgivar og regjeringa sin rådgivar på digitalisering
  • løyse felles digitaliseringsutfordringar som krev samordna innsats – i samarbeid med Skate, KS og næringslivet
  • ha det overordna nasjonale ansvaret og rolla som premissgivar på informasjonsforvaltning og deling av data
  • sikre god drift, utvikling og auka utbreiing av digitale fellesløysningar
  • legge til rette for meir innovasjon i offentleg og privat sektor, god informasjonssikkerheit og effektiv utvikling av digitale tenester for innbyggarar, kommunar og næringsliv
  • vere den sentrale kjelda til kunnskap om tilstand, utvikling og endringsbehov på digitalisering og innovasjon
  • auke etterleving og føre tilsyn med universell utforming av ikt-løysingar

I Brønnøysund, Leikanger og Oslo

Digitaliseringsdirektoratet har om lag 380 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Digitaliseringsdirektoratet har fem fagavdelingar, to stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt som har ei særskilt uavhengig rolle.